Hopp til innhold
Anmeldelse

Ei utfordrande reise inn i hemnen

I «Teorier om sand» let Kristin Hauge ein sekulær liberalar få sansen for sharialover.

Kristin Hauge og bokomslag til romanen "Teorier om sand"

FENGANDE: Kristin Hauge dreg filosofiske diskusjonar om brotsverk og straff over på eit konkret nivå i denne romanen, der ei heilt vanleg kvinne opplever at ho er full av hat og hemntankar den dagen ho misser dotter si.

Foto: Eigil Korsager / Vigmostad Bjørke
Bok

«Teorier om sand»

Kristin Hauge

Skjønnlitteratur

2021

Vigmostad & Bjørke

Det er når dei verkeleg store krisene rammar, at verdiar vert sett på prøve. For Anna, ein fråskilt journalist midt i livet, skjer dette den dagen presten kjem på døra og melder at dottera Karla, nyss ferdig på vidaregåande, er drepen.

Drapet blir raskt oppklart, utan at vi blir involvert verken i etterforsking eller motiv. Romanen legg seg langt unna krimsjangeren, og dramaet – for det er eit drama – følgjer heilt andre spor, noko som gjer «Teorier om sand» til ein annleis roman i positiv meining.

Først må eit par brikker på plass: Karla budde hjå far sin som jobba i Sudan. Det fatale skjedde då ho var med på ein arrangert tur inn i ørkenen med kamelar og telt. Ingen kan vite kvifor ho gjekk ut av teltet på natta og la seg i sanddynene. Og ingen får vite kvifor tre menn som kom forbi tok livet av henne.

Var det for å rane henne for pengar og mobil? Var dei arge på kvite, rike turistar som ikkje hadde noko der å gjere? Var det moralsk provoserande at ei ung kvinne låg der aleine?

Det vi får vite, er kva som skjer med denne heilt vanlege norske dama som jobbar i lokalavisa. Anna vil ha hemn og det kan ho få – viss ho vil.

Er tilgjeving å svike offeret?

Ifølgje romanen praktiserer Sudan nemleg sharialover. Eg formulerer det slik, fordi eit kjapt nettsøk tyder på at dette islamske rettssystemet vart avskaffa i Sudan i fjor, berre så det er nemnt. Poenget her er at sharialovene – stadig ifølgje romanen – opnar for at den næraste familien til offeret kan vise nåde og dermed sørgje for mildare straff.

Livet til den unge mannen som utførte drapet, ligg i hendene på Anna og eksmannen Arne. Arne vil vise nåde, Anna vil at mordaren skal døy. Auge for auge, tann for tann, liv for liv.

Det er her vår hovudperson sjokkerer både seg sjølv og folk rundt henne, og det i så høg grad at ho set i gang studiar av lover, praksisar og idear omkring brotsverk og straff. Målet er å skrive om dette.

Her er det nok å ta av, og studiane fører til lange samtalar med presten, som er meir oppteken av nåde og tilgjeving enn Anna er.

Medan Anna ser hemnen som ein måte å bevare lojaliteten til offeret på, peikar presten på at om ho tilgjev vil ho frigjere framtida si frå ugjerninga; ho kan ta tilbake makta over sitt eige liv og ikkje la seg styre av mordaren.

Sprikande, men tankevekkjande roman

Denne diskusjonen er såpass interessant at dveling ved ei utruskapshistorie som utløyser sjalusi, verkar unødvendig. Den er rett nok ikkje malplassert, ettersom sjalusien dukkar opp i andre samanhengar også: På ei reise Anna, søstera hennar og eksmannen tek ut i ørkenen, blir ho stadig mint på at ho og dottera ikkje stod kvarandre særleg nær; Karla har fortalt mykje meir til dei to andre.

Historia står på to bein: Det som skjer inni Anna, og arbeidet med å setje hemntankane inn i eit større perspektiv.

Romanen kunne godt tolt meir av refleksjonar kring brotsverk, straff, straffemetodar og filosofiane bak. Der presten ikkje er med som samtalepartnar, får stoffet ofte preg av research til artikkelen. Dei to beina står til tider langt frå kvarandre.

Likevel forskrevar ikkje romanen seg.

Kristin Hauge har levert ein tankevekkjande, rørande og til tider hjarteskjerande roman som bevegar seg frå tynne filosofiske luftlag og heilt inn i sinnets mørkaste krokar via skafottet.

Det er heller inga ulempe at forfattaren tidlegare har budd i Sudan, som diplomat.

Alle anmeldelser og anbefalinger finn du på nrk.no/anmeldelser.

Anbefalt lesing vidare: