Hopp til innhold
Anmeldelse

Dop, død og draumar

Går det an å skrive poetisk om kriser, sjølvmord og forsømte barn utan å hamne ut i harmonisering eller utidig estetisering? Ja, det går an. I alle fall om ein heiter Sara Stridsberg.

Forfatter Sara Stridsberg

Sara Stridsberg skriv om sin eigen familie i romanen «Beckomberga. Ode til min familie».

Foto: Anders Malm / NRK
Bok

«Beckomberga. Ode til min familie»

Sara Stridsberg

2015

Aschehoug

Då den svenske forfattaren Sara Stridsberg brakdebuterte på norsk med romanen «Drømmefaktultetet» for sju år sidan, var vi mange som ikkje heilt forstod kva som trefte oss, men det trefte uansett sterkt. Den gongen handla det om Valerie Solanas, kvinna bak mordforsøket på Andy Warhol, hjernen bak Society for Cutting Up Men og forfattaren som skreiv SCUM-manifestet.

Dødslengten sigrar over kjærleiken

Denne gongen er det Jim. Ein suicidal rusmisbrukar som opplevde at mor hans tok livet av seg. No har han sjølv ein liten familie saman med kona Lone og dottera Jackie. Men dødsdrifta er sterkare enn kjærleiken, og Jim vil gjere slutt på livet ved å stappe i seg ein dødeleg dose pillar og setje seg på eit fly, for så å lande som død mann i eit anna land. Ein grandios plan som enda på Beckomberga, den store psykiatriske institusjonen utanfor Stockholm der mange tusen plaga sjeler vart plassert og forsøksvis kurert frå 1930-talet og fram til 90-talet.

Fridommen bak murane

Her skjer mykje rart, blant anna er hopehavet mellom lege og pasient til tider meir intimt enn det strengt tatt skal vere, men dette er ikkje ein kritikk verken av psykiatrien generelt eller av Beckomberga spesielt. Tvert imot, mange finn her ein fristad frå det vanskelege livet. Den som ikkje let seg røre av gamle Olofs angst for å hamne utanfor murane att når institusjonen skal stenge, er laga av stein.

I den vakre parken mellom bygningane går tida etter heilt eigne prinsipp. Her kan ein leve ut sider samfunnet ikkje vil vite av, her er det alltid nokon som fangar deg opp når det går verkeleg utfor, og det er her dottera Jackie meir eller mindre veks opp.

Beckomberga av Sara Stridsberg

«Beckomberga. Ode til min familie» av Sara Stridsberg.

Lovsong og granskingar

Jackie skulkar skulen og heng med folka som sit og kjederøyker i den vakre parken utanfor asylet. Det er sjølvsagt ikkje bra. Men boka, som blir fortalt av den vaksne Jackie, er ikkje ute etter å sortere i bra og ille, ho er ute etter å utforske kva som skjer med plaga sjeler: Korleis kunne den fantastiske faren hennar berre bli borte?

Det går an å bli arg på begge foreldra til Jackie, men ein skal leggje merke til at romanen ber undertittelen: «Ode til min familie». Ta først ordet «ode». Det kan både vere ein lovsong stila til ein fortent person og eit dikt som tek opp filosofiske og moralske tema.

Begge tydingane kan passe her. Jackie granskar foreldra som feilar igjen og igjen, men har likevel ein stor varme, ikkje minst for far, både som barn og som vaksen.

Ein ikkje heilsvart familiekrønike

Det andre ordet det er verd å merke seg i undertittelen er «min». Dersom dette pronomenet skal signalisere at Stridsberg skriv om sin eigen familie her, får romanen ein ekstra dimensjon: Han viser at det går an å kome ut av ekstreme oppvekstvilkår og forklare seg om det så andre får innsikt i liv og livskampar godt forbi det medelsvensson og ola nordmann erfarer.

