13 anbefalte bøker om 22. juli

Ti år etter terrorangrepet 22. juli 2011 har det kome fleire gode bøker som kan bidra til å gi nye perspektiv på terroren og konsekvensane av den.

Bøker om 22.juli.

FERSKE BØKER: Denne våren og sommaren har det kome fleire bøker i forkant av ti års markeringa for 22. juli 2011. Blant dei som er anbefalt er «La oss snakke om 22. juli», «Aldri tie. Aldri glemme», «Ubesvart anrop», «Din kamp er min kamp», «Ingen fred å finne» og «Arbeiderpartiet og 22. juli».

Foto: Solum Bokvennen/AUF/Aschehoug/Res Publica

Denne sommaren er det ti år sidan den verste enkeltståande terrorhandlinga som har ramma Noreg. I løpet av desse åra har det kome mange bøker om 22. juli og ringverknadene av terroren.

Her anbefaler NRKs litteraturkritikarar bøker om tematikken – ti sakprosabøker og tre romanar.

Bokstabel

Vi startar med sakprosabøkene, dei nyaste først:

Stillfarent nærvær og underliggande sinne

Omslaget til boka "22. juli og alle dagene etterpå" av Tonje Brenna.
Foto: Kagge forlag
  • Tittel: «22. juli – og alle dagene etterpå» (2021)
  • Forfattar: Tonje Brenna
  • Anbefalt av: Leif Ekle

Tonje Brenna var generalsekretær i AUF då terroristen gjekk amok i regjeringskvartalet og på Utøya. Forteljinga hennar om kva som skjedde med henne sjølv og ungdommane omkring, er skildra med eit stillfarent nærvær og underliggande sinne som kanskje kan bringe lesaren eitt steg nærare ei slags forståing av omfanget av det ubegripelege. Vel så viktig er betraktningane rundt rettssaka og naudsynet av å stige ut av rolla som overlevande, tillate seg å tenke og snakke politisk.

Brennas bok er ei samanhengande forteljing om alt som brått og brutalt vart endra den dagen.

Svarer på barnas spørsmål

Omslaget til boka "La oss snakke om 22. juli" av Thomas J. R. Marthinsen.
Foto: Solum Bokvennen
  • Tittel: «La oss snakke om 22. juli» (2021)
  • Forfattar: Thomas J.R. Marthinsen
  • Anbefalt av: Leif Ekle

Journalisten og forfattaren Thomas J.R. Marthinsen har truleg gjennomført eit unikt prosjekt med boka «La oss snakke om 22. juli. En sakprosabok for barn». I alle fall er det sjeldan vare at ein forfattar set seg i bilen og «og kjørte tusenvis av kilometer mellom forskjellige skoler». Skulane var barneskular, målet var å samle inn spørsmål, finne ut kva barn lurte på om dei skremmande hendingane for ti år sidan. Lista med spørsmål vart lang, forfattaren tok dei med og stilte dei til ei rekke personar med ulike ståstader: Ein sentral AUF-ar, ein politiveteran, eit medlem av Beredskapstroppen, ein psykiater, ein journalist og statsminister Erna Solberg.

Resultatet er ein reinskoren og var tekst for barn, men også for foreldra og barnas næraste, der spørsmåla blir stilt rett ut og forsøka på svar blir deretter.

Åtvaring mot å teie

AUF-boka "Aldri Tie, Aldri Glemme, en bok fra AUF ti år etter terroren"
Foto: AUF
  • Tittel: «Aldri tie, aldri glemme. En bok fra AUF, ti år etter terroren» (2021)
  • Redaktørar: Gaute Børstad Skjervø, Eirin Kristin Kjær og Astrid Huitfeldt
  • Anbefalt av: Knut Hoem

«Aldri tie, aldri glemme. En bok fra AUF ti år etter terroren» er ei samling forteljingar skrive av AUFarar og andre som står dei nær. Vi har fått mange forteljingar om kva som skjedde den aktuelle dagen. Denne boka handlar meir om det som skjedde etterpå. Kva skjedde med kampen mot dei haldningane som låg til grunn for terrorangrepa? Kva skjedde med dei som vart ramma – direkte og indirekte?

Det eg sit igjen med etter å ha lese meg gjennom desse fjorten bidraga, er at AUFarane opplevde at krafttaket mot høgreekstremismen ikkje kom. Teksten til noverande leiar i Arbeidarpartiet, Jonas Gahr Støre, vitnar om at leiinga i Ap og AUF ønskjer seg ei meir konfronterande linje mot høgreekstrem hatretorikk, slik vi ser den utfalde seg i kommentarfelt på nettet.

