Hopp til innhold

Mor, far, storebror og nabo dømde i omfattande overgrepssak: Alle fire ankar

I dag fall dommen der fire vaksne frå same nabolag har vore tiltalte for grove overgrep mot til saman tre barn. Alle fire er dømde til strenge straffer, men ankar dommane.

tegning fra rettsalen

DOM: På tiltalebenken sat mor, far, storebror og nabo side om side i månadsvis i haust. Onsdag kom dommen frå Hordaland tingrett.

Foto: Ane Hem

Det var over tre månader hausten 2023 at saka gjekk for Hordaland tingrett.

Eit foreldrepar og deira eldste son er tiltalte for grove overgrep mot dei to yngste barna i familien, ein gut og ei jente.

Desse overgrepa skal ha gått føre seg i fleire år.

Naboen deira, ein mann i 30-åra, er òg tiltalt for grove overgrep mot jenta. I tillegg er han tiltalt for grove overgrep mot sin eigen son.

Alle barna var under ti år gamle då overgrepa mot dei starta.

Alle fire nektar straffskuld.

I dag fall dommen i Hordaland tingrett. Alle fire blei dømde i tråd med aktor sin påstand.

  • Faren: 21 års forvaring med ei minstetid på 15 år
  • Mora: 18 år i fengsel
  • Storebroren: 10 år i fengsel
  • Naboen: 12 år i fengsel​​

Alle fire er også dømde til kontaktforbod for alltid og må totalt betala 4,1 millionar kroner i oppreisingserstatning til dei tre fornærma barna.

dette er dei fire tiltalte i overgrepssaka i ein vestlandskommune

Desse fire er tiltalte i saka.

Dommen blir anka

– Min klient registrer at han ikkje er høyrt på nokon av dei punkta me heldt fram i retten. Han er sjølvsagt veldig skuffa, seier Jan Henrik Høines som forsvarar mannen i 50-åra, også omtalt som faren.

Han seier dei vil bruka dagen på å gå meir grundig gjennom dommen, men at det allereie no er klart for hans klient at dommen vil bli anka.

Også storerbros forsvarar, Alexander Sele, naboens forsvarar, Kai Inge Gavle, og mors forsvarar, Astrid Aksnes, opplyser at dei vil anka til lagmannsretten.

– Ho visste jo at dette kunne bli resultatet, men ho er overraska over at dei har dømt ho på bakgrunn av dei bevisa som blei førte. Ho meiner ho er uskuldig, så for ho er det skremmande at ho sit her no og er dømd til 18 års fengsel for dette her, seier Aksnes.

Astrid Aksnes overgrepssak i retten

Astrid Aksnes forsvarar kvinna i 40-åra, altså mor til to av dei fornærma.

Foto: Maria Gunanrsdotter Svedal / NRK

Ankesaka er allereie planlagd i Gulating lagmannsrett, frå september til desember i år.

Asgeir Ohnstad er bistandsadvokat for to av dei fornærma barna han seier han ikkje har fått snakka med klientane sine enno, men at han registrerer at dommen er i tråd med påstanden, og at dei er førebudde på ankesak.

– Eg er førebudd på det og det er vel mine klientar òg. Det var forventa at det kunne bli anka, seier Ohnstad.

Barnas forklaringar heilt sentrale

Barna sine forklaringar har vore heilt sentrale bevis i saka.

Og medan påtalemyndigheita meiner barna sine forklaringar er truverdige og pålitelege, meiner forsvararane det stikk motsette.

I dommen kjem det fram at retten har vore einige med påtalemyndigheita i dette spørsmålet:

«Retten legger etter en helhetlig vurdering av bevisene i saken barnas forklaringer til grunn. Retten har ikke vært i tvil om dette».

Naboens forsvarar, Kai Inge Gavle konstaterer at retten har lagt barnas forklaring til grunn.

– Sånn eg ser det er dei vel då meir eller mindre i sjakk matt. Hadde dei valt å tru på delar av det som blei forklart hadde det vore veldig vanskeleg å avsei ein dom i denne saka.

I retten bad aktor Ellen Cathrine Greve om følgjande straffer for dei tiltalte:

  • Faren: 21 års forvaring
  • Mora: 18 år i fengsel
  • Storebroren: 10 år i fengsel
  • Naboen: 12 år i fengsel​​

– Alle sakene har ei strafferamme på 21 år, med andre ord lovas strengaste straff, som for drap, sa ho i retten.

– Eg registrerer at retten har følgt aktoratet sitt syn på saka. Dommen stemmer med aktoratet sin påstand. Elles har eg ikkje fått lese dommen og vil venta med å kommentera meir utover det, seier ho onsdag.

Overgrepssak i Hordaland tingrett: aktor Ellen Cathrine Greve og forsvarar Astrid Aksnes

Aktor Ellen Cathrine Greve har omtalt saka som «eit ekstremt grovt og altomfattande regime».

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRK

Aktor viste også til Alvdal-saka då ho la fram kva påtalemyndigheita er rett straffutmåling i saka.

Dei fire forsvararane bad derimot om full frifinning for dei tiltalte, subsidiært at dei må dømmast på mildast mogleg måte.

– Politiet meiner dei har hatt alternative teoriar til kva som har skjedd i saka. Det er ikkje noko me som forsvararar klarar å sjå att i denne saka, sa Astrid Aksnes som forsvarar mora.

Bistandsadvokatane bad om oppreisingserstatning etter rettens skjønn, men viste til konkrete summar som utgjer mellom 2,4 og 2,6 millionar kroner til dei tre barna.

– Det er snakk om overgrep som er så grove at det er vanskeleg å ta inn over seg at det kan skje, sa bistandsadvokat Beate Hamre.

Alvorleg kritikk mot barnevernet

Saka starta i Hordaland tingrett 28. august. Dei ti vekene som var sette av viste seg å ikkje vera nok.

Retten har mellom anna lytta til over 50 timar med tilrettelagde barneavhøyr og eit tjuetals timar med opptak frå samvær mellom barna.

rettsteikning frå barneavhøyr i overgrepssak i hordaland itngrett. me ser ein skjerm med ei vaksen dame og eit lite barn. dei sit ved eit bord. barnet skriv eller teiknar.

I Hordaland tingrett har over 50 timar med tilrettelagde barneavhøyr blitt spelte av.

Foto: Ane Hem / TV 2

I tillegg har over hundre personar vitna i rettssaka.

Forsvararane peika på at dei meiner det er risiko for at barna har blitt påverka før og mellom avhøyra, slik at dei har gitt uriktige forklaringar.

Saka har sjokkert kommunen i Hordaland der familiane budde. Barnevernet bad sjølve om å bli granska etter alt som har kome fram.

I februar i år kom Statsforvaltaren i Vestland med konklusjonen sin etter å ha ført tilsyn med barnevernet i kommunen.

Dei kom med alvorleg kritikk mot barnevernet og meiner mellom anna at barnevernstenesta ikkje har undersøkt sakene til barna godt nok for å avklara deira omsorgssituasjon.

overgrepssak i hordaland tingrett

Over 100 personar vitna i rettssaka.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal