Hopp til innhold
Anmeldelse

Tore Renberg feirar 25-årsjubileum med formidabelt mannsportrett

Den gamle mannen har vore nærpå fråverande i familiane Tore Renberg har skrive fram. Til no. Tollak står som ein påle.

Tore Renberg gir høsten 2020 ut romanen "Tollak til Ingeborg".

HEFTIG: Tore Renberg har markert seg som ein tolkar av samtida. Denne gongen hentar han fram ein mann frå nær fortid. Det blir heftig.

Foto: Marie von Krogh/Cappelen Damm
Bok

«Tollak til Ingeborg»

Tore Renberg

Skjønnlitteratur

2020

Cappelen Damm

I romanen «Tollak til Ingeborg» presenterer han seg slik: «Eg er Tollak til Ingeborg. Eg høyrer fortida til.» I desse setningane ligg det sjølvinnsikt på fleire nivå.

Ingeborg forsvann på mystisk vis mange år før handlinga i romanen, likevel er det framleis henne han snakkar mest med. Meir no enn då ho var der, når sant skal seiast.

Men trass i at han var ein taus og stri gubbe, elska Ingeborg han og fungerte som buffer mellom han og omverda. Her kan ein snakke om det mirakuløse ved kjærleiken.

Når Tollak no kjenner at døden nærmar seg, inviterer han dei to barna sine til gards – han har noko han må fortelje dei. Eller invitere? Det er heller snakk om audmjukande trygling. Barna Hillevi og Jan Vidar vil helst ikkje ha noko med faren å gjere. Det er ikkje vanskeleg å forstå.

Fell utan å knele

Barna ser han utanfrå og det ser ikkje bra ut. Vi romanlesarar får ei eksklusiv innsikt i kva som rører seg i hovudet på den gamle gubben som ser tilbake på livet. Det ser ikkje heilt bra ut inni heller, men likevel går det an å forstå han, i alle fall eit stykke på veg.

Den indre monologen er dels sjølvransakande, dels angrande, men ikkje minst er Tollak bitter på alt og alle som har øydelagt for han. Samanfatta i eitt ord er det tida.

Den nye tida tok frå han levebrødet på saga, sende dottera til universitetet der ho lærte å «pisse på alt forfedrane hennar har bygd opp», tida gav endåtil Ingeborg idear om å flytte til byen. Men Tollak er lik ein olm stut som ikkje kan endre retning. Eller lik helten i ei gresk tragedie: Ikkje fordi han er ein helt, men fordi han ikkje greier å endre seg når han må. Slik ligg fallet i kim inne i han sjølv.

Den einaste han snakkar med – utanom Ingeborg – er Oddo. Oddo bur på garden og er eit barn sjølv om han no er vaksen.

Mens tankane til gamlingen går bakover i tid, skrid handlinga nådelaust framover mot kvelden då dei to barna skal kome og høyre kva for løyndomar det er Tollak ikkje vil ta med seg i grava.

Her, ved slutten av livet tenkjer han at han ikkje har meir å miste og let det stå til. Det viser seg at han tok feil – ein aller siste gong.

Intenst kammerspel

Komposisjonen er teknisk briljant og flettar saman notidshandlinga med forhistoria til denne tragiske einstøingen, som ikkje er utan komiske trekk.

Tollak er eit stort, innestengt nei til urbanisering, digitalisering, pragmatiske justeringar, media, kafebesøk, uforpliktande smalltalk og oppløysing av familieband. Blant anna. Det einaste som kan rokke han, er kjærleiken.

Tollak til Tore Renberg ropar til oss frå ei nær fortid. Kan vi lære noko av han? Neppe. Men vi kan lære noko om han: Han er ein av dei som ikkje vil – eller kan – vere med på utviklinga, og som ikkje finn ut korleis han då skal vere i verda.

Det er eit uhyre sterkt portrett og eit intenst familiedrama.

Oppturen frå fjorårets romanbagatell «Ingen tid å miste» er formidabel, men ikkje overraskande – Renbergs forfattarskap gjer gjerne slike brå kast. «Tollak til Ingeborg» er ei verdig feiring av 25 år som forfattar.

  • Høyr intervju med Tore Renberg i Kulturstripa:
Tore Renberg

– Det er dette eg elskar, men det går heilt på nervane laus kvar gong, seier Tore Renberg om å gi ut ny roman i intervju med Kulturstripa.

Bokekspedisjonen har nå kommet til Stavanger og forfatter Tore Renberg.

Bokekspedisjonen har nå kommet til Stavanger og forfatter Tore Renberg.