Alle nordmenn, uansett politisk preferanse, vil ha nytte av å tilbringe nokre timar saman med dei som vart ramma av terrorangrepet 22. juli 2011.

Forvalting av minna

Jørgen Watne Frydnes foran hovedhuset på Utøya og bokomslag "Ingen mann er en øy"
Foto: Stian Bromark / Res Publica
  • Tittel: «Ingen mann er en øy» (2021)
  • Forfattar: Jørgen Watne Frydnes
  • Anbefalt av: Leif Ekle

Jørgen Watne Frydnes jobbar på Utøya som dagleg leiar. Utan tidlegare tilknyting til Arbeidarpartiet eller AUF vart han hyra inn kort tid etter terrorangrepet for å «handtere innsamlingen til Utøya og alt som medfølger». Boka hans «Ingen mann er en øy» skildrar det konfliktfylte arbeidet med å gjenreise Utøya, så vel praktisk som symbolsk og økonomisk. Like viktig er det fint formulerte utanfrå-perspektivet han skriv frå. Det gir meining i seg sjølv.

Boka rommar ein annleis versjon av forferdelege historier om unge døde og fortvilte foreldre og vener som skal leve vidare.

Grundig om dilemma og konfliktar i Ap

Omslaget til boka "Arbeiderpartiet og 22. juli" av Hallvard Notaker.
Foto: Aschehoug/Harald Medbøe
  • Tittel: «Arbeiderpartiet og 22. juli» (2021)
  • Forfattar: Hallvard Notaker
  • Anbefalt av: Leif Ekle

Dersom ein berre skal lese ei autoritativ bok om følgjene av terroren for ti år sidan, er kanskje Hallvard Notaker si bok «Arbeiderpartiet og 22. juli» det beste valet. Éin viktig grunn til dette forslaget er den faghistoriske distansen og det grundige arbeidet som pregar teksten heile vegen igjennom. Ein annan grunn er forfattaren si forståing av Arbeidarpartiets plass i det norske samfunnet – historisk, og i dette tilfellet, som den angripne parten.

Boka tek føre seg dilemmaa, konfliktane og kva som vart gjort for å løyse dei.

Kortfatta og intenst

Omslaget til boka "Søstre: Min historie etter Utøya" av 
Mariangela Di Fiore og Cathrine Trønnes Lie.
Foto: Vigmostad/Bjørke
  • Tittel: «Søstre: Min historie etter Utøya»
  • Forfattar: Mariangela Di Fiore
  • Anbefalt av: Leif Ekle

Cathrine Trønnes Lie, ein nokså alminneleg 17-åring frå Halden, hadde store forventningar til sin andre Utøya-leir då ho overtala søstera Elisabeth til å bli med sommaren 2011. Den 22. juli vart ho sjølv skoten to gonger og hardt skadd av ein svartkledd mann med skytevåpen. Verre var det at søstera vart drepen. I Kafébygget, fekk ho vite sju dagar seinare. Mariangela Di Fiore har ført denne brutale og samtidig bevegande forteljinga i pennen, om livet før skrekkdagen på øya, om sjølve hendinga og alt som følgde etterpå. Alltid med Cathrines tydelege og nærverande eg-stemme.

Det er ei kortfatta og intens bok, setningane er korte, saklege og direkte. Nettopp derfor skin bilda også så tydeleg, av sorg og stor smerte både fysisk og mental.

Inspirerer til politisk engasjement

«Din kamp» av Kamzy Gunaratnam og Martine Aurdal
Foto: Heiko Junge / NTB Scanpix/ Aschehoug
  • Tittel: «Min kamp er din kamp» (2021)
  • Forfattar: Kamzy Gunaratnam
  • Anbefalt av: Knut Hoem

Varaordføraren i Oslo, Kamzy Gunaratnam, har reist lenger enn dei fleste av oss. Den politiske oppvakninga hennar starta med eit engasjement for situasjonen i heimlandet Sri Lanka, som foreldra måtte flykte frå då ho var to år gammal. Ho var ein framand fugl frå Groruddalen på Oslo Handelsgym, men fann sin politiske heimstad i Oslo Arbeidarparti og i AUF.

Då dei flykta frå Sri Lanka bar mor hennar Kamzy og broren gjennom vatn fullt av slangar. Den 22. juli 2011 legg Kamzy sjølv på svøm frå Utøya og blir ein av dei overlevande. Boka har fått mykje merksemd, fordi Gunaratnam i det avsluttande kapittelet vender seg direkte til terroristen.

