Det kjem fram i tiltalen som Trump blei gjort kjend med under rettsmøtet i New York tysdag.
Den tidlegare presidenten nektar straffskyld.
Tiltalen mot Trump handlar om korleis han mellom anna registrerte «hysjpengar» til to ulike kvinner og ei dørvakt ved Trump Tower i New York.
Betalinga er i seg sjølv, ifølgje BBC, lovleg, men det er korleis dei har vorte registrerte som advokat-tenester som er forfalsking, meiner statsadvokaten.
Trump er derfor tiltalt for å ha brote loven 34 gonger.
«Catch and Kill»
Trump blir skulda for at han og støttespelarane hans har dekt over negative historier om den tidlegare presidenten.
Det skal dreie som om «hysjpengar» til dei tre personane under presidentvalkampen i 2016.
Rett før presidentvalet i 2016 skal den tidlegare advokaten til Trump, Michael Cohen, ha betalt 130.000 dollar til Stormy Daniels for å få henne til å halde tett om det ho hevdar var eit seksuelt forhold til Trump.
Cohen vart i 2018 dømt til tre års fengsel for dette.
Trump gjekk allereie i 2017 med på å betale tilbake pengane til Michael Cohen.
Tre Trump-motstandarar står utanfor rettsbygget i New York med banner og plakatar der det mellom anna står at Trump er ein løgnar.
Foto: Tove Bjørgås / NRKDei skal ha vorte samde om at betalingane skulle komme månadleg over eitt år.
Cohen skal så ha sendt ei falsk rekning for advokat-tenester på 35.000 dollar i månaden.
Det er korleis desse utbetalingane vart registrerte på, som Trump no er tiltalt for.
Trump er tiltalt for å ha forfalska forretningsdokument som statsadvokaten meiner mellom anna dekker ver hysjpengar til pornoskodespelaren Stormy Daniels.
Foto: Markus Schreiber / APEit tiltalepunkt for kvar forfalsking
USA-ekspert Sofie Høgestøl har lese tiltalen. Ho forklarar at påtalemyndigheita har laga eit tiltalepunkt for kvar gong Trump har forfalska rekneskapen.
Kvart tiltalepunkt viser til eit sjekkhefte eller vedleggsnummer.
– Pengane som er utbetalte, skal dekka hysjpengane, og er rekneskapsført som noko anna, seier Høgestøl.
– Viss du rekneskapsfører feil i håp om å dekka over eit lovbrot, slik det står i tiltalen, så er det ein «felony», altså eit meir alvorleg straffbart forhold, seier ho.
Donald Trump på veg inn til retten på Manhattan.
Foto: ED JONES / AFPTiltalepunkta mot Trump har ei øvre strafferamme på fire år.
Neste rettsmøte i saka mot Trump er sett til 4. desember. Statsadvokat Alvin Bragg har ytra eit ønske om å starta rettssaka i januar 2024.
Advokatane til Trump meiner rettssaka heller bør starta på vårparten.
Bryt med valkamplov
Etter at det 55 minutt lange rettsmøtet på Manhattan tysdag var over, kalla statsadvokat Bragg inn til ein pressekonferanse.
– Trump orkestrerte ein «Catch and Kill»-metode, gjennom ei rekke betalingar som han deretter skjulte gjennom månader med falske forretningsdokument, sa Bragg.
I tiltalen står det at utbetalinga av hysjpengane gjekk til to ulike kvinner, samt ei dørvakt i Trump Tower.
Bragg sa at denne betalinga blei gjort for å skjula informasjon som kunne gjera Trump mindre populær for veljarane under valkampen i 2016.
– Dette bryt med valkamp-lover i New York.
Han avslutta pressekonferansen med å seia at alle står likt for loven.
– Historisk dag
– Me kan ikkje tillata at forretningar i New York manipulerer rekneskapen sin for å dekka over kriminell åtferd, sa Bragg.
På Manhattan i New York er fleire letta over tiltalen.
– Eg trur på rettferd og i dag fekk me rettferd, seier Jose Rosetti.
Jose Rosetti er i New York 4. april 2023 for å feira.
Foto: Tove Bjørgaas / NRKHan har møtt opp utanfor rettsbygninga på Manhattan for å feira.
– Denne dagen er historisk.