Hopp til innhold
Anmeldelse

Mislykka joggetur , vellykka roman

Gode forfattarar kan lage stor litteratur ut av det meste, til og med av jogging. Det dokumenterer den danske forfattaren Helle Helle i den nyaste romanen sin, som er nominert til Nordisk råds litteraturpris.

Helle Helle

Forfattaren Helle Helle kjem med ny bok på norsk – «Hvis du vil»

Foto: Sofie Amalie Klougart

Nokon forfattarar er slik at du merkar at det er dei straks du har lese eit par setningar. Jon Fosse er slik, og Gro Dahle og Dag Solstad. Helle Helle er også slik. Sjølv om det finst folk som liknar, har Helle Helle ei eiga evne til å få enkle, tilforlatelege situasjonar til å vri seg, og til å få heilt greie tekstar til å verkeleg dirre av spenning. Den nyaste romanen er ikkje noko unntak.

Hvis du vil

«Hvis du vil»

Her møter vi Roar, 48, som har leigd ei hytte i ei veke av ferien, og gir seg ut på joggetur med nyinnkjøpte joggesko. I det verkelege livet fører slikt til gnagsår og anger over at ein var så dum. I Helle Helles roman skjer også nøyaktig dette: Roar får gnagsår, og han angrar på at han sette i gang dette idiotiske prosjektet. Men det stoggar ikkje der: Han spring seg vill i skogen.

Roar (48) misser retninga

I ei lett parafrase på Dantes guddomlege komedie innser Roar, ein mann midt i livet, at han har mista vegen, og då handlar det ikkje lenger berre om stien gjennom skogen, då er vi inne på meir eksistensielle vegval. Men gjer Helle noko nummer av det? Slett ikkje, ho berre plasserer nokon små hint. Og liksom Dante, finn også Roar si Beatrice, som faktisk er ekspeditrise utan at eg trur det er meint å vere eit ordspel. Forskjellen på Beatrice og kvinna i Roars skog, er at Beatrice visste vegen, det gjer ikkje den sporty kvinna i skogen.

To joggarar må ta fram indianaren i seg og finne vegen ut av ein i utgangspunktet trygg og grei liten joggeskog. Eg røpar ikkje for mykje når eg seier at det ikkje dukkar opp ein trafikert veg sånn med det same, det er trass alt ein roman dette her. Dei to må gradvis innsjå at dei er er utan mat og drikke, utan overnattingsutstyr, mobilane er utan dekning og det einaste selskapet og det einaste håpet er ein vilt framand person.

Kven er du?

Under slike forhold er det fort gjort at ein opnar seg for den vilt framande personen på ein måte som neppe ville gjort i andre situasjonar. Det er rørande, det er trist og det er ikkje utan komikk når historiene deira flettar seg inn og ut av den ekstraordinære rammeforteljinga som er livet i den ikkje ekstremt ville naturen, som likevel har utfordringar å by på.

Ekstraordinær, men ikkje romantiserande: eit Helle Helle-trekk er å gå tett på detaljar og her er det meir gnagsår og kvalme enn drøfting av store spørsmål under stjernehimmelen. Likevel ligg dei store spørsmåla der for alle lesarar som vil sjå dei.

Men finn dei stien?

Som i så mange litterære rapportar frå samtida får vi også her inntrykk av at livet liksom berre har blitt sånn, utan at dei har styrt så veldig målretta og sånn sett blir virringa i skogen eit bilde på livet utanfor. Men kanskje skogslivet gjorde dei klokare, meir reflekterte og i stand til å ta tak i livet? Det får vi ikkje vite. Typisk Helle Helle.

Kritikken er basert på den danske orginalen.