Men boka er mest av alt ei inspirerande forteljing til glede for alle som kan tenke seg å engasjere seg politisk.

Ti år etter

Omslaget til boken "Ingen fred å finne" av Stian Bromark.
Foto: Res Publica/Siw Pessar
  • Tittel: «Ingen fred å finne: 22. juli–10 år etter» (2021)
  • Forfattar: Stian Bromark
  • Anbefalt av: Hans Olav Brenner

Stian Bromark var tidleg ute med å setje ord på det som skjedde 22. juli 2011 og i dagane og månadene etter. Allereie i 2012 kom boka «Selv om sola ikke skinner: Et portrett av 22. juli». I den boka gjekk han tett på enkeltpersonar som opplevde marerittdagen på nært hald, mange offer og éin gjerningsmann.

Ti år etter tek han opp att kontakten med mange av dei han snakka med den gongen. Korleis har det gått med dei? Og korleis blir eigentleg arven etter 22. juli forvalta? Det er eit nedslåande bilete som blir teikna. Sjølve hovudhypotesen i boka ser ut til å vere at konsekvensane av ei slik terrorhandling er, om mogleg, meir vidtrekkjande og dramatiske enn vi har tatt inn over oss.

Boka er halden i ein nær og personleg stil, der teksten har eit tydeleg nærvær av forfattaren sin empati og menneskelege pliktkjensle.

Eit unikt augeblikksbilde

Omslaget til boka "En av oss" av forfatter Åsne Seierstad.
Foto: Kagge forlag
  • Tittel: «En av oss» (2013)
  • Forfattar: Åsne Seierstad
  • Anbefalt av: Hans Olav Brenner

Hausten 2013 kom Åsne Seierstad si rundt 530 sider lange forteljing om 22. juli. Utgjevinga fall saman med Marit Christensen si bok om mor til gjerningsmannen. Begge bøkene vart ein del av ein større samtale om korleis ein skal forholde seg til terroristen sin nære familie og teiepliktige opplysningar. Intervjuet med mora er berre ein liten del av det intense og til tider sceniske og stilmessig nesten skjønnlitterære flettverket i Seierstad si breitt anlagte bok – ei bok som gjorde krav på å fortelje heile historia.

Utgangspunktet til Seierstad var at ho hadde sitte på tilhøyrarbenken gjennom heile rettssaka mot gjerningsmannen, og ho hadde fått svært mange menneske i tale undervegs.

Slik sett gir boka eit unikt augeblikksbilde av kva tankar og opplevingar som prega aktørane relativt kort tid etter terrorhandlingane.

Terroristen frå Oslo vest

Omslaget til boka "En norsk tragedie" av Aage Borchgrevink.
Foto: Gyldendal/Olav Bakken
  • Tittel: «En norsk tragedie: Anders Behring Breivik og veiene til Utøya» (2012)
  • Forfattar: Aage Storm Borchgrevink
  • Anbefalt av: Hans Olav Brenner

«En enkelt bok kan ikke beskrive en så stor tragedie», skriv Aage Borchgrevink i forordet, men han set seg samtidig føre å bidra til forståing av korleis tragedien var mogleg. Ja, i forordet datert den dagen Breivik vart dømd, lovar han oss implisitt at vi skal kome nærare svar på spørsmålet om korleis vi skal forstå 22. juli. Kjetil Stormark hadde året før gitt oss ein overbevisande gjennomgang av hendingsgangen, minutt for minutt (189 til saman), så den jobben var for så vidt gjort. Men forløpet står også sentralt i boka til Borchgrevink, der vi får innsikt i både bevegelsar og beveggrunnar.

Desse kapitla bidreg til den dystre dramaturgien i boka, side om side med det som vel er bokas hovudanliggjande: Nemleg å kome nærare psykologien og tankegodset til gjerningsmannen, med dei vanskelege avvegingane det inneber vis a vis dei menneska som bidrog til den massive omsorgssvikta han vart utsett for, og som boka gjer greie for.

Boka er ein god stad å byrje for den som vil verifisere og utfordre moglege forklaringsmodellar for å forstå det uforståelege.

PS. I juli 2021 ble Snorre Valens bok «Utøyakortet» utgitt. Den setter blant annet et kritisk søkelys på medienes rolle og den politiske debatten etter terrorangrepene. Dette har også overlevende løftet inn i det offentlige ordskiftet. Dagens Næringsliv har beklaget en lederartikkel fra 2011 .

Romanar etter 22. juli

Mens sakprosaen om 22. juli går rett på sak, analyserer og kontekstualiserer, går skjønnlitteraturen meir indirekte til verks. Han kjem inn sidelengs, blandar inn mange andre spørsmål og leverer ingen konklusjonar. Slik kjem andre sider til syne.

