Hopp til innhold
Anmeldelse

Blodig moro

Den som tykkjer identitets­politikk er masete, bør oppsøka næraste Blodklubb ved høve. Då kan ein få trua – på litt av kvart.

Fra «Blodklubb» under Festspillene i Nord-Norge 2024.
Foto: Roger Hennum
Terningkast 4 Show

«Blodklubb»

Festspillene i Nord-Norge, Sentralen i Harstad

23. juni 2024

Kor går skiljet mellom liv og kunst?

Vanskeleg å seia, sjølvsagt.

På Blodklubb under Festspillene i Nord-Norge vart liv, kunst og identitets­kamp foreina gjennom song, dans, tromming og spytte­konkurransar.

Skallemål

Blod har til alle tider vore knytt til religion og ritar. Sjølve livs­krafta ligg jo der, og blodet ditt fortel kven du er.

Så då Festspillene i Nord-Norge presenterte konseptet Blodklubb som noko som skal utforska kultur og genetikk gjennom aggresjon, adrenalin og latter, tenkte eg at her bør eg vera.

Eg forstod snart at dette var ein snakkis i Harstad. Så eg stilte meg i den lange køen framfor teltet ved hamne­promenaden.

Men skulle eg sleppa inn, måtte skallen min verta målt først.

Eg kjende liksom eit gufs frå fortida, men alle verka så oppglødde over å få skallen sin målt at eg tenkte eg fekk la det stå til. Kategorisert som langskalle var eg klar for klubb.

Fra «Blodklubb» under Festspillene i Nord-Norge 2024.

SKALLEMÅLING: Sigbjørn Skåden frå Blodklubb har nett måla skallen til ein deltakar og markert ho som langskalle (lang strek). Deltakaren er klar til blodig dyst.

Foto: Renate Jensen

Identitet i spel

Blodklubb-konseptet er ikkje nytt, det vart starta i 2018 og har halde klubb­kveldar i regi av Ferske Scener. Dei fire grunnleggarane Sigbjørn Skåden, Kristina Junttila, Kristin Bjørn og Bernt Bjørn har bakgrunn frå det norske, finske og samiske. At «blodklubb» også kan visa til ein tradisjonell matrett understrekar den kulturelle arven.

På Blodklubb-kveldane sett dei identitet i spel. Konseptet starta med at alle dei fire tok ein gentest som stadfesta kvar dei ætta frå, og dette er utgangs­punktet for å feira blodet. Det er der identiteten ligg.

På eit kunstnarleg smart og underhaldande vis tematiserer dei kven ein skal vera i ein kultur som stadig endrar seg.

Denne gongen vart spørsmåla stilt med tromming, leik, karaoke og dartkasting på vass­ballongar fylte med blod.

Fra «Blodklubb» under Festspillene i Nord-Norge 2024.

BLODETS DAG: På store skjermar kom ulike tekstar, bilete og video opp. Her: Kampspråket til Blodklubb, som under Festspillene i Harstad markerte si eiga oppfinning «Blodets dag».

Foto: Roger Hennum

Blodleikar

Som på alle møte (for Blodklubb er eit slags møte), er det både song og (litt for lange) talar – og dans.

Skåden, Junttila, Bjørn og Bjørn er kledde i kofte, sari, dress og kvardags­klede. Publikum får popkorn, og denne kvelden skal me feira blodets dag. Alle fire har små talar med mykje humor (på engelsk grunna utanlandske tilhøyrarar i publikum).

At framføringa er på engelsk, står i vegen for noko av det som verkar vera det spesielle med Blodklubb: den djupe nordlege og samiske forankringa, leiken og vekslinga mellom dei ulike språka.

Det aspektet kjennest vesentleg, og fråværet av den språklege leiken var merkbar.

Heile tida smell popkorn­maskina i veg. Me syng blodets song, og snart skal me dansa til ein ny musikkvideo (kjempegøy!). Så er det lodd­trekning, deretter tromme­øving.

Og så kjem blod­leikane, der salen vert delt inn i lag (kortskallar mot langskallar) og konkurrerer mot kvarandre i sju ulike greiner: blod-dart, tautrekking, blodspytting, danse­konkurranse – mellom anna.

Det er her det skjer noko: Temperaturen er høg, konkurranse­instinktet det same – folk skrik, spyttar blod, spring og dansar i ein fellesskap som er ganske interessant. Me er jo trass alt berre delte inn i kortskallar og langskallar for anledninga.

Bra «Blodklubb» under festspillene i Nord-Norge 2024

DANS: Ein heilt ny Blodklubb-musikkvideo med koreografi til fekk verdspremiere under Festspillene i Nord-Norge. Publikum var ikkje vonde å be.

Foto: Roger Hennum

Latter og brøl

Kva Blodklubb eigentleg er? Eg ser det som eit forsøk på samling. Eit slags forsøk på ein einskap full av skilnader. Eller «eit kjærleg rabalder», som ein meldar tidlegare har kalla konseptet.

