Hopp til innhold
Anmeldelse

Gaute Heivoll har noko mange krimforfattarar kan misunne

«Forklaringen» tek oss inn i dei mørke romma der draumar og brotsverk ligg i kim.

Omslaget til romanen "Forklaringen" kjem ut sommaren 2021 skrive av forfattar Gaute Heivoll.
Foto: PAAL AUDESTAD / TIDEN FORLAG
Bok

«Forklaringen»

Gaute Heivoll

Skjønnlitteratur

2021

Tiden Forlag

Mord. Etterforsking. Oppklaring.

Dersom det er dette som skal til for at ein roman skal kunne kallast for krimroman, så har Gaute Heivoll skrive krim denne gongen.

Likevel er forfattaren seg sjølv lik; han utforskar det som skjer i sinnet og mellom menneske, gjerne i eit lite lokalmiljø, gjerne i eit samfunn der bedehuset har ein sentral plass.

Der er vi. Og i «Forklaringen» blir ikkje det mest sentrale kven som gjorde det og heller ikkje motivet, sjølv om motoren i handlinga ligg her.

Heivoll går vidare til spørsmål som: Kva er det i folk som får dei til å gjere slikt? Har vi alle dette i oss? Kvifor tek somme det siste steget mens andre ikkje gjer det?

Eit mord i Kristiansand, 1967

Eli, ein forsiktig og stille 15-åring, blir funnen bunden og knivstukken i eit skogsområde like ved der ho bur.

Arne, ein enkelt møblert ung mann som er kjent for å samle flasker, sykle rundt utan mål og meining og ikkje minst for å glane lystent på damer, tilstår drapet.

Han er den perfekte gjerningsmannen. Men så kjem nok ei tilståing, og forvirringa er stor hjå politiet, ja ho nærmar seg irritasjon.

To tilståingar er ikkje eit luksusproblem. Det er ei skikkeleg knipe. Dessutan er det fleire enn dei to som godt kan ha gjort det, sjølv om dei ikkje har tilstått. Og mens politiet arbeider med brikker som ikkje vil falle på plass, tek Heivoll oss med vidare til einskildmenneske:

Til den fromme Annbjørg som ikkje har noko med saka å gjere, men som likevel føler seg skuldig. Til presten og ungdomsleiaren som er sikre på at uansett kva som har skjedd, har nok Gud ei meining med det. Til mora til Arne som får anonyme brev i posten og blikk på gata. Og til Arne, som har så frykteleg lyst på ei dame. Men ikkje til Eli.

Uroa etter at mordet er oppklart

Den døde Eli blir den som kastar lys over alle dei andre, og over alt som skjer i kjølvatnet av mordet.

Det mest opplagde er alle historiene: At politiet må setje saman ei historie som held i retten, er forståeleg. At kyrkje og bedehus ser det som del av Guds plan går det an å tenkje seg. Men historiene tyt ut alle stader: i dei spontane folkedomstolane som blir danna i nabolag, rundt middagsbord, i aviser. Og historiene blir stadig meir fantasirike.

Heivolls styrke

Mennesket er eit forteljande dyr som prøver å skape meining i det uforståelege. Heivoll viser korleis uroa set i gang ei veldig historieproduksjon, som for å tette hola inn til det uforståelege, mørke og kaotiske.

Og nettopp i framvisinga av uro meiner eg Heivoll viser kva han verkeleg er god til: Det ligg nemleg ei uro over heile boka; over replikkvekslingar mellom tenåringsjenter, over møta på bedehuset, over små avstikkarar på skulevegen.

Uroa ligg i også forklaringane til dei to som først er mistenkte, forklaringar som avslører forståelege draumar om eit anna liv.

Denne uroa går ikkje over sjølv om mordet blir oppklart, ettersom ho finst sinnet til dei vi får kome tett inn på, og som alle ber på eit mørke. Ein av dei tek det ut på Eli. Kunne det like gjerne vore ein annan?

Uroa Heivoll skriv fram, og som mange krimforfattarar bør misunne han, må ikkje forvekslast med uhygge. Han skremmer oss ikkje med ein sadist som er ute etter å drepe folk som oss. Tvert i mot: han skakar oss fordi mordaren liknar temmeleg mykje på oss andre.

Det gjer Gaute Heivoll til ein viktig forfattar.

Anbefalt vidare lesing: