Hopp til innhold
Anmeldelse

Farse med fartsproblem

Sjeldan har eit ran handla mindre om utbyttet enn i den morosame, men litt langdryge «Kunsten å rane en bank».

Scenebilde fra teateroppsetninga «Kunsten å rane en bank» ved Rogaland Teater
Foto: stig havard dirdal / stig havard dirdal
Teater

«Kunsten å rane en bank»

Rogaland Teater, Stavanger

30. nov. 2022–22. des. 2022

Når eit slurvete sjarlatanrede av ein bank får i oppgåve å ta hand om ein svært dyrebar diamant tilhøyrande ein ungarsk prins, er det duka for farse.

Ved Rogaland Teater speler dei bankran-komedie no i førjulstida – ei tid der fleire enn før kjenner på ei litt for slunken lommebok.

Skal ein få idear til korleis skaffa snabba cash i førjulstida, får ein i alle fall flust med tips til kva ein ikkje skal gjera om ein tek turen for å sjå «Kunsten å rane en bank».

Men ein får seg ei god latterkule og to.

Bilder fra forestillingen «Kunsten å rane en bank» ved Rogaland Teater

BAK LÅS OG SLÅ: Det startar med lureri i fengselet, der tilsette vert utsette for dei innsette, og makta vert snudd på hovudet. Til no går alt etter sjefsskurken Mitch (Espen Reboli Bjerke, bakerst til høgre) sin plan.

Foto: Stig Håvard Dirdal

Den lurvete banken, som har fått i oppgåve å ta vare på den verdfulle og freistande edelsteinen, ligg i Minneapolis, USA. Handlinga er sett til 1950-åra.

Komedien er derimot ganske ny, britiske The Mischief Company har gjort stor suksess med originalversjonene av både denne og «Kollaps i kulissene», som turnerte med Riksteatret i 2017.

(Der var det faktisk ein aldri så liten kollaps i kullisane då rekvisittar vart stolne medan stykket var på turné.)

Komikk i det kvardagslege

Det heile startar i eit fengsel der kriminelle Mitch Ruscitti (Espen Reboli Bjerke) får besøk av fengselsdirektøren.

Ruscitti har lese om den ungarske diamanten, og har ein plan.

Scenebilde fra teateroppsetninga «Kunsten å rane en bank» ved Rogaland Teater

MOROSAMT: Forviklingar på høgt nivå når forkledningar vert tekne i bruk. Kven er bankdirektør – eigentleg? Og kvifor er buksa nede? Slike scener vekker stor latter i «Kunsten å rane en bank». Frå venstre: Anders Dale, Matias Kuoppala, Ingrid Rusten, Øystein Martinsen og Leo Magnus de la Nuez.

Foto: Stig Håvard Dirdal

Han har alliert seg med fengselsbetjent Neil Krabb (Øystein Martinsen) – og etter mykje plunder og fjas kjem han seg fri og set kursen mot Minneapolis City Bank.

Dit er det sjølvsagt fleire som har tenkt seg.

Frå starten verkar komedien litt snublande og tung, og eg undrast litt over kor regissør Bartek Kaminiski har tenkt seg med framsyninga.

Men så dukkar det opp noko finurleg. Kaminiski har sjølv omsett komedien frå engelsk, og det er tydeleg at han har hatt ei artig stund på jobb når han leika seg med språket.

Det som i utgangspunktet er plumpe og fantasilause replikkar, vert gjentekne så mange gonger og tilført så mykje situasjonskomikk at det verkeleg vert morosamt.

Komikken ligg i det kvardagslege, i det heilt vanlege som ein freistar gjera til noko stort.

Latterkrampevekkande

Det er eigentleg ikkje diamanten som er det sentrale i denne framsyninga. Det som tel, er draumen om eit betre liv. Draumen om å verta fri, leva som ein vil med den ein vil.

Drifta mot dette er stor hjå alle karakterane, og dei er villige til å ofra mykje for rikdom, kjærleik og eit sutlaust liv.

Øystein Martinsen er den store komihelten ved Rogaland Teater. At dette er eit fag han kan, har han vist fleire gonger. Her speler han fengselsbetjent med amatørteatererfaring, og det er hylande morosamt.

