NRK Meny
Normal

«Kongens nei» er årets mest sette film

423 433 har sett «Kongens nei». Filmen hadde premiere for to og ei halv veke sidan og er allereie årets mest sette film.

«Kongens nei»

ÅRETS MEST SETTE: «Kongens nei»

Foto: Agnete Brun

Filmen av Erik Poppe hadde ei eventyrleg opningshelg for to veker sidan med 113.000 besøkande på kino.

Før det hadde 10-12.000 sett filmen då den blei vist på Slottsveggen.

Kan bli tidenes publikumssuksess

Etter kun tre helger på kino har 423 433 sett filmen på kino. Dermed ligg filmen an til å bli ein av dei største publikumssuksessane i nyare tid.

– Dette er utruleg gledeleg. Eg har fått høyre om fleire forestillingar der folk har klappa etterpå, så eg opplever at publikum elskar filmen. Det lover godt for fortsettelsen, sier produsent Stein B. Kvae i ei pressemelding.

Samanlikna med andre storfilmar dei 10 siste åra, er «Kongens Nei» på ein førebels sjuandeplass. Mest sett er «Max Manus»