Sarah Waters: Nattevakten
Omsett til norsk av Linn Øverås
Tiden norsk forlag 2006
Sarah Waters skriver i sine bøker om forbudt kjærlighet, dekadanse i Londons underverden, og ekstreme typer som har fått mange til å tenke på Charles Dickens. Historiene har gitt henne både lesere og litterære priser, men i den nyeste romanen har hun gått bort fra suksesskonseptet og lagt historien til 1940-tallet.
Nøktern stil
No er jo som kjent også tida rundt 1940 ein temmeleg dramatisk periode i britisk historie, men her er stilen meir nøktern, noko som passar til den historiske epoken.
Nettopp dette er eitt av særtrekka ved Waters. Ho kjenner den tida ho skriv om og det ned i detaljen, for eksempel den om mangelen på lebestift som fekk folk til å oppsøkje biblioteket, for der å gni leppene mot bøker med raud rygg.
Lesbisk kjærlighet
Dette er ei dame som driv research. Og den lesbiske kjærleiken, ja den er framleis forboden og må levast ut i det skjulte. Men dette er ikkje ein roman om kor vanskeleg det er å vere lesbisk, nesten tvert om, her har dei heterofile kvinnene større problem, der dei går i konstant angst for å bli gravide.
Ein skal heller ikkje undervurdere den spenninga som ligg i at alt må skje i det skjulte, og midt i krigen som krev fordekte handlingar og gode gøymestader for alle, har desse kvinnene sine eigne kodar og heilt eksklusive hemmelege rom.
Fleire av kvinnene levde lettare i unntakstilstanden som fanst under krigen enn i den snusfornuftige normaliteten som sette inn rett etterpå.
Overrasker
Litt overraskande er det at Waters har valt å fortelje historia baklengs. På første side er vi i 1947, mens boka sluttar i 1941. Det er overraskande, men det fungerer svært bra. Gåter i kapittel ein blir forklart i kapittel to, og når det er noko ein har fått tid til å lure på så set ein ekstra stor pris på å få vite svaret.
Dermed kjennest det verkeleg forløysande og ekstremt nødvendig når vi endeleg- i siste kapittel får vite den sanne forklaringa på korfor broren til Viv er i fengsel, noko vi til då berre har høyrt rykte og sladder om.
Waters ladar så og seie romanen med spenning gjennom denne forteljemåten, som også viser oss noko om det forfengelege og forgjengelege ved tilveret. For vi som les baklengs veit jo kva som har gått skeis, mens dei stakkarane som må leve livet framlengs anar ingenting. Og sånn er vel livet?
Kulturnytt, NRK P2 10. mai 2006