Hopp til innhold

Full krangel mellom Jay Z og Kanye West

Kanye West bryt samarbeidet med Tidal, da han meiner at dei skuldar han pengar. Dei to verdskjende artistane kranglar om fleire millionar dollar.

Kanye West and Jay-Z accept the award for best group at the 2012 BET Awards in Los Angeles

SAMARBEIDET HAR BLITT KJØLIG: Kanye West og Jay Z har samarbeidd lenge, men nå kranglar dei om pengar. Dette bildet er frå BET Awards i Los Angeles i 2012.

Foto: Phil Mccarten / Reuters

Kjelder i Tidal fortel til TMZ at Kanye West har vore misnøgd med selskapet i lengre tid. Han meiner at dei skuldar han over tre millionar dollar – om lag 25 millionar kroner.

Tidal er ein musikkstraumeteneste som er eigd av Jay Z. Fleire kjende artistar har investert i Tidal, mellom andre Rihanna, Madonna og Kanye West.

Fekk ikkje bonus

Kanye hospitalized after scrapping US tour

KANYE WEST: Bryt med Tidal.

Foto: Justin Tallis / AFP

Det skal vera fleire grunnar til krangelen mellom dei to artistane. Kanye West skal vera irritert fordi det siste albumet hans, «The Life of Pablo» gav Tidal 1,5 millionar nye abonnentar utan at han fekk nokon bonus for det.

Ifølgje TMZ hevdar West at Tidal har brote ei avtale om betaling for musikkvideoane hans. Tidal på si side meiner at West ikkje leverte videoane slik det var avtala i kontrakten.

Kanye West skal òg vera sint fordi Jay Z har baktala han i tekstane på det siste albumet sitt «4:44», utan at han har fått veta noko om det på førehand.

Truar med søksmål

Jay Z

JAY Z: Eig Tidal.

Foto: Matt Rourke / AP

Nå truar Tidal med å saksøke Kanye West. Dei har framleis ein gyldig kontrakt med artisten, og vil ikkje godta at han vender seg til ein annan straumeteneste.

West seier at dersom Tidal saksøker han, vil han saksøke dei attende.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.