Hopp til innhold

Droppar kinogodtet på «Kongens nei»

Kinokioskane har svikt i salet når «Kongens nei» står på plakaten fordi publikum ikkje kjøper godteri.

Kiosken på Ringen Kino

Popkorn og baconcrisp får stå i fred når filmar som trekker eit meir vakse publikum står på kinoplakaten.

Foto: Espen Alnes / NRK

Det er tidleg ettermiddag, og klart for seniorkino på Ringen kino i Oslo. På programmet står kassasuksessen «Kongens nei», som allereie er den mest sette kinofilmen i år. Men for kinokioskane har filmen ikkje vore ein like stor suksess.

– «Kongens nei» trekker mange som til vanleg ikkje går på kino til kinosalane. Dei nyttar ikkje kiosktilbodet så mykje som vi er vande med. Difor sel vi mindre enn vi vanlegvis gjer på ein film som er så godt besøkt, seier sals- og driftsdirektør Espen Lundberg Pedersen i Nordisk Film Kino.

Popkornfilmar

Espen Lundberg Pedersen, salgs- og driftsdirektør Nordisk Film Kino

Sals- og driftsdirektør Espen Lundberg Pedersen i Nordisk Film Kino merkar det er ein klar samanheng mellom kiosksal og kinoprogram.

Foto: Espen Alnes / NRK

Pedersen ser ein klar samanheng mellom kor mykje som blir seld i kioskane og kinoprogrammet. Actionfilmar og barnefilmar er filmar som trekker til seg yngre publikum, og då går også salet av kioskvarer opp. Medan smalare filmar og historiske drama ofte har eit meir vakse publikum som ikkje er like ivrige på kinogodtet.

Det er noko Reidar Karlsen, som var på seniorkino for å sjå «Kongens nei», kjenner seg igjen i:

– Den tida då eg knaska godteri på kino er nok forbi. Men det hender eg kjøper med litt når eg har med meg barnebarna på kino.

Kongens nei

Anders Baasmo Christiansen og Jesper Christensen i «Kongens nei» trekker eit vakse publikum til kinosalane.

Foto: Agnete Brun

– Avhengig av kiosken

Kioskdrifta er svært viktig for kinoen. Salet av popkorn, godteri og drikke er med på å finansiere mykje av det kinoane driv med, seier Pedersen i Nordisk Film Kino:

– Kiosken er heilt avgjerande for drifta vår. Vi er avhengige av eit godt sal i kioskane for å kunne investere i teknologi og utvikling i kinosalane.

Ivar Halstvedt

Administrerande direktør Ivar Halstvedt i SF Kino seier at dei ikkje har merka «Kongens nei» på kiosksalet.

Foto: www.jonasnoren.se / SF Kino

Også den andre store kinokjeda i Norge, SF Kino, ser at det er ein samanheng mellom kinoprogrammet og kiosksalet. Administrerande direktør Ivar Halstvedt seier ein har sett det tydleg norske storfilmar som «Kristin Lavransdatter» og «Max Manus». Men han meiner «Kongens nei» ikkje har hatt like stor effekt i deira kioskar:

– Akkurat no er det ein fin miks i dei filmane som går godt. Vi har mange som vil sjå «Kongens nei», men mange kjem også for å sjå filmar som «The Magnificent Seven». Det gjer at vi ikkje har ein enkelt film som dominerer, og då gir ikkje det så store utslag i kiosksalet heller.

Men uansett om den norske Oscarkandidaten har gjeve nedgang i kiosksalet eller ikkje, så er det grunn til å vente godt sal av brus og popkorn denne veka. Onsdag er det premiere på den neste norske storfilmen, «Børning 2».

– Då ventar vi å selje betydeleg meir drikke og popkorn, som er det målgruppa for den filmen vil ha. Så over tid jamnar det seg ut, seier Espen Lundberg Pedersen i Nordisk Film Kino.

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.