Hopp til innhold

Eit liv i kronisk presens

Bekim Sejranovic har levd nøyaktig like lenge på Balkan som i Noreg. Det gjev han eit perfekt utgangspunkt for å skrive ein roman som denne; om ein kar som er like heime og like framand i to land. "En bedre slutt" er vel verd å merke seg.

Bekim Sejranovic

En bedre slutt er ein europeisk samtidsroman det er verdt å merke seg, meiner Marta Norheim .

Foto: Denis Lovrovic

Bekim Sejranovic kom til Noreg i 1993, som flyktning frå Bosnia-Herzegovina. Etter det har han studert slavisk litteratur, omsett bøker av norske forfattarar som Frode Grytten og Ingvar Ambjørnsen, og han har skrive bøker sjølv som har vunne lesarar og prisar på originalspråket. No kjem roman nummer to på norsk, den har fått den litt slappe tittelen En bedre slutt. Men sjølve romanen er alt anna enn slapp. Og det er ingen grunn til å tru at romanen handlar om forfattaren, sjølv om dei har fleire ting felles. Berre så det er nemnt.


Eksklusiv glede


Lat meg starte med det heilt banale: Det er ein fin ting å lese bøker der folk som ikkje er fødd her har norske referansar som ein heilt naturleg del av historia si. Dette er ei ganske eksklusiv glede som eg trur ein må kome frå eit lite land resten av verda ikkje er svært interessert i, for å forstå. Bildet han målar av Noreg er herleg upåfallande. Men boka har også andre kvalitetar.

Livet i presens

En bedre slutt
Foto: Aina Griffin / Bokvennen

Vi møter forteljaren, ein ung mann, mens han lever eit roleg eremittliv på hytta til bestefaren, ein stad på Balkan. Etter kvart forstår vi at han har fått nok av det veldrevne og regulerte landet Noreg og reist for å oppleve det mindre strigla fødelandet. Og etter det igjen forstår vi at denne pendlinga er normaliteten. Vår mann lever i eit evig presens der tida går mens han glor ut vindauget, går på tur, festar, dopar seg, sjekkar damer. Når damene blir for vanskelege eller pengane tek slutt, flyttar han seg til ein annan stad. Han praktiserer ein "la det skure-strategi" som stiller visse krav til verda rundt han om å setje grenser og slutte mens leiken er god. Og når dei rundt han, til dømes kvinner, ikkje tek jobben med å slå opp i tide, blir det riktig ugreitt.


Sex and drugs & meininga med livet


På eit slentrande og svært velformulert vis utforskar forfattaren klassiske spørsmål omkring fridom og ansvar, kjærleik og sex, slektskapsband og ideologiske villfaringar utan å gjere særleg nummer av det. Han utleverer hovudpersonen sin utan å fordømme han, og han gir til beste ei god historie om ein mann som er rik på opplevingar men fattig på stabilitet, faste inntekter, karriereplanar - og nære venskap.


Ingen representant


Dette er ikkje ei bok om Balkan eller om å kome til Noreg som flyktning, det er ikkje ei bok om krig og om traumer og flyktningemottak og om kor vanskeleg det er å forstå det nye landet og det nye språket. Deler av dette ligg kanskje som eit bakteppe, men romanen er historia om dette eine individet som krotar ned historia si i ei kladdebok og som neppe har ambisjonar om å representere flyktningar frå Balkan eller noko som helst anna enn seg sjølv.
Han liknar meir på rastlause og grenselause karakterar i annan samtidslitteratur, som hjå Anne Oterholm eller Trude Marstein, karakterar som tek trekk i tida eitt hakk lenger og syner kva vi er på randa av. En bedre slutt er rett og slett ein europeisk samtidsroman det er verdt å merke seg.