Hopp til innhold
Anmeldelse

Smart bok om problemet med å vere «by-indianar»

Tommy Orange debuterer med sterk og tankeutvidande roman om urbane cheyenne-indianarar i Oakland. Han er sjølv ein av dei.

Bokomslag "pow-wow" og Tommy Orange

FENGSLANDE: Historia om ein gjeng by-indianarar som slit med det meste, har blitt eit fengslande gruppeportrett der både rådløyse, kampvilje og djup ambivalens får spele seg ut.

Foto: Aschehoug forlag
Bok

Powwow

Tommy Orange

Roman

2020

Aschehoug

Og dei kallar seg sjølv indianarar, berre så det er sagt. Eller urinnvånarar, eller innfødde, eller amerikanske indianarar eller ei rekkje andre namn, for namnet folk bruker om seg sjølv er ikkje noko ein tullar med.

Eller jo, Tommy Orange tullar med det. Han tullar med etternamna også: Orange, Brown, Black. Du skjønar teikninga? Namn dei fekk av dei kvite fordi alle måtte ha eit etternamn og ikkje berre køyre med slikt som «Raude fjør» eller «Bjørneskjold».

Forfattaren går rett inn i dei vanskelege spørsmåla og der gjer han det ikkje lett for seg sjølv.

Resultatet har blitt eit gruppebilde det blir vanskeleg å gløyme, av byindianarar som i utgangspunktet ikkje har så mykje med kvarandre å gjere. Og kva er så ein «byindianar»? Det lurer dei på sjølv også.

Powwow og ambivalens

Fellesnemnaren for alle vi blir kjent med, er at dei skal på powwowen, der indianarar frå fjern og nær set kvarandre i stemne for å konkurrere i dans og musikk, ete, drikke og møte kjende og ukjende. Einslags landskappleik, altså.

Somme arrangerer den, andre skal danse, eller tromme, eller vere publikum. Og ein nokså nedsnødd gjeng unge menn skal rane pengepremiane.

Sakte dannar det seg eit bilde av korleis fleire av desse folka kan ha meir felles enn dei anar: Svært få fedrar veit at dei er det, og kven er eigentleg den dama nokon kallar for «bestemor»?

Våre folk har uryddige familieforhold, høgt forbruk av dop, alkohol, og bustadadresser. Dei skammar seg over å vere indianarar, dei fortrengjer det, eller dei er stolte av det. Av samansette grunnar og med djup ambivalens dreg dei til Big Oakland Powwow.

«I kamp mot terrorisme siden 1492»

Når ein norsk lesar tenkjer at det kanskje er på tide med eit menneske som greier seg litt betre enn så vidt, kjem forfattaren med eit knallhardt «Mellomspill» der han snakkar direkte til oss, slik han også gjer i forordet.

Han harselerer med typar som tenkjer «kom dere over det», eller «hold opp med å spille offer» og forklarer kvifor. Velmeint snusfornuft bit ikkje på folk som har hatt nederlaget gnidd inn i identiteten sidan Christofer Columbus kom til landet deira i 1492.

Orange er tydeleg: Mi rolle som lesar er å prøve å forstå, ikkje å kome med lettkjøpte råd. Tony og Edwin og Harvey og Jacquie veit at livet deira er eit einaste rot. Spørsmålet er om dei finn ein måte å kome ut av det på, individuell eller kollektiv.

Dene, som har fått offentlege midlar for å dokumentere historiene til byindianarane, oppdagar at dei færraste har noko som helst å fortelje. Urfolk-identiteten deira er språklaus. Korleis er ein indianar i byen, utan fjør og tipi, ja, utan eigne historier og utan å forstå eit ord av cheyenne-språket?

Fryktlaust om asfaltindianarens dilemma

Dette er ei mørk bok. Men sjølve det at boka faktisk finst, er eit lyspunkt.

Ein ting er godt teikna episodar og rapportar om klistremerke med tekst som «Klart du kan stole på myndighetene, bare spør en indianer!» eller «I kamp mot terrorisme siden 1492».

Ein annan er personskildringane og den knallharde historieforteljinga.

Men det som imponerer meg mest, er at romanen går fryktlaust inn i skogen av dilemma for ein moderne byindianar.

Å måtte lære om cheyennene på nett, fordi foreldra dine ikkje ville vite av det. Å vite at ein stadfester alle triste fordommar om indianarar. Å føle seg litt som dei heilt håplause «pretendians», dei som ikkje er av urfolk-slekt, men som svermar for det. Å ha ei stolt fortid som det er høgst uklårt kva ein skal gjere med.

Her ligg ambivalensen dei har til powwowen, som prøver å feire identiteten samstundes som sjølve arrangementet ropar at her har vi nokon problem, ur-folkens!

Og når powwowen omsider er der, blir alt annleis enn kvar og ein trur, og her inkluderer eg lesarane. Men både personane og lesarane får litt av kvart å tenkje på.

Anbefalt vidare lesing: