Hopp til innhold
Anmeldelse

Fargesterkt drama med hint av skandale

Her er romanen om metoo i amerikansk filmbransje, politisk ekstremisme og innvandringsmotstand – for 100 år sidan. Verda endrar seg ikkje så fort, heller.

Kari F. Brænne og bokomslag "Perleporten"

SOLID OPPFØLGJAR: «Perleporten» må tole å bli samanlikna med førsteboka i serien om ei tsardotter på ville vegar. Bok nummer to er ikkje like heftig, men vel verdt å lese mens vi ventar på bok nummer tre.

Foto: Niklas Lello / Aschehoug forlag
Bok

Perleporten

Kari Fredrikke Brænne

Skjønnlitteratur

2020

Aschehoug

Forfattaren Kari Brænne tok i 2015 eit djervt «tenk viss»-grep om historia: Tenk viss tsardottera Maria ikkje døydde i 1918, då raudegardistane avretta heile familien?

Resultatet vart romanen «Himmelfall», der Maria Nicolajevna overlever. Ho snublar ut i eit revolusjonært Russland tynga av eit korsett med innsydde edelsteinar, og utstyrt med eit sterkt ønske om å overleve.

Forfattaren skapte eit drama på liv og død med kraftfull fargelegging og krappe spenningskurver. For dei av oss som har sansen for slikt, vekte «Himmelfall» ønskje om ein oppfølgjar.

Og sanneleg: No er roman nummer to, «Perleporten», her. Maria snublar framleis rundt. Den store forskjellen er at ho denne gongen er i Amerika. Det får konsekvensar både for Maria og for historia.

Omvendt klassereise

Der Russland 1918 var eit kok og eit kaos, er USA på tidleg 1920-tal eit nokolunde fungerande land. Maria blir ein av mange innvandrarar som skal finne sin plass. Det er ei historie som er fortalt før, så kva er nytt her?

Maria Nicolajevna alias Mary Nicholls taklar den omvende klassereisa dårleg. Ho søkjer seg stadig bort frå det trygge og kjedelege og inn dit det er makt, erotikk, store saker i sving.

Igjen og igjen gløymer ho at ho er ei fattig kvinne utan kontaktar, og på ingen måte ei skjerma tsardotter lenger. Mary får juling og Maria toler det ikkje.

Ho kolliderer hardt med mannssjåvinistiske tendensar i filmbransjen, seksuell utnytting, innvandringsregulering, rasisme, klassespørsmål, intoleranse. Spørsmål som var aktuelle både på 1920-talet og i dag.

Russland er heftigare enn USA

Gradvis blir den amerikanske måten å handtere desse spørsmåla på meir viktig enn skildringa av ei stadig meir desillusjonert og sint Maria. Ivan, raudegardisten som gjorde henne gravid og berga henne, får noko av same rolla når han kjem til syne i utvalde kapittel.

Handlinga i «Perleporten» flyt rolegare og gir plass for å undersøkje slikt som identitet – eit nokså naturleg tema for ei «død» tsardotter. Og kva med dei som har hamna i det ekstreme, anten dei marsjerer med raudegardistane eller med Ku Klux Klan, korleis hamna dei der? Går det an å skape seg sjølv på ny?

Vel og bra. Men trass i grundig research og ei godt snikra historie: USA-eventyret blir aldri like heftig som Marias ville ferd gjennom Russland.

Men kvar skal det ende?

No er det sjeldan at roman nummer to i ein serie er den som glitrar mest. Trilogiar har det med å få fasong som ei hengekøye, der bok nummer to først kjem til sin rett når bok nummer tre er på plass.

Slutten på «Perleporten» er skreddarsydd for ein oppfølgjar, som eg håpar og trur vil kome. Det kan ikkje stoppe her!

Anbefalt lesing: