Hopp til innhold
Anmeldelse

Viktig visuell historieforteljing

Denne teaterframsyninga om demens er ikkje redd for å visa fram dei vanskelege kjenslene.

Før jeg Glemmer
Foto: Magnus Skrede / Teater Innlandet
Teater

«Før jeg glemmer at jeg elsker deg: Jeg elsker deg»

På turné i Innlandet

17. november-15. desember 2022

Over 100.000 personar lever med demens i Noreg i dag. Det vil seia at det truleg finst fleire hundre tusen som er pårørande til nokon som har ein slik sjukdom.

Teater Innlandet er på turné i førjulstida med teaterstykket «Før jeg glemmer at jeg elsker deg: Jeg elsker deg», som handlar om å mista ein dement ektefelle – og om å verta dement sjølv.

Framsyninga er tydeleg og klår. Ho går ikkje utanom vanskelege kjensler knytt til å vera nær ein dement person.

Einmanns-avskjed

«Før jeg glemmer at jeg elsker deg: Jeg elsker deg» er ei einmanns-framsyning. John Nyutstumo speler med denne si siste oppsetjing som tilsett ved Teater Innlandet.

Stykket startar med karakteren Terje (Nyutstumo) som held tale i kona si gravferd. Han mista kona til demens lenge før ho døydde frå han.

Fra Før jeg glemmer at jeg elsker deg: Jeg elsker deg, Teater Innlandet

EIT LANGT FARVEL: Terje blir åleine lenge før kona døyr.

Foto: Magnus Skrede / TEATER INNLANDET

Gjennom den vesle timen stykket varer, følgjer publikum Terje heim etter gravferda, der han les eit kjærleiksbrev kona skreiv til han før ho gløymde seg heilt vekk.

Stykket viser korleis han kjem seg vidare trass einsemd, og etter kvart snik kjensla seg inn: Har han byrja bli dement, han og?

Det viser seg å stemma. Terje kvervlast inn i karusellen av gløymsle, frimot og fortviling.

Ikkje berre medhårs

Den britiske dramatikaren Pip Utton har skrive stykket. Det er tydeleg i språket, men byr ikkje på overraskingar i sjølve forteljinga.

Det er på eit vis føreseieleg både i replikkar og i karakterbygging. Handlingsmønsteret til Terje er nett slik ein kunne tenka seg på førehand.

Framsyningar som handlar om noko ein fryktar og som det er knytt sorg og store vanskar til, har lett for å verta flate i møte med eit manus som ikkje har særleg mykje mellom linjene, slik som tilfellet er for denne teksten.

Han treng at dei andre verkemidla, som scenografi, lys, og lyd òg er med på å fortelja historia med tyngde.

At dei ikkje berre bekreftar teksten og stryk han medhårs, men utfordrar han og utvidar historia. Og det synest eg scenografien til Sabina Jacobsson gjer.

Mister tråden

Over det mørke scenerommet har ho trekt ei slags gardin av mange tynne trådar. Slik skapar Jacobsson eit rom Terje kan gå inn i og gøyma seg i, som ein vegg der ingen når heilt inn til han.

I taket er ei skjene som gjer at denne gardina kan trekkast til side og bakover og slik skapa nye rom. Det er effektfullt og er med på å løfta forteljinga.

På trådveggen vert det projisert strekar som rotar seg til etter kvart som Terje byrjar gløyma. Det fungerer godt.

Mindre vellukka er det når tekst blir projisert på veggen, då er det som om dei talte orda og den projiserte teksten kjempar om plassen og merksemda.

Før jeg glemmer at jeg elsker deg: Jeg elsker deg

ROTAR DET TIL: Strekane viser korleis det rotar seg til for Terje etter kvart som han blir dement. Når strekane blandar seg med bokstavar, rotar det seg til også i førestillinga.

Foto: Magnus Skrede

Kastar lys over sorga

Musikken som er brukt i stykket, er spelt av Bugge Wesseltoft. Det òg eit godt val.

Wesseltoft sitt særpreg som musikar er mellom anna at han brukar nye og overraskande klangar både i sitt eige materiale og på songar skrivne av andre.

Pianomusikken er roleg, men full av uventa harmoniar. Det er med på å forsterka det uverkelege som pregar kvardagen når demensen festar sitt grep om han.

Boren av dei gode verkemidla i «Før jeg glemmer at jeg elsker deg: Jeg elsker deg» står Nyutstumo støtt i framsyninga. Han har tyngd i rolla, sjølv der teksten er svak.

Overgangen frå å gløyma litt til å mista seg sjølv spelar han godt fram.

Saman med musikk, scenografi, lys og nokre av projiseringane skapar Nyutstumo nye rom i det vanskelege rundt demens.

Framsyninga er likevel litt for forutsigbar, men samstundes gjenkjenneleg. For mange vil nett det gjere ho til ei god teateroppleving.

Hei!

Jeg anmelder teater, scenekunst og dans for NRK som frilanser. Les også anmeldelsene mine av «Det mørke fortet» av Riksteatret, «Vildanden» av Nasjonalballetten i Operaen, eller «Moby Dick» ved Det Norske Teatret.