Meld av Arnhild Skre
Frank Rossavik har ei fortid som SV-tillitsmann og ei nåtid som skarp politisk kommentator i Bergens Tidende. Gjennombrotet hans som forfattar kom med biografien om Einar Førde som han fekk Brageprisen for i 2007. Sidan har Rossavik mellom anna skrive SVs historie på rekordtid, og hausta endå fleire godord. Denne veka kom han ut med boka «En god story. En biografi om Kåre Valebrokk». Det er all grunn til å tru at også denne boka kjem til å få ei svært god mottaking, men meir debatt enn dei tidlegare spår eg at ho vekkjer.
Kåre Valebrokks død i februar må vera ein av dei mest omtalte i norsk presse dersom ein ser bort frå kongelege dødsfall. I nekrologar og kommentarar hylla pressenorge ein av sine store: Sjefredaktøren som skapte Dagens Næringsliv som kritisk og brei finansavis. TV2-sjefen som bygde opp nyheitsarbeidet trass i sterk intern motstand. Påstanden om at han hadde vore Noregs mektigaste mann, blei igjen sitert. Og vi fekk repetert Valebrokks fortid som gravemaskinseljar, hans Teddy utan filter, hans devise om at journalistar skal lukta øl etter lunsj, og andre byggesteinar i det robuste og karslege bildet som han med sikker sans for gode replikkar over mange år hadde teikna av seg sjølv. Få hadde våga å stilla spørsmål ved soliditeten i arbeidet eller sanninga i historiene hans medan han var i live. Det blei heller ikkje gjort då han døydde i vinter.
Rossaviks Valebrokk
Godt då at journalisten Frank Rossaviks biografi kjem såpass raskt. For dette er ein biografi som både går sitt objekt grundig etter i saumane og som ser kritisk på den medieverda som har kjøpt, skapt og halde mytane om Kåre Valebrokk ved like.
Etter lesinga av Rossaviks biografi, trer det fram eit nyansert portrett av mannen med det prega ansiktet: Pioner i finansjournalistikken i VG alt på 1970-talet. Offensiv og visjonær som sjefredaktør frå 1985 og publisist frå 1989 i avisa vi i dag kjenner som DN. Ei nyskapande suksesshistorie både redaksjonelt og avisøkonomisk. Men som fjernsynssjef i TV2 frå 1999 blei Valebrokk ingen udelt suksess, og heller ikkje i sine eigne private forretningar. Til det gjorde han for dårleg forarbeid og var for strategisk svak, i følgje Rossavik.
Historia om Kåre Valebrokks liv frå oppveksten i eit trongt sørlandsmiljø til slutten som ein myteinnhylla gentleman of the press er det freistande å referera mykje meir frå, men her er det boka som skal meldast. I den står Valebrokk i sentrum, men i bokvurderinga er forfattaren hovudpersonen og hans arbeid hovudsaka.
Rossaviks stemme
I norsk sakprosa, kanskje særleg i biografiar og heilt sikkert i historiske framstillingar, er det vanlege at forfattaren skjuler seg. Svært sjeldan brukar den som skriv, ordet ”eg” eller ”jeg”. Forfattarstemmene i norsk sakprosa trer gjerne fram indirekte, gjennom drøftingar og gjennom synsvinkel. Denne skrivemåten er det generelt sett ingenting i vegen med, som oftast er det befriande at forfattaren let vera å blanda sin person inn. Rossavik valde då også å framstå slik – eller ikkje framstå – i boka om Førde.
En god story viser heilt andre val. I Valebrokk-biografien er forfattarstemma tydeleg ikkje berre i forordet, men også frå det andre kapittel og utover, og forfattararbeidet, -drøftingane og -vurderingane er lette å følgja. Ikkje slik å forstå at Rossavik gjer seg til ein viktig person i Valebrokks liv, men slik at han med eit ”jeg” løyser opp dei mange skrivevanskane og misvisingane som kunne ha oppstått dersom han skulle skriva Valebrokks biografi som ei autoritativ og samanhangande forteljing. I arbeidet med boka fann han motstridande påstandar som han har valt å setja opp ved sida av kvarandre. Han har hatt mange relevante spørsmål som han ikkje finn svar på. Han viser tvil omkring eigne konklusjonar, men likevel ikkje meir enn at det endelege bildet får ei form.
Rossaviks synleggjering av forfattararbeidet fokuserer ikkje på Rossavik. Det bidrar tvert om til å teikna bildet av Valebrokk skarpare. Fordi det viser den høge temperaturen. Kor beundra, men også omdiskutert han var. Kor offensiv og inspirerande, men også korleis stridar og spenningar oppsto rundt han. Og fordi arbeidet i så stor grad har handla om å pakka mannen ut frå alle dei mytane han sjølv og andre har spunne han inn i.
Snill?
I omtalen av Valebrokk som journalistisk nyskapar fokuserer Rossavik på finansjournalistikken, naturleg nok. Eg saknar likevel innsatsen hans for å omforma norsk kulturjournalistikk. Gjennom Etter børs-sidene, som Valebrokk henta Bjørgulv Braanen til å leia, skapte DN ein kritisk kulturjournalistikk som fekk ringverknader mellom anna i Aftenposten der Einar Hanseid forsøkte å få til noko som likna.
Eg skulle også gjerne ha sett ei grundigare omtale av den makta Valebrokk skaffa seg gjennom dei mange lutefiskmiddagane på Theaterkafeen. Utsiktene til å bli henta inn i eller teken ut av varmen der, må ha påverka folks oppførsel og ikkje minst andre pressefolks omtale av han.
Den upresise måten Rossavik refererer til kjelder på, er også ei svakheit ved boka. Det same må eg seia om enkelte av omgrepa han brukar. Valebrokk var snill, heiter det fleire stader når Rossavik skal forklara svakheiter i leiarstilen hans, men ”snill” er ikkje eit omgrep som er presist nok til å ha den forklaringskrafta Rossavik tillegg det. Om Valebrokk var snill i mine tydingar av ordet, tvilar eg sant å seia på.
Mytane om den hardkokte, sarkastiske tøffingen Valebrokk blir elles grundig drøfta. Dei mange gode historiene får prisverdig nok bli med i bildet, og noko sant finn Rossavik i dei. Men han demaskerer også konfliktvegring og andre svakheiter som eg ikkje skal røpa her.
Frank Rossavik har levert eit spennande og forbiletleg nyansert svar på ei krevjande biografisk oppgåve. Dei mange motsetnadene i det endelege portrettet blir elegant samla på siste sida: Nokre sentimentale avsnitt som endar i den frekkaste punchline eg har sett i nokon norsk biografi.