Hopp til innhold
Anmeldelse

Ikkje godt nok Hjorth

Tanken bak boka «Kristin må vekk» er så god at han skin gjennom det ikkje særleg vellykka resultatet.

Kombinasjon av bokomslaget til «Kristin må vekk» og forfatterne Vigdis Hjorth og Line Norman Hjorth

PERFEKT UTGANGSPUNKT: Ein Undset-kjennar og ein førstegongslesar dukkar ned i «Kransen» med feministbriller på nasen og eigne erfaringar i bagasjen. Dessverre sviktar det i gjennomføringa.

Foto: Tor Stenersen
Bok

«Kristin må vekk. Om Kristin Lavransdatter som ung»

Vigdis Hjorth og Line Norman Hjorth

Sakprosa

2022

Aschehoug

To blad Hjorth dannar ein tilsynelatande spontan lesesirkel då dei dreg same bok opp av veska på ein kafé i København. Det dreiar seg om «Kransen» av Sigrid Undset, betre kjent som første bindet i trilogien om Kristin Lavransdatter.

Mor Vigdis Hjorth har lese romanen fleire gonger før, mens dotter Line Norman Hjorth les for første gong. Dei bestemmer seg for å studere Kristin i lys av metoo-debatten.

No kan ein jo diskutere om ein skal kalle det Kristin opplever for metoo, men lat det liggje i denne runden.

Jenta frå 1300-talet får svi, og det på ein måte få menn opplever. Det er godt nok utgangspunkt for å studere «Kransen» frå eit kjønnsperspektiv.

Rolletrøbbel då og no

To skarpe, velformulerte kvinner med ein klassikar mellom seg, det kunne blitt så bra. Her sviktar det likevel på fleire nivå.

Line, som fører ordet i «Kristin må vekk» er openbert fascinert. Ho fortel handlinga, med rause lån frå Undsets stil og formuleringar. Lesaren skal ta del i leseopplevinga.

Greitt nok, om enn i overkant detaljrikt.

Innimellom legg dei to frå seg bøkene og snakkar om det dei har lese. Det er her det går i ball. For her går det i kosemobbing om morsfigurar og menn og alkohol mellom dei to.

Rollene er klare: Mor vrir seg unna når det blir vanskeleg og fortel noko artig og relativt irrelevant i staden. Ho fiskar etter ros frå dottera og kjøper ei flaske til.

Mor kikker over på meg med den­ selv­tilfredse­ minen­ jeg kjenner så godt og sier: -Er du ikke glad for at du har en så raus mor som meg og ikke er vokst opp med en Ragnfrid? Hun ser på meg som om hun ønsker en kompliment.

Line Norman Hjorth

Det er ikkje støytande, mange mødrer har måtta tole vesentleg hardare medfart enn dette i litteraturen, men det skaper ein støy som overdøyver lesinga.

Og ja, det er litt flaut.

Perfekt utgangspunkt

Det ligg ein spennande idé i botnen her: Hjorth og Hjorth lever seg inn i Kristins dramatiske liv, og samanliknar med eigne erfaringar.

Det er ein velbrukt måte å nærme seg litteratur på, som sjeldan kjem på trykk. Mange vil også ha opplevd at det å snakke med andre om ei bok kan føre til samtalar om kronglete sider ved eige liv.

Vigdis Hjorth er ein forfattar som bruker litteraturen til å forstå livet. Ho har skrive kloke essay om det, ikkje minst i boka «Fryd og fare. Essay om dikting og eksistens».

Sjølve lesinga er vinkla på kjønnsroller, og dei to studerer forholdet Kristin har til foreldra og til tre unge menn som vert avgjerande for livet til Kristin.

Arne er den gode barndomsvenen som aldri kan få Kristin fordi han er av lægre stand. Simon er av høg byrd og foreldra arrangerer forloving med han. Ikkje minst er det Bentein, som prøver å valdta Kristin og som svertar ryktet hennar for all tid.

At Lavrans og Simon er mest opptekne av at møydommen er intakt, kjem tydeleg fram her. Kristin står aleine med skuld, skam og kjensla av å vere tilskitna.

Dette er ein av fleire gode feministiske observasjonar.

Så kvar er det det buttar?

Slumsete gjennomført

Eg har allereie vore innom tonen mellom dei to. Det blir så mykje laust og fast frå eige liv at det distraherer. Best er det når Vigdis tek grep og peikar i teksten.

Parallellane til aktuelle situasjonar er ikkje presise nok. Overgrep er overgrep, men rammene rundt er likevel ekstremt ulike. At «Jenny» blir kalla debutromanen til Sigrid Undset, understrekar at det har gått litt fort i svingane her.

«Kristin må vekk» er eit godt døme på korleis ein god idé kan bli til ei slapp bok dersom ein ikkje tek jobben med å skru det til.