Hopp til innhold
Anmeldelse

Sara Stridsberg tryllar og fortryllar i «Hunter i Huskvarna»

Å opne ei bok av Stridsberg er å forlate det dagklare universet og gje seg ut i det ukjente.

Sara Stridsberg og bokomslag av «Hunter i Huskvarna».

RÅTT OG POETISK: Sara Stridsberg røpa i eit intervju at ho ikkje bryr seg om «intellektets portvaktarar» når ho skriv. Kanskje det er derfor språket hennar er så særprega?

Foto: Irmelie Krekin / Aschehoug forlag
Bok

«Hunter i Huskvarna»

Sara Stridsberg

Oversatt av Monica Aasprong

Skjønnlitteratur

2021

Aschehoug

Den svenske forfattaren som har fengsla ein stor, internasjonal lesarskare med særprega romanar som «Drømmefakultetet», «Beckomberga» og «Kjærlighetens Antarktis» , er no ute med novellesamling.

Særpreget tek ho med seg inn i dei 11 novellene i samlinga «Hunter i Huskvarna». Tittelen er forresten ikkje er meir mystisk enn at Huskvarna er ein svensk by og Hunter er ein gut som ein gong budde der.

Det gåtefulle

Men kvar blei det av Hunter? Og kvifor kan venninna hans frå barndommen aldri gløyme han? Og kva fekk far hans til ein dag å setje seg på benken til drankarane i staden for å gå på jobb på fabrikken?

Der er vi inne i det gåtefulle Stridsberg-landet. Ho oppsøkjer folk i randsonene. Dei kan vere mentale, sosiale eller geografiske, eller alt på ein gong.

Frå odde vinklar utforskar ho kva som knyter folk saman: Her finst symbiotiske søstrer som deler alt, og foreldre som knapt hugsar dei har barn.

Tilknytingane kjem også i andre versjonar: Ein amerikansk forretningsmann hadde eit mannleg harem av illegale innvandrarar. Under fellesnamnet «the Dogs» varta dei han opp mens dei «lo den tilgjorte visumlatteren sin». Ein kan trygt seie at dei var knytt til forretningsmannen, heilt til han ein dag ikkje fanst lenger.

Språket gjer susen

Ei formulering som «den tilgjorte visumlatteren» rommar temmeleg mykje og det finst ein sosial brodd i fleire av novellene, men det mest karakteristiske ved det stridsbergske språket ligg ein annan stad: Det vippar mellom draum og røynd, mellom normalitet og galskap, det har ein råskap og ein poesi over seg som er sjeldan å sjå.

Som i novella om dei tre søstrene, etter at den eine av dei er død:

«Pleieren vår, som nå bare hadde oss to igjen å pleie, samt et lite lik, slepte det gamle pianoet vårt ned til strandkanten, for å kunne spille begravelsesmusikk under åpen himmel. (…) Vi som var igjen lente hodet mot det blanksvarte treet og gråt, det dirret og slo som et hjerte, dette pianoet. Gråten vår ga gjenlyd der inne, men det meste ble slukt av drønn fra havet.»

Dette er ein scene frå ein film eg gjerne ser at nokon lagar.

Døden er elles inga hindring; dei døde kommuniserer temmeleg greitt i dette forfattarskapet, som ikkje er framand for å søkje etter det sublime – som kanskje finst i kjærleiken, i Gud eller i auget på ein død kval.

Svenska Akademien sett frå kaninholet

Derfor var det ikkje mindre enn forbløffande at novella «Familien» etter kvart viser seg å vere ein nådelaus satire over Svenska Akademien, der Stridsberg sat i eit par år før ho trekte seg straks det vart mogleg. Dette skjedde for tre år sidan, som eit direkte resultat av alle skandalane rundt institusjonen. Tidlegare sat ein der livet ut.

Men også satiren har ein stridsbergsk vri; inne i slottet ho blir kalla inn til finst dei merkelegaste eksistensar som er høgt heva over livet og tidsrekninga utanfor vindauga. Under lysekroner i mektige hallar lever dei sine sedate liv, til dei plutseleg kvesser til og køyrer knallharde maktkampar.

Folk som kjenner det indre liv i akademiet vil kanskje kunne identifisere både levande og døde der inne. For oss som manglar slik kunnskap er det likevel eit fornøyeleg frekt blikk på kva privilegium frå ei heilt anna tid Akademien er frå 1700-talet gjer med folk. Det er presist, og samtidig i ein heilt annan modus enn det dokumentariske.

Plass for humor

Forfattaren tek oss med på 11 underlege reiser som kallar på både medkjensle, forundring og latter.

Ikkje berre satiren, men også humoren nemleg har ein større plass enn tidlegare, og den funkar fint, som her når ein forelska fyr er usikker på om han har ein sjanse: «jeg er bare et vanlig svin, Rebecca, ingen djevel hvis det var det du håpet på.»

Humor og satire er forfriskande, men til sjuande og sist det er måten Stridsberg tryllar og fortryllar med språket som gjer dette forfattarskapet. Det er berre å gje seg over.

Hei!

Eg er hovudkritikar av skjønnlitteratur i NRK. Les gjerne bokmeldingane mine av «Aleksandra» av Lisa Weeda, «Tillit» av Hernan Diaz eller «Fri. En oppvekst ved historiens ende» av Lea Ypi.

Du finn alle anmeldelsar og anbefalingar frå NRK på nrk.no/anmeldelser.

Anbefalt vidare lesing: