NRK Meny
Normal

Heftig drama med svært lang lunte

Ingen er betre enn Sarah Waters til å skildre forboden lesbisk kjærleik i Storbritannia frå victoriatida og framover. Men er det nok til å halde liv i ein 500 sider lang roman?

Sarah Waters

Som mange underhaldningsforfattarar slit Sarah Waters med å få teksten til å leve når det ikkje skjer noko særleg. Men det er grunnar til at ho er ein populær og prisbelønt forfattar. Når vi først er i gang etter første kyss på side 194, byggjer spenninga seg raskt opp.

Foto: Polaris

Etter eit nokså kjedeleg sidesprang til nølande heterofil kjærleik i romanen «Den lille fremmede» (2010), er Waters no tilbake der ho er på sitt beste:

I romanen «Gjestene» skildrar ho fatal lesbisk kjærleik i fullt format og fargar.

Men her blir det også tydeleg kva forfattaren ikkje er så god til, noko ein kritisk lesar kunne sjå spor av allereie i «Den lille fremmede».

Briljerer med historiske detaljar

Lat meg starte med det gode, med det som gjer walisiske Waters til ein populær og prislønt forfattar:

Når ho legg historia til slutten på 1800-talet, eller til andre verdskrigen, ja, så gjer ho verkeleg det. Researchen er grundig og ned i detaljen; eg gløymer aldri skildringa av korleis kvinner på 40-talet gjekk på biblioteket for å gni leppene mot bøker med raud rygg, i romanen «Nattevakten». Kvaliteten i tekstilar, fasongen på hatten, måtar å fjerne avslørande flekkar på, alt føyer seg inn i den store historiske ramma som naturlegvis også er på plass.

Waters har vidare eit skarpt auge for både fine og grove nyansar i klassesystemet, og ikkje minst for overklassens angst når systemet er på gli og dei ser seg sjølve sige hjelpelaust nedover mot funksjonær- og arbeidarklassen.

Fantasilaus oppbygging

Denne gongen er det familien Wray. Før første verdskrigen ein velståande familie med mor, far, tre barn og tenarskap i eit hus på beste londonske vestkant. Etter krigen er begge sønene og far døde, sønene på slagmarka. Pengane har Mr Wray mista i spekulasjonar, og dei to kvinnene sit att med gjelda. Tenarskapet er borte. Dottera Frances er kokk og vaskehjelp for ei fattigfornem mor. For å overleve må dei ta inn leigebuarar i andre etasje, eller «gjester» som mor vel å kalle det. Eit ungt par, Barbers, han i forsikring, ho heimeverande.

Søt musikk oppstår mellom første og andre etasje, og eg øydelegg neppe spenninga for nokon når eg røpar at det er dei to kvinnene som finn kvarandre. Og dermed er vi i gang, men det aller første kysset kjem ikkje før på side 194. Det er for seint.

Kjedeleg liv, kjedeleg prosa

Og dermed er vi inne på dei svake sidene ved Waters' forfattarskap: Det går jo naturlegvis an å skrive gode romanar utan å ha eit hemmeleg, lesbisk forhold som motor, men vår forfattar her slit med det. Fram til gjennombrotet går det i klesvask og husstell kombinert med klønete frampeik om at romanen er på veg ein stad:

Mrs Barber (…) løftet hånden mot hodet og rusket i krøllene. Det var fortsatt smuler i heklepanelene på kjolen. Frances følte en husmoraktig trang - en huspeppermøsk trang, antok hun den burde kalles i hennes tilfelle - til å børste dem bort.

Sarah Waters / Gjestene

Eg veit ikkje det er Frances eller lesaren Waters her prøver å narre til å tru at trongen til å berøre Mrs Barbers fyldige barm har noko huspeppermøsk over seg. Men einaste måten forfattaren greier å lade historia på før eventyret er i gang, er gjennom hinting om det som skal skje. Slike blir det til gjengjeld rikeleg av, og til tider forfell hintinga til omstendeleg og klønete føleri i reine ukebladstilen:

Det hendte hun stirret på Frances, med rynkede bryn og hodet på skakke, som om hun følte at hun skjulte en hemmelighet hun ville komme til bunns i. Eller hun ledet samtalen inn på kjærlighet og ekteskap, som om hun ymtet frempå om noe…Og da, det var sant, fikk Frances betenkeligheter, ble litt usikker, når hun tenkte på det skrinne grunnlaget intimiteten var bygget på.

Sarah Waters / Gjestene

Som mange underhaldningsforfattarar slit Waters med å få teksten til å leve når det ikkje skjer noko særleg. Rettnok har Frances eit svært kjedeleg liv før ho kysser Mrs Barbers, men det kan ikkje vere noko poeng at lesaren skal kjede seg saman med henne.

Når det tek av, så tek det av

Gjestene

«Gjestene» blir etterkvart det som heiter «a good read» på Waters' morsmål. Omsett til norsk av Hilde Lyng.

Når vi først er i gang, byggjer spenninga seg raskt opp. Vil dei bli oppdaga? Kva vil i så fall skje? Og kva skal dei gjere då? Lidenskapen og krumspringa som følgjer med er medrivande lesing, vi trur verkeleg på dei to elskande.

Etterkvart som det strammar seg til viser det seg at sjølv den strengaste overklasseetikk går i oppløysing når erotikken berre blir dampande nok. Der nærmar vi oss eit tema som hadde tolt grundigare refleksjonar, men forfattaren let heller teksten følgje tett på hendingane og dei to kvinnenes angst for avsløringa av eit stadig større og meir tyngande synderegister.

Det er handlinga som driv historia, og spenninga held seg til aller siste slutt. «Gjestene» blir etterkvart det som heiter «a good read» på Waters' morsmål. Men lovleg heterosex og vanleg daglegliv når altså ikkje opp til den karakteristikken i Sarah Waters' romanar.