Saka er at denne klubben set seg i kroppen, han er ikkje så lett å gløyma. For kva var det me dansa? Kva var det me gjorde i lag? Kor kom denne felles­skapen frå, styrken til brøla og kamplysta? Og, ikkje minst, all latteren?

Blodklubb er eigentleg vanskeleg å skildra. Ein må oppleva det, høyra Bernt Bjørn synga og fortelja, han er liksom magneten i framsyninga.

Fra «Blodklubb» under Festspillene i Nord-Norge 2024.

ALLSONG: Skodespelar Bernt Bjørn er ein av frontfigurane i Blodklubb. Han har eit sterkt nærvær og får heile salen lett med på allsong.

Foto: Roger Hennum

Tekstdelane er tunge, kanskje mest fordi det føregår på engelsk. Strukturen på klubb­kvelden er ikkje direkte stram, og det vert ein lang kveld. Men det er ei oppleving ein ikkje vert ferdig med så lett.

Eg er nysgjerrig på kva som hender når engelsken ikkje står i vegen.

Det betyr kanskje at eg må tilbake neste gong.

Hei!

Jeg anmelder scenekunst og litteratur for NRK. Les også anmeldelsene mine av «Pinocchio» ved Festspillene i Bergen, «Europavisjonar» ved Det Norske Teatret, eller balletten «Day before Tomorrow» i Operaen. 

Endringslogg 28. juni 2024 kl. 13:05: Teksten er oppdatert med ein referanse til matretten «blodklubb».

Kulturstrøm

  • TMZ: Limp Bizkit-bassist Sam Rivers er død

    Limp Bizkit-bassisten Sam Rivers er død, skriver TMZ.

    Han ble 48 år. TMZ viser til en post på bandets offisielle Instagram-konto.

    – I dag mistet vi vår bror. Vår bandkamerat. Vårt hjerte, skriver bandet.

    Det amerikanske bandet ble i september presentert som et av de store på festivalen Tons of Rock i 2026 i Oslo. De har aldri spilt i Norge før.

    Rivers var med å starte bandet, kjent for «Break Stuff», «Rollin’» og «Nookie» på 90-tallet, men forlot det i 2015. Årsaken var en leversykdom forårsaket av mye alkohol. Etter en levertransplantasjon kom han tilbake tre år etterpå.

    Dødsårsaken er ikke kjent.

    en mann som spiller gitar foran en folkemengde
    Foto: Yalonda M. James / AP / NTB
  • Ingen nordmenn har klart det etter dem

    Lørdag 19.oktober 1985 ringte telefonen i leiligheten der Morten, Magne og Pål bodde i London. Det var med beskjeden om at låta deres Take On Me hadde nådd 1.plass på den amerikanske Billboard Hot 100-lista. Nå hadde a-ha den singelen som var mest spilt på radioer og mest kjøpt av folk i hele USA. Etter det har ingen nordmenn hatt musikk på toppen av den listen!

    -Vi startet på toppen sier Magne Furuholmen i intervjuet du kan høre i Musikklivet, og denne endret alt.

    Take On Me startet som "The Juicy Fruit Song", med bare melodien og riffet til Magne og Pål i deres første band Bridges. Mortens sang på refrenget er inpirert av Richard Strauss «Also sprach Zarathustra». Tempoet er like raskt som en moderne technolåt. Og videoen med tegneseriesekvensen var banebrytende, og ofte etterlignet siden.

    40 år senere listes Take On Me fortsatt opp blandt popens beste låter. Riffet gjør sangen gjenkjennlig på få sekunder. Og fortsatt er det nesten umulig å synge som Morten på refrenget, som går over 2 1/2 oktav.
    - Den var ikke laget for å være noen sing-a-long, forteller Magne i Musikklivet.

    Morten Harket, Magne Furuholmen og Paul Waaktaar-Savoy
    Foto: Michael Ochs Archives / Getty Images
  • – Bare så vidt han er en artist

    Flo Rida (46) er for mange unge studenter selve lyden av barndommen deres, og torsdag kveld opptrådte han i Norge.

    Han byr på nostalgi – ikke ulikt nylig norgesaktuelle Pitbull, en annen 2010-tallshelt innen partymusikk fra Florida.

    Og nostalgi selger tydeligvis: Amerikanerens konsert på studentfestivalen Uka – Norges største kulturfestival – ble fullstendig utsolgt.

    Men var det kveldens forestilling verdt de 800 kronene som hver student punget ut med? Overhode ikke, mener NRK P3s anmelder Even Samir Kaushik.

    Flo Rida på UKA 2025 i Dødens dal, Trondheim
    Terningkast 2 Konsert

    «Minimal innsats og gigantisk gevinst»

    ANMELDELSE: Flo Rida på Uka