Hopp til innhold

DN: Tidal manipulerte lyttartala til Beyoncé med falske avspelingar

Lyttartala til Kanye West og Beyoncé på Tidal er manipulert med fleire hundre millionar falske avspelingar, ifølge Dagens Næringsliv. Det skal ha ført til at artistane har fått pengar som skulle ha gått til andre artistar.

Beyoncé

Beyoncé er ein av dei største kvinnelege artistane i verda akkurat no. Men ifølge Dagens Næringsliv skal strøymetala hennar på Tidal vere manipulert med falske avspelingar, og Beyoncé skal ha fått pengar ho ikkje har rett på.

Foto: Kevin Winter / AFP

For tre år betalte hiphop-stjerna og forretningsmannen Jay Z nesten ein halv milliard kroner for den norsk utvikla strøymetenesta Tidal, som tidlegare heitte WiMP. Han fekk med seg store stjerner som kona Beyoncé og Kanye West på eigarsida.

Då Beyoncé og West i 2016 sleppte album eksklusivt på Tidal, førte det til strøymerekordar. Men no viser tal Dagens Næringsliv har henta inn, at lyttartala kan vere manipulert med fleire hundre millionar avspelingar.

Ifølge tal frå Tidal blei songar frå Kanye West-plata «The Life of Pablo» spelt 250 millionar gongar i løpet av ti dagar i 2016. Medan albumet «Lemonade» som Beyoncé lanserte same vår, blei lytta til 306 millionar gongar i løpet av 15 dagar, skriv DN.

Kjendistung lansering

Då Tidal blei relansert i New York i mars 2015, var det med store stjerner som Rihanna, Madonna og Kanye West på lanseringsfesten. Jay Z lova også at Tidal skulle vere ein strøymeteneste der eigarane ikkje stakk av med heile gevinsten.

– Vi skal sørge for ei meir rettferdig fordeling av pengane, sa han ifølge Fader få dagar etter lanseringa.

US-TIDAL-LAUNCH-EVENT-NYC-#TIDALFORALL Tidal Launch Event NYC #TIDALforALL

Kjendisane stod i kø då Tidal blei lansert i New York i 2015. Frå venstre: Usher, Rihanna, Nicki Minaj, Madonna, Deadmau5, Kanye West, JAY Z, og J. Cole

Foto: Jamie McCarthy / Afp

Men selskapet tapte pengar, rekningane hopa seg opp. Og det blei gjort – Jay Z meinte han hadde betalt for mykje for selskapet. I fjor avslørte Dagens Næringsliv også at Tidal hadde blåst opp abonnementstala sine.

Då Beyoncé overraskande gav ut «Lemonade», blei det ei økonomisk redning for Tidal. Plata gjekk til topps på den amerikanske albumlista og fekk åtte prisar under MTV Video Music Awards.

Manipulerte tal

Ifølge Dagens Næringsliv skal Tidal ha brukt ekte kontoar til å manipulere strøymetala ved å føre inn ekstra avspelingar på kontoane. Dei har fått tilgang til store mengder med data som viser at musikken til Beyoncé og Kanye West kan ha blitt ført opp over 320 millionar gongar ekstra.

US-KANYE-WEST-YEEZY-SEASON-3---RUNWAY

Kanye West kunne juble for strøymerekordar for albumet han gav ut i 2015. «The Life of Pablo» var først eksklusiv for Tidal, men kom etter kvart på dei andre strøymetenestene.

Foto: Dimitrios Kambouris / Afp

Kravde stans

Tidal avviser at dei har manipulert og ført opp falske avspelingar for å blåse opp lyttartala. Lior Tibon i selskapet Project Panther ltd., som no står som eigar av Tidal, seier til DN at ein ikkje kan feste lit til dokumenta dei har fått tilgang på.

– Vi trur dokumenta du refererer til, kjem frå forsmådde tilsette. Desse dokumenta er fulle av feil, dei er svindel.

Les: Full krangel mellom Jay Z og Kanye West

Tidal har kravd at dokumentaren DN publiserte onsdag skal stoppast, og at han er full av feil. Dei meiner også at avisa har drive forfølging, trakassering og vist fram «falske og/eller fabrikkerte dokument» om forretningsdrifta til Tidal.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters