Hopp til innhold

Budde på reaksjonar på «Kongens Nei»

Manusforfattarane av filmen «Kongens Nei» er klare til å ta diskusjonen om vala dei har teke i portretteringa av kong Haakon og kronprins Olav.

Storfilmen har premiere 23. september.

I «Kongens Nei» følger vi den norske kongefamilien på flukt i tre dramatiske døgn i april 1940. Det startar med den tyske invasjonen, og endar opp med kong Haakon som nektar å kapitulere for tyskarane.

For manusforfattarane Harald Rosenløw Eeg og Jan Trygve Røyneland har det vore viktig at historia er så tett opp mot sanninga som mogleg, samtidig som dette er ein fiksjonsfilm.

Budde på reaksjonar

Jesper Christensen som kong Haakon VII

Danske Jesper Christensen spelar kong Haakon.

Foto: Agnete Brun

– Vi har prøvd å gi eit bilde av tre dagar i april 1940 gjennom auga til kong Haakon, det tyske sendebodet Cürt Brauer, oberst Birger Eriksen og soldaten Fredrik Seeberg, seier Røyneland.

Dei siste åra har det vore diskusjonar rundt fakta og funksjon når historiske hendingar blir film. Også i samband med «Kongens Nei» er manusforfattarane budde på at det kan kome reaksjonar:

– Vi er spente på korleis filmen blir motteken. Vi diskuterer gjerne vala vi har gjort, men dette er vår tolking av det som skjedde, seier Røyneland.

Han seier at dei følger dei historiske hendingane så langt det går, men at dei har vore friare i tolkingane når det kjem til det som skjer bak lukka dører. Der veit ingen kva som eigentleg skjedde.

Reagerer på rolla til kronprinsen

Anders Baasmo Christiansen som kronprins Olav

Leiaren ved Heimefrontmuseet reagerer på rolla kronprins Olav, spelt av Anders Baasmo Christiansen, har fått i filmen

Foto: Agnete Brun

Ein av dei som har sett filmen, er fungerande sjef ved Heimefrontmuseet, Ivar Kraglund. Han synest filmen er god, men reagerer særleg på rolla kronprins Olav blir tildelt:

– Kronprins Olav står fram som ganske aktivistisk i forhold til kongen. I tillegg står haldningane hans til det konstitusjonelle i sterk kontrast til kongen.

Kraglund har ingen problem med at filmen tek visse kunstnariske grep sidan det dreier seg om ein fiksjonsfilm. Men då må dei som har laga filmen også kunne forklare kvifor dei har gjort som dei har gjort.

Grundig research

Manusforfattarane understreker at ingen veit kva som blei sagt då kongen og kronprinsen snakka på tomannshand. Men dei haldningane Olav har i filmen, er haldningar han ifølge researchen faktisk hadde:

– Vi har vore opptekne av at det personane seier bak lukka dører faktisk kunne ha blitt sagt av desse personane. Vi veit for eksempel at Olav må ha hatt eit ønske om å kjempe. 22. april i 1940 blei det vedteke at han ikkje skullle gå i hæren, men reise med faren til England, seier Harald Rosenløw Eeg.

Manusforfattarane har brukt mykje tid på å finne ut kven dei kongelege var. Dei har blant anna hatt fleire møter med prinsesse Astrid som har fortalt korleis ho hugsar både personar og hendingar. I tillegg har dei lese og snakka med personar som har kjent og forska på personane som blir portrettert i filmen.

«Kongens nei»

Filmen «Kongens Nei» handlar om flukta til kongefamilien etter den tyske invasjonen i 1940.

Foto: Agnete Brun

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.