Poetisk råskap

Dette oppnår forfattaren gjennom å praktisere ein poetisk råskap som knapt har sitt sidestykke. Det vil seie: den finlandssvenske forfattaren Monica Fagerholm er i nabolaget. Tematikken har dei to felles: svært ofte skildrar dei folk i mentale gråsoner der dei kan vere farlege både for seg sjølv og andre, men ikkje minst handlar det om korleis dei går inn i sjølve livskjensla til personane sine, der dei drøymer og fantaserer og blandar dagklare observasjonar med sublime vrangførestillingar og grå angst. Det nakne og meir direkte ved Stridsbergs tekstar gjer at ho likevel overgår Fagerholm slik eg ser det. Personane drøymer og teksten drøymer med. Lesaren blir soge inn i eit heilt særprega univers som både er vakkert og skremmande.

Heller enn moralsk indignasjon vekkjer romanen medkjensle og medliding. Det er ikkje det verste ein roman kan oppnå.

Kulturstrøm

  • TMZ: Limp Bizkit-bassist Sam Rivers er død

    Limp Bizkit-bassisten Sam Rivers er død, skriver TMZ.

    Han ble 48 år. TMZ viser til en post på bandets offisielle Instagram-konto.

    – I dag mistet vi vår bror. Vår bandkamerat. Vårt hjerte, skriver bandet.

    Det amerikanske bandet ble i september presentert som et av de store på festivalen Tons of Rock i 2026 i Oslo. De har aldri spilt i Norge før.

    Rivers var med å starte bandet, kjent for «Break Stuff», «Rollin’» og «Nookie» på 90-tallet, men forlot det i 2015. Årsaken var en leversykdom forårsaket av mye alkohol. Etter en levertransplantasjon kom han tilbake tre år etterpå.

    Dødsårsaken er ikke kjent.

    en mann som spiller gitar foran en folkemengde
    Foto: Yalonda M. James / AP / NTB
  • Ingen nordmenn har klart det etter dem

    Lørdag 19.oktober 1985 ringte telefonen i leiligheten der Morten, Magne og Pål bodde i London. Det var med beskjeden om at låta deres Take On Me hadde nådd 1.plass på den amerikanske Billboard Hot 100-lista. Nå hadde a-ha den singelen som var mest spilt på radioer og mest kjøpt av folk i hele USA. Etter det har ingen nordmenn hatt musikk på toppen av den listen!

    -Vi startet på toppen sier Magne Furuholmen i intervjuet du kan høre i Musikklivet, og denne endret alt.

    Take On Me startet som "The Juicy Fruit Song", med bare melodien og riffet til Magne og Pål i deres første band Bridges. Mortens sang på refrenget er inpirert av Richard Strauss «Also sprach Zarathustra». Tempoet er like raskt som en moderne technolåt. Og videoen med tegneseriesekvensen var banebrytende, og ofte etterlignet siden.

    40 år senere listes Take On Me fortsatt opp blandt popens beste låter. Riffet gjør sangen gjenkjennlig på få sekunder. Og fortsatt er det nesten umulig å synge som Morten på refrenget, som går over 2 1/2 oktav.
    - Den var ikke laget for å være noen sing-a-long, forteller Magne i Musikklivet.

    Morten Harket, Magne Furuholmen og Paul Waaktaar-Savoy
    Foto: Michael Ochs Archives / Getty Images
  • – Bare så vidt han er en artist

    Flo Rida (46) er for mange unge studenter selve lyden av barndommen deres, og torsdag kveld opptrådte han i Norge.

    Han byr på nostalgi – ikke ulikt nylig norgesaktuelle Pitbull, en annen 2010-tallshelt innen partymusikk fra Florida.

    Og nostalgi selger tydeligvis: Amerikanerens konsert på studentfestivalen Uka – Norges største kulturfestival – ble fullstendig utsolgt.

    Men var det kveldens forestilling verdt de 800 kronene som hver student punget ut med? Overhode ikke, mener NRK P3s anmelder Even Samir Kaushik.

    Flo Rida på UKA 2025 i Dødens dal, Trondheim
    Terningkast 2 Konsert

    «Minimal innsats og gigantisk gevinst»

    ANMELDELSE: Flo Rida på Uka