Hopp til innhold

Frå bankebrett til treklossar

I romanen «Fvonk» hentar Loe inn ein karakteristisk mannsfigur frå tidlegare romanar, kler han ut som norsk statsminister og gjev han namnet Jens. Etter endt lesing er eg framleis usikker på kva slags roman eg har lese.

Erlend Loe

Marta Norheim har lest Erlend Loes nye bok, «Fvonk».

Foto: Erlend Aas / Scanpix

Fvonk er ein mann med eit uvanleg lite nettverk, strengt tatt er det berre dottera hans som stikk innom etter at han mista jobben i Gang- og Mosjonsforbundet. Med rette eller urette vart det hevda at Fvonk burde ha oppdaga ukulturen i forbundet der han hadde ei ansvarsfull stilling. Og det kan nok hende at han visste om medlemsjukset, men let vere å gripe inn.

Konfrontasjonar og myndige, korrekte grep var truleg ikkje Fvonks sterke side. Dermed vart han stengt ute av yrkeslivet og kolpa av samfunnshjulet i same manøver. No trakkar han rundt i skog og mark og er ulykkeleg.

Jens er ein sentral del av dette hjulet og er ulykkeleg. Statsministeransvaret er stort og tyngande, folket er fjernt og dessutan ikkje særleg takksamt for jobben han gjer, Jonas er altfor flink og Jens treng litt tid for seg sjølv for å få att livsmot og arbeidsglede.

Fvonk
Foto: Cappelen Damm

Kort fortalt er dette historia om korleis desse to ulykkelege mennene vert litt lykkelegare etter at statsministeren får ein hemmeleg hybel i kjellaren til Fvonk. Ja, Jens blir ikkje berre lykkelegare, han blir som eit barn igjen: impulsiv, leiken og god til å lure seg unna dei vaksnes blikk og kontroll.

I dette spesielle tilfellet er det livvakter og statssekretærar som representerer ”dei vaksne” og det dei ser er ein infantil og ustabil type som kan finne på kva som helst og i verste fall knuse heile det sosialdemokratiske maktgrunnlaget nærmast i forbifarten.

Flytteleiken

Så til spørsmålet om kva dette er. Er det ein kritikk av Jens, som her er forfengeleg, egosentrisk og med eit veldig ønske om å svenskehandle? Er det ei «avsløring» av at det inne i alle vaksne menn finst ein liten gut som har lyst til å leike? Viss ja: er det så eit forsvar eller eit angrep på denne guten som her kom ut av statsministeren for å leike med Fvonk?

Er det kanskje ein kritikk av eit samfunn som har blitt så umenneskeleg at det ikkje går an å herje litt for vaksne folk i maktposisjonar? Eller kan det vere ein kritikk av desse maktposisjonane eller endåtil av makt i seg sjølv? Ligg det eit anarkistisk manifest skjult mellom linjene: vi vil ikkje ha eit samfunn der så mykje makt er lagt i hendene på ein person at han ikkje kan sleppe alt og leike med byggjeklossar når han vil? Eller kanskje systemkritikken ikkje rettar seg mot det norske politiske systemet men heller mot det norske sosialdemokratiets reguleringsiver?

Problemet mitt som lesar er at boka er litt av alt dette, og med ei så vid vinkling vert det langt mellom fulltreffarane. Mest av alt verkar romanen som eit svar på slike oppgåver dei opererer med på kurs i kreativ skriving: Plassér ein ting eller ein person i ein ny, uventa setting og sjå kva som skjer. Flytt til dømes statsministeren inn på ein hybel, gje han eit lausskjegg å skjule seg bak og prøv å finne på rare ting han kan gjere.

Ubehaget i kulturen

Det er litt moro å tenkje seg statsministeren med lausskjegg i eit enormt, svensk kjøpesenter, men ein blir fort lei av å tenkje på det rett og slett fordi det ikkje slår meg som anna enn berre eit påfunn. Verken personar eller system eller parti får ein kritikk som verkar sterkare enn eit halvhjarta klaps over fingrane. Tilbake står dei to figurane Fvonk og Jens og liknar stadig meir på mannsfigurar frå tidlegare Loe-romanar.

Den unge mannen i «Naiv. Super» fann trøyst i bankebrettet, Jens tek det ut på byggjeklossar av tre. Doppler flytta vekk frå sivilisasjonen og inn i naturen for å kome i kontakt med seg sjølv, Fvonk er ufrivillig utstøytt men finn trøyst i turar i skog og mark. Vi er kort sagt tilbake til dei ulike fluktrutene ein kan velje når ubehaget i kulturen vert for påtrengande, og det treng ein strengt tatt ikkje ein statsminister for å utforske.

Fvonk er ein diffus roman som er lett å gløyme.