Podkastar for USA-nerden

Debattane, dritpakkane, avsløringane – valkampen i USA er i full gang. Her er tips til podkastar om amerikansk politikk og samfunn.

Bilde til sak om podkasttips om amerikansk politikk.

KAOTISK: Den første TV-debatten mellom dei to presidentkandidatane Joe Biden og Donald Trump vart kalla «tidenes verste». I denne saka får du tips til podkastar som gir innsikt i kva som går føre seg i amerikansk politikk fram mot presidentvalet 3. november.

Foto: OLIVIER DOULIERY / AFP

2020 er ikkje som andre år. Heller ikkje i amerikansk politikk, og i alle fall ikkje i oppkøyringa til det amerikanske presidentvalet.

Og når vi trudde at politisk splitting, skatteavsløringar, ein avdød høgsterettsdommar, påstandar om Joe Biden si sviktande helse, poststemme-kaos, forvirring rundt Trumps vilje til å godta valresultatet og ein pandemi var meir enn nok å ta inn – så vart Trump sjølv smitta av korona.

President Trump gir to tomler opp til tilskuerne utenfor sykehuset der han blir behandlet for covid-19.

KORONASMITTA: Søndag 4. oktober tok president Trump seg ein køyretur for å vise seg for støttespelarane som hadde samla seg utanfor sjukehuset der han blir behandla for covid-19, i Bethesda i Maryland. Kva konsekvensar sjukdomen vil ha for valkampen og Trump sjølv er framleis for tidleg å seie.

Foto: CHERISS MAY / Reuters

For USA-kjennar Vårin Alme er det ingenting som er meir spennande enn presidentval, særleg i år.

– Vi har alltid visst at alt kan skje i amerikansk politikk, men sjeldan har det vore meir sant enn i årets valkamp, seier Alme.

Som ein av stemmene i valkamp-podkasten «2020» og kommentator for Amerikanskpolitikk.no (som også har podkasten «Morgenkaffen») følger ho hendingane tett.

Vårin Alme, kommentator på amerikanskpolitikk.no

VALKAMPMODUS: Vårin Alme er kommentator på Amerikanskpolitikk.no og synest ingenting er meir spennande enn presidentval.

Foto: amerikanskpolitikk.no

– Ved sidan av andre informasjonskjelder, er podkastar ein viktig del av kvardagen min og ei stor glede! Her er det no så mykje å velje i, og mykje av det utruleg bra, at det nesten er utfordrande å velje.

Men velje har ho gjort, og her er podkastane ho høyrer på medan ho ventar på om det blir Donald Trump eller Joe Biden som blir president i USA dei neste fire åra.

kultur1
Logo til podkasten "Left, right & center" fra KCRW.

– Min all-time-favorittpodkast om amerikansk politikk er «Left, Right & Center» frå KCRW. Her får du samtalar mellom nettopp ein representant frå høgre og venstre side i politikken, samt ein meir sentrumsorientert moderator. Dei tre (nokon gonger fire) i panelet er reflekterte, har interessante syn på politikken og formidlar og diskuterer godt, også på tvers av skiljelinjer og på sensitivel, såre saksfelt. Det gjer dette til eit godt utgangspunkt for å forstå dei ulike perspektiva som gjer seg gjeldande i amerikansk politikk.

kultur2
Logo for podkasten "Hacks on tap"

– For sjølve presidentvalet er favoritten min «Hacks on Tap». Her høyrer du republikanske og demokratiske strategar – og gjerne menneske som har vore høgt oppe i politikken – diskutere valkampen. Noko er sleivete, medan noko er viktig og gir gode tolkingar på det som utspelar seg. Alt kjem frå erfaring, så vel som bestemte perspektiv og ideologiar (som dei er opne om). Alt i alt er dette ein informativ og underhaldande podkast om valkampen vi står oppe i.

kultur3
Logo til podkasten "Det amerikanske paradokset - med Hilde Restad" fra Bjørknes Høyskole.

– Ein ny og veldig god podkast er «Det amerikanske paradokset» med førsteamanuensis ved Bjørknes høyskole, Hilde Restad, som mellom anna har skrive bok om amerikansk politikk. Her kjem det stadig nye episodar som tek føre seg dei historiske og filosofiske grunnbestanddelane til det amerikanske systemet.

kultur4
Logo til podkasten "Ken Rudin's Political Junkie"

– Så har vi «Ken Rudin's Political Junkie». Det er ein nydeleg podkast med historiske tilbakeblikk, alltid gode gjestar og ein fornøyeleg vert. Ken Rudin er ein veteran av ein politisk journalist – ein politisk junkie av den gamle skulen, på den beste måten.

kultur5
Logo for podkasten "Dolly Parton's America".

– For dei som ønsker seg noko litt utanfor amerikansk politikk, og vil over til kultur og amerikansk samfunn i eit større perspektiv, er «Dolly Parton's America» god. Her får vi ikkje berre historia til Parton, som er fascinerande i seg sjølv. Prosjektet tek nemleg utgangspunkt i denne historia for å forstå noko viktig om USA. Anbefalast!

NRK-podkast som følger valet:

Krig og fred i Amerika

«Krig og fred i Amerika» – ei dokumentarisk reise gjennom USA før valet. Med Tove Bjørgaas og Tore Moland.

Anbefalt vidare lesing:

Kulturstrøm