Hopp til innhold

Dette er dei seks nominerte til P2-lyttaranes romanpris 2020

I år spenner nominasjonane frå ein roman om rusmisbruk på vestkanten til eit intenst familiedrama rundt ein tragisk einstøing.

Nominerte bøker til P2-lytternes romanpris 2020

FRÅ FAGJURYEN: Ein av desse seks romanane vil vinne P2-lyttaranes romanpris for 2020.

Foto: Cappelen Damm, Oktober, Aschehoug, Samlaget

NRK si eiga litteraturkåring, «P2-lyttaranes romanpris», er den einaste i Noreg der juryen diskuterer seg fram til ein vinnar for open mikrofon. Jurymedlemmane er valde ut blant vanlege lesarar som har søkt om å delta. Dei skal kåre vinnaren den siste veka i februar 2021.

Her er dei seks nominerte romanane frå 2020 som er valt ut av fagjuryen til NRK:

«Jerv» av Ida Fjeldbraaten

Bokomslag "Jerv" og Ida Fjeldbraaten
Foto: Anna-Julia Granberg/Blunderbuss / Cappelen Damm

Forfattar Ida Fjeldbraaten er oppteken av det dyriske i mennesket og mennesket i dyret i romanen «Jerv». Romanen utforskar dyreparken som overskotsfenomen. Kva skjer på ein slik stad når samfunnet utanfor bryt saman?

Høyr: Det dyriske i mennesket: Intervju med Ida Fjeldbraaten - NRK Bok - NRK Radio

«Heroin chic» av Maria Kjos Fonn

Maria Kjoss Fonn og bokomslag "Heroin chic"
Foto: Oda Berby / Aschehoug forlag

Ei vond historie om jenta som hadde alt, men veksla det inn med heroin. Dei fleste vil vite at heroin er sterke saker som pregar kropp og sinn, når det likevel er interessant å lese om korleis Elises liv som narkoman artar seg, handlar det om måten ho skildrar korleis det artar seg på.

Les anmeldelsen: «Heroin chic» er best når han går tett på

«Oppskrittingen av et indre landskap» av Terje Holtet Larsen

Bokomslag "Oppskrittingen av et indre landskap" og Terje Holtet Larsen
Foto: BAARD HENRIKSEN / Oktober forlag

Ein namnlaus forfattar vandrar gatelangs i Oslo etter innfallsmetoden i romanen «Oppskrittingen av et indre landskap». Han strandar på ein bingokafe, der han kjøper eit særs mislykka karbonadesmørbrød. Terje Holtet Larsen har igjen dokumentert at det ikkje trengst mykje ytre handling for å nagle fast ein lesar.

Les anmeldelsen: «Intens flukt frå den sosialdemokratiserte snusfornufta»

«Yt etter evne, få etter behov» av Olaug Nilssen

Bokomslag «Yt etter evne, få etter behov» og forfatter Olaug Nilssen.
Foto: Samlaget/Bent R. Synnevåg

Dette er romanen om Benjamin, ein autistisk gut som skal få plass på institusjon, men som ikkje får det. Han blir det språklause midtpunktet i ein storfamilie som må takle kvardagen som best dei kan. Ein knallsterk roman om kva som skjer når behovet sprengjer alle rammer.

Les anmeldelsen: Sylskarpt familieportrett

«Tollak til Ingeborg » av Tore Renberg

Tore Renberg gir høsten 2020 ut romanen "Tollak til Ingeborg".
Foto: Marie von Krogh/Cappelen Damm

Tollak er eit stort, innestengt nei til urbanisering, digitalisering, pragmatiske justeringar, media, kafebesøk, uforpliktande smalltalk og oppløysing av familieband. Blant anna. Det einaste som kan rokke han, er kjærleiken. «Tollak til Ingeborg» er ei verdig feiring av Tore Renberg sine 25 år som forfattar.

Les anmeldelsen: «Formidabelt mannsportrett»

«Det uferdige huset» av Lars Amund Vaage

Lars Amund Vaage gir ut boka "Det uferdige huset" hausten 2020.
Foto: Forlaget Oktober/Hans Jørgen Brun

Lars Amund Vaage plantar Gabriel Hauge ned i ei heilt spesifikk tid og i eit tidstypisk åndsklima. Gabriel er bondeson og forfattar med fødselsdato ein gong på slutten av 1800-talet. Kasta inn i ei tid då bondesøner ikkje nødvendigvis blei på garden all sin dag. Dette er klok og vakker prosa, skapt for sakte lesing.

Les anmeldelsen: «Historisk, tidsaktuell og gripande roman»

Kulturstrøm

  • – Bare så vidt han er en artist

    Flo Rida (46) er for mange unge studenter selve lyden av barndommen deres, og torsdag kveld opptrådte han i Norge.

    Han byr på nostalgi – ikke ulikt nylig norgesaktuelle Pitbull, en annen 2010-tallshelt innen partymusikk fra Florida.

    Og nostalgi selger tydeligvis: Amerikanerens konsert på studentfestivalen Uka – Norges største kulturfestival – ble fullstendig utsolgt.

    Men var det kveldens forestilling verdt de 800 kronene som hver student punget ut med? Overhode ikke, mener NRK P3s anmelder Even Samir Kaushik.

    Flo Rida på UKA 2025 i Dødens dal, Trondheim
    Terningkast 2 Konsert

    «Minimal innsats og gigantisk gevinst»

    ANMELDELSE: Flo Rida på Uka

  • Tidligere Kiss-gitarist er død

    Familien bekrefter til Variety at Ace Frehley er død, 74 år gammel. Litt tidligere meldte TMZ at han lå i respirator etter hjerneblødning.

    Frehley fikk en hjerneblødning etter at han falt i studio for et par uker siden.

    Frehley var med å starte Kiss i 1973, sammen med Gene Simmons, Paul Stanley og Peter Criss, Bandet som er kjent for pyro, ansiktssminke og kostymer.

    Kiss fikk ordentlig suksess da de ga ut konsertalbumet Alive! i 1975. Ace Frehley forlot bandet i 1982, men ble gjenforent med bandet i en periode på midten av 90-tallet.

    Han har holdt flere solokonserter i Norge, blant annet på Rockefeller i Oslo i 2015.

    En gruppe mennesker med masker som spiller instrumenter på en scene
    Foto: PAUL WARNER / AP / NTB
  • – Meir nedtona, meir angst

    Kor roleg, tilslørt og plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre nedstemt og trist?

    På «How Did I Wind Up Here?» tøyar Spellemannprisen-vinnande Jouska (30) grensene for kor mykje skjør angst sjangeren toler, og lagar eit nydeleg album i prosessen, skriv NRK P3s kritikar Sofie Martesdatter Granberg.

    Albumet blir gitt ut 17. oktober.

    en person som sitter på gulvet ved siden av en gitar
    Terningkast 5 Musikk

    «Kor plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre trist?»

    ANMELDELSE: «How Did I Wind Up Here?» av Jouska