Då Lars Mytting gav ut sakprosaboka «Hel ved», hadde han nok ikkje sett føre seg at ho skulle verta teater.
Men nett det har ho blitt – eit slags sakte-teater der eit arbeidslag gjennomfører dagens prosjekt: å fella ei bjørk.
DETALJARBEID: Å fella ei bjørk krev planlegging og presisjon – òg i teateret.
Foto: Dag Jenssen / Det Norske TeateretOg mannen, han gjekk seg i vedaskog
Den store hovudscena på Det Norske Teatret er eit ope rom i denne framsyninga.
Her er mykje luft, mykje sagmugg, ein rundstabel med ved, ei bjørk.
Og: ei arbeidsbrakke frå Moelven, nokre musikkinstrument – og musikar Stein Torleif Bjella sin eigen traktor, frakta frå heimplassen i Hallingdal.
Sjølv er Bjella i teateret blitt leiaren for eit arbeidslag som skal jobba med vedhogst i «Heil ved». Skogsarbeidet sit tydeleg i rørslene hans, dette har Bjella gjort før.
Heime i Hallingdal har han sin eigen veaplass. Truleg er han van med å fella meir enn ei bjørk for dagen.
Men på Det Norske Teatret syng han òg, han og skodespelar-arbeidslaget tek seg ein trall rett som det er.
Hogstlivet verkar vera hardt, fritt og meiningsfylt.
MUSIKK MÅ TIL: Bjørka er felt, det er tid for ein song. Signert Stein Torleif Bjella, sjølvsagt. Frå venstre: Frode Winther, Stein Torleif Bjella, Pål Christian Eggen og Jon Bleiklie Devik.
Foto: Dag Jenssen / Det Norske TeateretSagprosa
Mytting si bok handlar om vedfyringstradisjonar. I teateret vert boka arbeidd ut på scena, så å seie.
Det er knappast ein replikk i heile framsyninga, mykje av arbeidet vert gjort i stille. Regissør Erik Ulfsby har skapt eit meditativt rom der ein sit og ser på andre arbeida.
Det er ingen dramatikk eller konflikt i stykket.
Det gjer at det er lite å investera kjensler i. Ein kan heller lena seg tilbake og sjå arbeidet bli gjort. Det gjer «Heil ved» til ei fredfull oppleving.
Stein Torleif Bjella har skrive underlagsmusikk til stykket, i tillegg til fleire nye låtar om hogst og vedliv. Underlagsmusikken er riff-prega, men kunne hatt meir driv i seg med tanke på at det er teatermusikk.
Låtane til Bjella får ein heilt eigen plass i framsyninga. Songtekstane er dei einaste tekstane som vert framførte av dei på scena.
Det gjer at ein som publikummar lyttar ekstra. Og Bjella har mykje på hjartet.
Han syng fram arbeidskaren i songane sine, syng om verdien av det langsame, harde arbeidet som skal halda oss varme om vinteren.
Han syng om eit behov for å kjenne at ein trengst, at arbeidet er viktig, at det har ein plass i ei tid der alt skal gå så raskt.
Eg trur Bjella treff ein nerve hjå mange i det han syng.
KJENTE SONGAR: Stein Torleif Bjella veit kva han syng om. Han har ein veaplass sjølv.
Foto: Dag Jenssen / Det Norske TeateretOpphøgd arbeid
Når det ikkje er replikkar i stykket, vert òg dei kunstnarlege verkemidla som lys og lyd sentrale.
«Heil ved» gjer ein ærleg dags arbeid om til kunst.
Moelven-brakka, Bjella sin Massey Ferguson 133, reiskapar og vedstubbar er både naudsynte for arbeidet og nesten som objekt i ei kunstutstilling på same tid.
Når motorsaga går, er arbeidet lyssett så ein verkeleg ser sponen som fyk. Detaljar i vedhogsten blir lyste opp, blir gitt tyngd gjennom kunstnarlege verkemiddel.
KUNST I HOGST: Lyssett og opphøgd. Med kunstnarlege verkemiddel vert det kvardagslege i vedhogsten løfta fram. Her: Pål Christian Eggen i sving med motorsaga.
Foto: Dag Jenssen / Det Norske TeateretEg trur mange vedkjennarar vil setta pris på å sjå det opphøgde arbeidet og, kunsten i det når det blir gjort til teater.
Det kjente arbeidet vert løfta opp til å bli noko ekstra vakkert.
På innsida
«Heil ved» er ei fin stund i teateret. Samstundes saknar eg litt meir driv, både i underlagsmusikken og i framsyninga elles.
Det fine arbeidet blir skjemma med tekstbrokkar som vert projiserte på bakveggen, dei gjer at framsyninga til tider bikkar over i klisjé-land.
Eg skulle òg gjerne sett meir enn berre arbeid. Framsyninga kunne gjerne sleppt publikum til på innsida av desse arbeidskarane – ikkje berre i handling, men òg verbalt.
For på innsida der finst det mykje klokt, det er eg heilt sikker på.
Hei!
Eg melder teater, scenekunst og dans for NRK. Les også meldingane mine av «Miss Saigon» på Folketeateret, «En julefortelling» på Nationaltheatret, eller «Frost» ved Det Norske Teatret.