«Seksuelt misbruk skal straffast! Avskaff forteiingskulturen!» ropte dei to topplause kvinnene som storma scena under Allens jazzkonsert.
Kvinnene høyrer til den feministiske gruppa Femen, som er ei internasjonal rørsle for kvinnelege aktivistar. Dei kjempar mot patriarkatet med nakne bryst som våpen.
Kvinnene tok seg inn på scena under konserten for å rette merksemd mot dei påståtte overgrepa av Woody Allens adoptivdotter Dylan Farrow, skriv mellom andre Die Welt.
Woody Allen har nekta for å ha gjort seg skuldig i seksuelle overgrep mot dottera, og meiner det var eit ledd i striden om barnefordelinga etter brotet med Mia Farrow. Dommaren i barnefordelingssaka konkluderte med at det ikkje fanst bevis for overgrepa, men stempla han samtidig som sjølvoppteken og ufølsam.
Resiterte frå eit ope brev
På Femen si tyske Facebook-side er det publisert ein film frå konserten, der aktivistane begynner å resitere delar av det opne brevet til Woody Allen som Dylan Farrow publiserte i New York Times i 2014.
Filmen syner korleis kvinnene blir førte bort frå scena medan publikum klappar. Woody Allen sit roleg på stolen sin under heile opptrinnet.