Bilder fra forestillingen «Kunsten å rane en bank» ved Rogaland Teater

HYSTERISK: Stykkets morsomste scene er en slå-i-hodet-scene som går hardt ut over bankfunksjonærpraktikant Warren (Even Stormoen). Fra venstre: Anders Dahle, Stormoen, Espen Reboli Bjerke.

Foto: Stig Håvard Dirdal

Men den mest latterkrampevekkande scena i framsyninga er det praktikant-funksjonær Even Stormoen og bankdirektør Anders Dale som står bak saman med skurk Espen Reboli Bjerke.

I ei klassisk slå-kvarandre-i-hovudet-scene vert mykje latter forløyst.

Det slår meg at dei sikraste humor-korta framleis er nett desse tradisjonelle farse-elementa – forviklingar der karakterane går inn og ut av feil dører til feil tid, der ein tullar så mykje med ord at det blir hysterisk, og der ein slår kvarandre i hovudet med ting, får ei dør i andletet, blir tatt med buksene nede.

Slike scener er det fleire gode av i «Kunsten å rane en bank», men det kunne vore mange fleire.

Framsyninga varer i to og ein halv time, og nokre av scenene kjennest for lite fartsfylte.

Scenebilder henta fra prøver av forestillinga «Kunsten å rane en bank» ved Rogaland Teater

TATT PÅ SENGA: Ingen komedie utan sengehumor – slik er det òg i «Kunsten å rane en bank». Ikkje alle gøymestader er nemleg like gode. Øverst: Leo Magnus de la Nuez, i midten Espen Reboli Bjerke, underst Ingrid Rusten.

Foto: STIG HÅVARD DIRDAL

Litt for langt manus

Kaminiski forsøker seg mellom anna på å skråstilla ein kontorpult i beste Team Antonsen-stil (jamfør slik Atle Antonsen og Kristopher Schau freista laga mat sidelengs, berre mindre morosamt) medan ranarane freistar krabba gjennom ventilasjonssystemet.

Her blir det for mange underlege nivå på same tid, og ikkje noko av det er viktig for stykket i seg sjølve.

Slike passasjar nærast bremsar farta i komedien. Dei kunne fint korta komedien ned.

Men her er rikeleg med underhaldning – ei seng som lever sitt eige liv, særs artige telefonsamtalar mellom ein CIA-agent (Matias Kuoppala) og ei rekke overordna med stadig veksande bartar.

Scenografien er oppfinnsam, særleg når dei nyttar køyretøy til flukt.

Scenebilder henta fra prøver av forestillinga «Kunsten å rane en bank» ved Rogaland Teater

UNDERHALDANDE: Oppfinnsame fluktkøyretøy gjer susen i «Kunsten å rane en bank» ved Rogaland teater. Frå venstre: Espen Reboli Bjerke, Leo Magnus de la Nuez og Øystein Martinsen.

Foto: STIG HÅVARD DIRDAL

Ensemblet syng bra (dei kunne sunge meir), koreografien sitt fint (meir av det òg).

Eit eksempel er eit møte i ein kyrkjelyd som CIA-agenten går på. Her syng dei ei gospellåt som tek av litt for fort. Hadde låten vart to minutt lenger, hadde dramaturgien vore merkbart betre.

Ein annan sak er kvifor agenten i det heile drog til kyrkja. Det har ikkje noko å seia for handlinga i det heile – men det appellerer til publikum.

Likevel: Det hadde vore meir morosamt om dei hadde sydd framsyninga tettare saman.

Det er først og fremst i situasjonskomikken det verkeleg tar av i «Kunsten å rane en bank».

Gode skodespelarar kan ikkje heilt bøta på eit litt for langt manus som gjev farsen for lite framdrifts-futt.

Hei!

Jeg anmelder teater, scenekunst og dans for NRK som frilanser. Les også anmeldelsene mine av «Det mørke fortet» av Riksteatret, «Vildanden» av Nasjonalballetten i Operaen, eller «Moby Dick» ved Det Norske Teatret.