Bokstabel

Ungdomens perspektiv

Omslaget til teikneserieromanen
Foto: Aschehog/Oda Berby
Fra tegneserieromanen
Foto: Nora Dåsnes/Aschehoug
Tegning fra tegneserieromanen
Foto: Nora Dåsnes/Aschehoug
Fra tegneserieromanen
Foto: Nora Dåsnes/Aschehoug
  • Tittel: «Ubesvart anrop» (2021)
  • Forfattar/teikneserieskapar: Nora Dåsnes
  • Anbefalt av: Leif Ekle

Forfattar og teikneserieskapar Nora Dåsnes er til no mest kjent for teikneserieromanen «Ti kniver i hjertet». No har ho kome med ein ny roman i rute- og snakkebobleformatet: «Ubesvart anrop», ein ungdomsroman om 16-åringen Rebekka og venninna hennar, Fariba. Dei er nettopp ferdige med ungdomsskulen. I skateparken denne julifredagen høyrer dei drønnet frå sentrum og trur det må vere noko frå ein byggeplass.

Rebekka klarer ikkje å legge terrorangrepet frå seg denne sommaren og hausten, ho grev seg stadig lenger ned i ein research som skal gi svar ho ikkje finn. Medan broren sit framfor PC-en med skytespel og kven veit kva og blir stadig mørkare til sinns.

Denne innfallsvinkelen til 22. juli, unge menneske som ikkje var der sjølv, er ikkje berre interessant, den er attkjennande: forvirringa og skrekken, kva tyder dette, kvar vart det føreseielege av, kan kven som helst bli så galen?

Romanen er teikna i ein open og enkel stil med fin rørsle. Det kler forteljinga.

«Ubesvart anrop» fortener sitt publikum – også blant oss som ikkje kan reknast til den unge målgruppa.

Det skjøre livet

Bokomslag "Sju dagar i august" og Brit Bildøen
Foto: Vidar Ruud / Samlaget/NTB
  • Tittel: «Sju dagar i august» (2014)
  • Forfattar: Brit Bildøen
  • Anbefalt av: Marta Norheim, litteraturkritikar

Åtte år etter at Sofie miste det einaste barnet sitt på Utøya, er livet i ferd med å krakelere: Både forholdet til Otto, til jobben, til alle dei som trur dei kan ta del i sorga over å misse eit barn. Sofie kjenner seg aleine. «Rosene visna og blei til sjølvros», tenkjer ho.

Brit Bildøen viser at det berre er ei tynn, skjør hinne mellom normaliteten og det forferdelege.

Vanskeleg medkjensle

Eivind Hofstad Evjemo og bokomslag "Velkommen til oss"
Foto: Maja Hattvang Larsen / Cappelen Damm
  • Tittel: «Velkommen til oss» (2014)
  • Forfattar: Eivind Hofstad Evjemo
  • Anbefalt av: Marta Norheim, litteraturkritikar

Sella og Arild misser eit barn i ei båtulykke og får ein blomst på døra frå naboane. Få år etter misser naboen eit barn på Utøya og sorga er landsdekkjande. Sella er ikkje bitter over dette, men har så veldig lyst til å vise medkjensle. Korleis skal ho nærme seg dei som tilhøyrer «sorgadelen»? Kan rundstykke vere noko?

Evjemo har eit nærsøkande og empatisk blikk på nølarane blant oss.

Du finn alle anmeldelsar og anbefalingar frå NRK på nrk.no/anmeldelser.

Anbefalt vidare:

En søvnig sommerdag i 2011 eksploderer ei bombe på nesten 1 tonn i Regjeringskvartalet i Oslo. En enslig høyre-ekstrem terrorist står bak angrepet som dreper 8 personer og skader flere hundre. Norge og verden er i sjokk.

HØYR i NRK RADIO: Første episode av Hele Historien. En søvnig sommardag i 2011 eksploderer ei bombe på nesten 1 tonn i Regjeringskvartalet i Oslo. En einsleg høyre-ekstrem terrorist står bak angrepet som drep 8 personar og skader fleire hundre. Norge og verda er i sjokk.

Bloggeren Mads sender en kontroversiell kronikk til Aftenposten. Anestesilegen Anne Cathrine havner i klinsj med ledelsen.

SJÅ I NRK TV: Serien om 22. juli. Første episode: Bloggeren Mads sender en kontroversiell kronikk til Aftenposten. Anestesilegen Anne Cathrine hamnar i klinsj med leiinga.

Kulturstrøm