Hopp til innhold
Anmeldelse

Svimlande kjærleikskarusell

«Se på oss nå» er eit glimrande døme på bøker som gjennom å studere navlen får sagt noko vesentleg om samfunn og samtid.

Geir Gulliksen

Geir Gulliksen har skrive ein smart og tankevekkjande roman om fornuft og kjensler i vår tid.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Romanen opnar med at Hans ser seg sjølv på ein video frå eit bryllaup der han var gjest. Han blir sjokkert over synet – var han så naken, så desperat? Dette er ein roman der personane ser og ser: i spegelen, for sitt indre blikk, dei ser kvarandre og dei ser seg sjølv gjennom andre.

Den nakne bryllaupsgjesten er snart naken også i bokstavleg forstand med borddama frå dette bryllaupet, og då er vi midt inne i handlinga: Hans er skilt og godt, ja, endåtil lykkeleg gift på ny med Ingunn. Når borddama Harriet hektar seg på han, opplever han ein glideskala frå lett irritert, til med på leiken, til totalt hekta. Ingunn får høyre at dei er nære vener. Men dottera seier at ho ikkje likar ansiktet han set opp når han sms-ar med Harriet frå sofaen der mor, far og barn ser på TV saman. Igjen fortel ansiktet hans ei historie han ikkje kontrollerer.

Kven er Hans, og kva vil han?

Hans jobbar i eit kommunikasjonsbyrå der konseptet er å vere ærleg. Men både i næringsliv, politisk liv og privatliv er dette med å «vere seg sjølv» og «seie det som det er» retoriske grep som i sin tur byggjer realitetar. Som i denne episoden mellom Harriet og Hans:

Når Harriet seier at ho aldri har følt ein slik tillit nokon gong som den ho opplever med Hans, fortel Hans i retur han har det på same måten. Ikkje fordi han meiner det, men fordi replikken ligg der som ei forventning. Slik byggjer språket eit liv Hans ikkje ønskjer. Eller som han både ønskjer og ikkje.

Identiteten til fleire av personane i denne romanen nærmar seg flytande form. Det kan igjen illustrerast med blikket: Når Harriet er heime med barn og utan blikk frå andre vaksne, veit ho ikkje lenger kven ho er. At mennesket utviklar seg gjennom å bli sett av andre, er ei kjent sak. Men å forsvinne den dagen ingen ser på deg, er symptom på ein tidstypisk narsissisme som forfattaren her tek på kornet.

Smart og lattervekkjande

Tidlegare har eg opplevd at samlivsromanane til Gulliksen ikkje nådde særleg ut over seg sjølv. Denne romanen opnar seg på ein annan måte. Ikkje fordi tematikken har endra seg, men fordi prosjektet er mindre konstruert og fordi teksten inviterer til refleksjonar over grensene mellom individ, kjernegruppe og samfunn.

For ikkje å gløyme humoren: Den flytande eksistensen renn bokstavleg talt over i eit par scener der morsmjølka fløymer over både store og små. Morsmjølkhumor er ein undervurdert kategori som viser seg å ha eit veldig potensial. Ufatteleg pinleg for personane, men forløysande for lesaren av dette skarpe samtidsportrettet.

Passar for deg som

  • lurer på kvifor folk tenkjer klokt og handlar dumt
  • er nysgjerrig på potensialet i morsmjølkhumoren

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters