Hopp til innhold
Anmeldelse

Den moderne mannen i plastilinaversjon

Mannen i denne romanen er så flytande at eg gispar etter oksygen under lesinga. Er det bra?

Geir Gulliksen gir ut boka "Bli snill igjen", høsten 2020.

MANNSROLLA: Geir Gulliksen utforskar den androgyne mannen som lengtar ut av hjernespinnet og ut av seg sjølv.

Foto: Tale Hendnes/Aschehoug
Bok

Bli snill igjen

Geir Gulliksen

Skjønnlitteratur

September 2020

Aschehoug

Få forfattarar kan måle seg med Geir Gulliksen i skildringa av moderne, sjølvrefleksive menneske som dyrkar den grenseoverskridande kjærleiken med samlivet som innsats.

Det er intelligent og infamt. På sitt beste tek han den urbane middelklassemannen med flytande identitet og flytande seksualitet på kornet, der han viljelaust flyt dit begjæret driv han.

Plastilinamann på eigne bein

Det er Henning (55) denne gongen. Eks-poeten og reklamemannen har levd konstant i vekslande parforhold i 40 år. No er det nok. Han er ferdig med kvinner.

Romanen opnar med at han vil finne seg sjølv og ikkje lenger spele rolla som den han meiner dei ulike kvinnene treng for å bli lykkelege. Han har i alle år forma seg etter dei andre. Fridomen ligg i singellivet.

Er knebukser homo?

Problemet er at han ikkje veit kven han er når han er heilt aleine. Han kjenner seg verken fri, klok eller avklart. Tvert i mot, han får sterke abstinensar og søker seg mot homofile menn.

Dette skjer etter at han av gåtefulle årsaker har kjøpt ein dress med knebukser, noko som får folk rundt han til å tru han er homo. At blikk frå andre verkar inn på sjølvbildet er ei kjent sak, ikkje minst i Gulliksen-universet, men her endrar det faktisk den seksuelle orienteringa.

Vår heterofile, androgyne mann trur nok ein gong at eit nytt forhold er berginga.

Tankespinnet får ei ny retning då han overhøyrer ein skype-samtale mellom døtrene, to halvsøstrer han har med to ekskjærastar. Barna snakkar om han. Med øyret mot døra til jenterommet får han ein versjon av seg sjølv som han ikkje har høyrt før og som han slett ikkje likar.

Av dette kan ein lære at den som er ekstremt sjølvopptatt og granskar kjenslelivet sitt med stor flid og iver, ikkje nødvendigvis utviklar sjølvinnsikt gjennom granskingsarbeidet.

For dum til å vere interessant

Ironien er tjuktflytande. Henning er nesten for dum til å vere sann.

Kan hende han treng den lange rekkja med damehistorier for å forstå at han har eit problem. Lesaren skjønar det lenge før, og utbrettinga av det eine forholdet etter det andre er langtekkeleg lesnad. Velvillig tolka skal dette gje lesaren den same klaustrofobiske kjensla som Henning har: Han vil så gjerne ut av hjernespinnet og inn den intuitive erotiske symbiosen. Og ja, om meininga var å stenge oss inne i eit lukka univers, så er det vellykka. Men det kan eg likevel ikkje seie om romanen.

Henning er i slekt med ei heil rekkje av Geir Gulliksen-personar som utforskar identitet og seksualitet. Han har også slektningar både i faglitteraturen og i annan skjønnlitteratur.

Men trass i at forfattaren glimtar til somme stader, blir Henning for parodisk og for uinteressant. Han tenkjer flate tankar og har seg med flate damer. Dette er langt frå Gulliksen på sitt beste.

Anbefalt vidare lesing: