Hopp til innhold
Anmeldelse

Historisk, tidsaktuell og gripande roman

I «Det uferdige huset» av Lars Amund Vaage kjem brotflatene til syne: Livet heng ikkje i hop, og ein må berre leve med det.

Lars Amund Vaage gir ut boka "Det uferdige huset" hausten 2020.

SAKTEGÅANDE MED NERVE: Romanen «Det uferdige huset» minner lesaren på verdien av å lese sakte.

Foto: Forlaget Oktober/Hans Jørgen Brun
Bok

«Det uferdige huset»

Lars Amund Vaage

Skjønnlitteratur

2020

Oktober

Lars Amund Vaage er ein av dei forfattarane som har sin eigen stil: Anten han skriv om kyr, pianospel, baronar eller Wilhelm Reich, så kjenner ein att språket, rytmen, repetisjonane, klangen.

Det er harmonisk og urovekkjande på same tid.

Bondesonens dilemma

Det er Gabriel Hauge denne gongen, bondeson og forfattar med fødselsdato ein gong på slutten av 1800-talet. Kasta inn i ei tid då bondesøner ikkje nødvendigvis blei på garden all sin dag. Dei kunne like gjerne reise til Amerika for å bli storbønder, eller til Odda for å jobbe på smelteverk eller til folkehøgskular for å søkje danning av eit anna slag enn på det uoppnåelege universitetet.

Lars Amund Vaage skal ha henta inspirasjon frå livet til bestefar sin, forfattar og bonde Ragnvald Vaage. Den som sjekkar biografien hans, vil finne at somt er likt og somt er annleis. Og dei som har lese Vaage før, vil kjenne att tema frå tidlegare bøker.

Kva er ein heim?

Men altså Gabriel: Mor hans døyr då han blir fødd som fjerde barnet i familien på Hauge. Faren vandrar same vegen få år etter. Ei streng, kald bestemor og ein mild men mist like fjern onkel er att på garden som vert driven av dei to eldste brørne. Søstera er ikkje som andre barn. Ho og Gabriel streifar rundt.

Kva bind desse folka saman? Eit slektskap, ein gard, eit arbeidsfellesskap, seng og bord under same tak. Det er ikkje nok. Hauge er ingen heim. Brørne dreg til Amerika og Gabriel prøver å skape seg ein heim i orda og i diktinga. Spenninga mellom ansvaret for garden og slekta på den eine sida og livet aleine med blyant og papir og dikt på den andre, går som ein av fleire trådar gjennom romanen.

Frigjere seg frå frigjerarane

Etter sterkt press og under stor tvil dreg Gabriel på folkehøgskule. Vi er i åra rett etter 1905 og Snorre, bonden, nasjonalkjensle og folkeleg gudstru av grundtvigiansk merke blir prenta inn i bygdeungdommen. Den som slit med å forstå norske motkulturar vil ha mykje å lære av denne romanen, ikkje minst av den lett karikerte styraren på skulen, Andreas Uskedal.

Uskedal meiner at litteraturen skal tene folket: Forfattaren må vere med på å definere den nye nasjonen, og inspirere folket til bygging av landet. Gabriel opplever ei ny splitting, no mellom den folkelege nasjonsbygginga til uskedølene og dei mørkare, indre kjeldene han kjenner dragning mot. Gabriel må finne ut om han skal frigjere seg frå frigjerarane på folkehøgskulen.

Ein grunnleggjande musikalsk roman

Lars Amund Vaage plantar Gabriel ned i ei heilt spesifikk tid og i eit tidstypisk åndsklima. Eg trur på Gabriel og på tidsbildet heile vegen. På same tid opnar portrettet av kunstnaren som ung mann opp for mange mindre tidsbunde tema, slike som kva som bind folk saman, og kva slags ansvar vi har for kvarandre – og for eigne draumar. Kven skriv Gabriel dikt for?

Trass i at vi kjem nær på kunstnaren som blir dregen i mange retningar, såg eg likevel ikkje slutten kome. Den er dramatisk på den lågmælte måten denne forfattaren nærmar seg livsdramatikken på, utan store fakter men heile tida med ei uro eller ein nerve under.

Romanen går framover, mens teksten stadig går i sløyfer innom dei ulike spørsmåla. Det er ein rytme her som er nøye komponert utan å verke konstruert.

Dette er klok og vakker prosa, skapt for sakte lesing.

Anbefalt vidare lesing:

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.