Hopp til innhold

Fleire kan bli kasta ut av Oscar-akademiet

Etter at filmprodusenten Harvey Weinstein blei kasta ut av det amerikanske filmakademiet, kan blant andre Bill Cosby, Roman Polanski og Woody Allen følge etter.

Woody Allen og Harvey Weinstein

Woody Allen åtvara i helga mot å starte ei heksejakt på Hollywood-produsent Harvey Weinstein, etter overgrepsskuldingane mot han. Allen har sjølv blitt skulda for seksuelle overgrep.

Foto: KEVIN WINTER / AFP

Overgrepsskuldingane mot Hollywood-produsenten Harvey Weinstein gjorde at leiinga i det amerikanske filmakademiet, som deler ut Oscar-prisen, laurdag vedtok å ta medlemskapen frå den suksessrike filmprodusenten.

Oscar-vinnar og feminist Jane Fonda sa fredag at skuldingane mot Weinstein er langt frå unike, men føyer seg inn i ein «epidemi» av mektige menn som utnyttar kvinner. No kan avgjerda til akademiet få konsekvensar for fleire av medlemmane.

Polanski

Regissøren Roman Polanski blei arrestert og sikta for valdtekt av ei 13 år gamal jente i 1977. Han gjorde ein avtale, og vedgjekk at han hadde hatt ulovleg seksuell omgang. Deretter flykta han frå USA fordi han ikkje ville i fengsel. I dei 40 åra som har gått, har han budd i land som ikkje har utleveringsavtale med USA.

Roman Polanski feirer gullpalmen han fikk for filmen "pianisten" i 2002.

Roman Polanski har fått fleire prisar for filmane sine. «Pianisten» frå 2002 fekk Gullpalmen i Cannes, i tillegg til Oscar-prisar.

Foto: OLIVIER LABAN-MATTEI / AFP

Polanski har likevel fått fleire prisar for filmane sine. Blant anna Oscar for beste regi for «Pianisten» i 2002 og European Film Award for beste regi for filmen «Skyggen» i 2010. Men medlemskapen i det amerikanske filmakademiet har aldri vore i fare i løpet av desse 40 åra.

Heller ikkje Bill Cosby blei ekskludert då overgrepsskuldingane mot han kom. Ifølge Washington Post har minst 60 kvinner stått fram med skuldingar mot Cosby om valdtekt, seksuelle overgrep og trakassering. I november møter han på nytt i retten for å svare på skuldingar, etter at ein jury ikkje klarte å bli samde i sommar.

Allen-skuldingar

Skuldingane mot Weinstein, gjer også at overgrepsskuldingane mot Woody Allen blir aktualisert igjen. I 2014 publiserte adoptivdottera Dylan Farrow eit ope brev i New York Times der ho skulda Allen for å ha misbrukt henne seksuelt då ho var sju år gamal.

Skuldingane kom fram første gong tidleg på 90-talet, då Allen braut med skodespelaren Mia Farrow for å bli saman med den 35 år yngre Soon-Yi Previn. Ho var adoptivdottera til Farrow frå eit tidlegare forhold.

Woody Allen og 35 år yngre Soon-Yi Previn.

Det blei ei skandale då Woody Allen gjekk frå skodespelaren Mia Farrow for å bli saman med adoptivdottera hennar, Soon-Yi Previn.

Foto: PATRICK BERNARD / AFP

Då var det nettopp Harvey Weinstein som redda karrieren til Woody Allen. Han kom med eit tilbod om at selskapet hans, Miramax Films, kunne produsere filmen «Kuler over Broadway» frå 1994. Sidan laga dei blant anna filmar som «Frodig Afrodite» og «Alle sier I Love You» saman.

I eit intervju med BBC i helga, åtvara Allen mot å starte ei heksejakt på Weinstein.

– Heile Harvey Weinstein-saka er trist for alle dei involverte. Ho er tragisk for dei stakkars kvinnene som er involvert, og trist for Harvey som har rota til livet sitt. Vi får håpe at dette kan føre til noko godt, og ikkje berre blir ei trist og tragisk sak.

Kulturstrøm

  • Britney Spears inngår forlik med faren sin

    Popstjerna har inngått eit forlik med faren sin Jamie Spears, meir enn to år etter at ei rettsavgjerd avslutta verjeordninga som har gitt han kontroll over livet hennar. Det melder CNN.

    Sidan verjeordninga vart avslutta, har Britney Spears og faren vore i retten fleire gonger i samanheng med advokathonorar og skuldingar om upassande oppførsel under verjeordninga. Far hennar har heile tida motsett seg skuldingane.

    Vilkåra for forliket er ikkje offentleggjort, men advokatane til Spears stadfestar forliket til CNN.

    (FILES) US singer Britney Spears arrives for the premiere of Sony Pictures' "Once Upon a Time... ...
    Foto: AFP
  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.