Hopp til innhold

Amerikanske favorittar

I podkasten «Oppdatert» gir Ragna Nordenborg deg det du treng for å forstå overskriftene. Sjølv høyrer ho på historier om det amerikanske samfunnet.

Programleiar for NRK-podkasten "Oppdatert", Ragna Nordenborg.

OPPDATERT: «Det vesle du treng for å henge med på sakene alle snakkar om» er mottoet til podkasten Ragna Nordenborg er programleiar for.

Foto: Petter Sommer / NRK

kultur1

Fake Heiress

Logoen til podkasten Fake Heiress fra BBC.

«Dette er ein gøyal og litt annleis podkast. Ei fascinerande forteljing om russiske Anna Sorokin, som i årevis svindla dei rikaste i New York. Ho lurte seg inn i sosieteten ved å få dei til å tru at ho var ein multimillionærarving. Anna brukte tida på champagnebrunsjar og penthouse-suitar i New York og frekventerte New York-eliten for å skaffe finansiering til Anna Delvey Foundation – eit kunstsenter til fleirfaldige millionar dollar. Folk elska henne, men det var berre ein ting: alt var løgn!»

kultur2

Radiolab

Logo til podkasten "Radiolab"

«Radiolab er ein fast venn og har vore det i mange år. Folka bak denne podkasten får vitskap og forsking til å bli veldig moro og interessant.»

kultur3

Dolly Parton's America

Logo for podkasten "Dolly Parton's America".

«Eg elskar Dolly Parton og har alltid vore fascinert av det amerikanske samfunnet. Med denne podkasten får eg to favorittar på ein og same stad. Det er så herleg å kunne bade i artistlivet og musikken til Dolly og samtidig lære korleis musikken har verka inn på den amerikanske kulturen.»

Podkastar frå NRK som oppdaterer deg på nyheitsbildet:

Logo for podkasten "Oppdatert"

«Oppdatert» – Det vesle du treng for å henge med på sakene alle snakkar om.

Logo til podkasten "Krig og fred"

«Krig og fred» – Synest du verda er ein forvirrande stad? Kjenner du deg bombardert av alt som skjer? NRK Urix stoppar opp i 20 minutt og spør kva som eigentleg skjer, kvifor det skjer, og kva det tyder.

Dagsnytt 18
Foto: NRK Julia Naglestad

«Dagsnytt 18» – Dagsnytt 18 er eit dagleg nyhets- og aktualitetsmagasin med debattar og intervju.

Studio 2 STUDIO 2
Foto: Ole Kaland / Ole Kaland, NRK

«Studio 2» – Kultur og aktualitet rett i lomma? Programleiarane Kristian Bendiksen, Turi Grønbech og Otto Haug gir deg det beste frå Studio 2.

Aktuelle podkastar frå NRK:

Logo for NRK-podkasten "God bedring" med lege Kaveh Rashidi, Cecilie Kåss Furuseth og psykolog Peder Kjøs.

«God bedring» – Podkasten med akkurat det du treng – akkurat no. Har du spørsmål om kropp og sinn? Cecilie Kåss Furuseth, psykolog Peder Kjøs og lege Kaveh Rashidi gir deg lærerik moro basert på dine spørsmål og historier.

Logo for NRK-podkasten "I karantene - Ronny og Tuva"

«I karantene med Ronny og Tuva» – Noreg har slått full virusalarm og P3s Ronny Brede Aase er satt i karantene – men det er ikkje sambuaren hans, Tuva Fossum Fellman. No har dei sett opp studio i stova slik at du kan følge dei gjennom store og små utfordringar i koronaens tid.

Sjekk ferske topplister og fleire anbefalingar på nrk.no/podkast.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.