Hopp til innhold
Anmeldelse

Sylskarpt familieportrett

«Yt etter evne, få etter behov» er ein knallsterk roman om kva som skjer når behovet sprengjer alle rammer.

Bokomslag «Yt etter evne, få etter behov» og forfatter Olaug Nilssen.

VITTIG OG VIKTIG: Olaug Nilssen let familiemedlemmene til ein taus, autistisk gut kome til orde eter tur. Resultatet er både skarpt, vittig og tankevekkjande.

Foto: Samlaget/Bent R. Synnevåg
Bok

«Yt etter evne, få etter behov»

Olaug Nilssen

Skjønnlitteratur

2020

Samlaget

Dette er romanen om Benjamin, ein autistisk gut som skal få plass på institusjon, men som ikkje får det. Han blir det språklause midtpunktet i ein storfamilie som må takle kvardagen som best dei kan.

Benjamin får fram ulike sider ved dei nærmaste. Det er ikkje berre vakkert, men fengslande er det. Og – mot alle odds – svært underhaldande.

For eit par år sidan kom Olaug Nilssen med romanen «Tung tids tale», der ho gjekk tett på sin eigen situasjon som mor til eit barn som har mykje felles med Benjamin. Der stod kampen med helsevesenet sentralt, og boka utløyste ein viktig debatt om manglande tiltak for familiar med psykisk utviklingshemma barn.

Årets roman er heilt annleis.

Den irriterande, men nødvendige storesøstera

Her får familiemedlemmene kome til orde etter tur. Her har vi mor, far og tre vaksne døtrer: Rakel, Lea og Linda. Lea har ei fortid som utagerande på alle vis, og når Benjamin kjem til verda, veit ho ikkje kven som er faren. Etter ei tid kollapsar Lea, og i opninga av romanen ligg ho med dyna dekt av søtsaker og funderer på om ho framleis er sjuk eller om ho berre ligg til sengs av gammal vane.

I alle fall er det storesøstera Rakel som må gjere alt for henne og for Benjamin. Der Lea let alt skure, er Rakel eit pliktmenneske: «Alt ho toler, eg blir forbanna» tenkjer Lea, men det seier ho ikkje høgt. Utan Rakel er Lea fortapt.

Linda er attpåklatten som i alle situasjonar meiner ho ikkje får sin del, og slik har det alltid vore. Så går livet sin skeive gang, heilt til Rakel ein vakker dag ikkje er heime når bilen som skal levere tilbake Benjamin frå «Avlastingssenter for psykisk utviklingshemma barn» stoppar utanfor døra hennar. Det utenkjelege har skjedd: Rakel, sjølve garantisten for at alt fungerer, er borte.

Smart og tankevekkjande

Genistreken i «Yt etter evne, få etter behov» er ikkje portrettet av Benjamin, men av alle rundt han.

Olaug Nilssen, som i dei tidlegaste bøkene sine eksponerte stort talent for humor av det salte slaget, viser her gamle takter:

Her har du legen Linda som stadig minner Rakel på at ho må ta vare på seg sjølv, men som ikkje kan forklare korleis. Her har du foreldra som alltid finn unnskyldningar for ikkje å stille opp, og ikkje minst har du Lea, som er ein virtuos når det gjeld å bortforklare livet sitt som snyltar. Og så har du Rakel, som ser det ho ser, men som held stilt om det. For det meste.

Ingen av dei er fullt utbygde personar, dei får vist fram rolla si i familien, og særleg det som har med Benjamin å gjere. Det er nok.

At eit par personar frå periferien får vise fram overraskande sider er direkte tankevekkjande.

Viktig og vittig

Men det er ein ting eg saknar her: Vår familie var i utgangspunktet sterkt religiøs, men trua har glidd over for dei fleste. Dei snippar innom dette rett som det er, utan å gå djupare inn på verken trua eller fråfallet. Det er også uklårt kva religionen har med hovudtematikken å gjere. I ein elles sylskarp roman dreg denne utydelege omgangen med trua ned.

Denne innvendinga veg likevel ikkje tyngre enn at konklusjonen står fast:

Dette er ein viktig og vittig roman.

Ein kan heller ikkje sjå bort frå at lesaren vil kjenne att seg sjølv i ein eller fleire av personane. Alle familiar har som kjent sitt.

Forfatter Olaug Nilssen om et barn som mister språket og som trenger ekstra omsorg. En selvbiografisk bok med mors fortvilte historie. En roman som ble berømmet med Bragepris. 
Et aktuelt og dyptpløyende intervjuprogram. Hver uke inviterer programleder Ole Torp en aktuell gjest til å sitte i stolen.

SJÅ: Olaug Nilssen om romanen «Tung tids tale» i «Torp» i 2017.

Anbefalt vidare lesing:

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)