– Livet mitt no er allereie øydelagt. Dei fleste trur på det som står i avisa. Eg har ingen vener igjen. Folk ristar på hovudet når dei ser meg, og eg har i praksis mista jobben. Men eg flyktar ikkje frå bygda for noko eg ikkje har gjort.
Det sa mannen i 20-åra då han starta si forklaring torsdag.
Også foreldra og ein nabo er tiltalte i saka der til saman tre born i ein vestlandskommune er utsette for grove overgrep. Alle fire nektar straffskuld.
Saka starta med at naboen vart pågripen. Seinare har familien blitt arresterte, ein etter ein. Først faren, så mora og til slutt den eldste sonen deira.
Dette er dei fire tiltalte. Far, mor og storebror er tiltalte for grove overgrep mot dei to yngste barna i familien, ein gut og ei jente. Naboen er tiltalt for grove overgrep mot jenta og mot sin eigen son.
Den siste tiltalte
I vekevis har storebroren sete på tiltalebenken og observert heile den næraste familien sin i rettssalen.
På ein stor skjerm har han sett veslebroren og veslesøstera fortelja i time etter time om overgrep.
Så har dei tiltalte foreldra hans forklart seg for retten i fleire dagar. Deretter familiens nabo.
Torsdag var det hans tur.
Dårleg samvit
Eldstesonen i familien tok ofte pausar, og forklarte seg gråtkjøvd.
– Politiet har fleire gonger spurt om det var nokon overgrep mot meg. Barnevernet har spurt om det same, men eg har aldri opplevd noko slikt, sa den tiltalte storebroren.
I 2018 blei faren hans dømd for nedlasting og oppbevaring av overgrepsmateriale.
Eldstesonen skildra dette som forferdeleg og uforståeleg.
Då faren vart pågripen på nytt sommaren 2021 i samband med saka mot naboen, rasa verda nok ein gong saman for sonen.
Han forklarer at då han fekk vita kva dei to yngre hadde fortalt om naboen og faren i avhøyr, fekk han dårleg samvit.
– Eg følte meg som den dårlegaste storebroren som ikkje hadde klart å beskytta dei. Eg har heile tida sagt til veslebroren min at han ikkje må lyga til politiet, men fortelja alt.
Men etter kvart fortalde veslebroren at også mora hadde vore med på overgrep. Det hadde den eldre broren ikkje tillit til.
– Når det så gjekk nokre månader, og mor mi også blei pågripen, trudde eg ikkje det var sant. Mamma gjer ikkje sånt! No har eg ikkje fleire tårer igjen, sa han i retten.
Omvelting
Så kom omveltinga i dei tilrettelagde avhøyra. Der kom det fram at storebroren også skulle ha vore med på overgrepa.
I retten seier han at han heilt frå starten har samarbeidd med politiet og gitt dei passord og tilgang til digitale kjelder.
Det politiet har funne så langt, er ein søkehistorikk prega av mykje seksuelle interesser, men ikkje direkte mot born.
– Kva for eit motiv skulle småsøskena dine ha for skuldingane mot deg, spurde aktor i retten.
– Det veit eg ikkje. Dei er kanskje skuffa eller føler seg svikne. Eg veit berre at dette ikkje har skjedd i verkelegheita, seier storebroren.
Alexander Sele er forsvarar for storebroren.
Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal
Skal ha blitt tvinga
Han er tiltalt for å ha valdteke dei to yngre søskena sine over fleire år.
I dei tilrettelagde avhøyra har søskena forklart at foreldra tvang han til å utføra overgrepa.
– Broren min blei tvinga. Det var mamma og pappa som bestemte, sa veslebroren ifølgje BA.
Veslebroren sa òg at det berre skjedde medan foreldra var til stades.
Foreldra er ikkje til stades i retten medan han forklarar seg. Dei har vore i eit anna rom for å følgje saka.
Forsvararen hans, Alexander Sele, seier grunnen er at storebroren lenge var vitne i saka, heilt til han blei pågripen i februar 2023.
– Han har stått i ein lojalitetskonflikt mellom foreldra og dei yngre søskena. Derfor blir det enklare å forklara seg utan at dei sit der, seier Sele.
Dette har verken mor eller far hatt innvendingar mot.
Vil at veslebroren skal vitna i retten
Sele har òg sendt eit krav til retten der han ber om at veslebroren skal møta i retten. Foreldra har sagt seg einige i det.
Retten skal ta stilling til dette fredag.
I utgangspunktet skal barn sleppa å forklara seg i rettssalen, men fordi guten no er over 16 år, meiner Sele at han har møteplikt.
Både aktor Ellen Cathrine Greve og bistandsadvokat Beate Hamre seier det vil vera belastande for guten å møta i retten. Dei meiner det heller kan gjerast eit nytt tilrettelagt avhøyr.
Ellen Cathrine Greve er aktor i saka.
Foto: Maria Gunnarsdotter SvedalKalla eldstesonen «verdas snillaste»
Då mora hans forklarte seg kalla ho eldstesonen sin for «verdas snillaste» og sa han «aldri har gjort ein katt fortred».
Faren hans sa i retten at det var «heilt hårreisande» at han og barnemora er skulda for å ha tvunge storebroren til å utføra overgrep mot småsøskena. Også han nekta for at sonen har utført overgrep.
– Det er heilt forferdeleg at han sit i retten, sa faren.
Dette er dei fire tiltalte
Mann i 50-åra
- Far til to av dei fornærma.
- Tiltalt for grov valdtekt av sonen og dottera. Overgrepa skal ha skjedd ved fleire anledningar og over fleire år.
- Begge barna var under ti år gamle då overgrepa starta. Fleire av overgrepa skal ha skjedd mot begge barna samtidig.
- Faren skal også ha tvinga den yngste sonen til å utføra overgrep mot den yngre søstera si.
- Er også tiltalt for seksuelle handlingar mot sin eigen hund.
- Skal tidlegare vera dømd til 1,5 års fengsel for å ha lasta ned overgrepsmateriale mellom 2013 og 2017.
Kvinne i 40-åra
- Mor til to av dei fornærma.
- Ho er tiltalt for grov valdtekt av sonen og av dottera. Overgrepa skal ha skjedd ved fleire anledningar og over fleire år.
- Ifølgje tiltalen var begge barna under ti år gamle då overgrepa starta.
- Ifølgje tiltalen var ho klar over at sonen blei utsett for overgrep av sin eigen far. Ho skal ha vore til stades under overgrepa utan å gjera noko for å stansa dei.
- Ho skal også ha vist dottera filmar som viser overgrep mot barn.
Mann i 20-åra
- Eldste sonen i familien og storebror til to av dei fornærma.
- Tiltalt for grov valdtekt av si eiga søster og sin eigen bror.
- Overgrepa skal ha gått føre seg over fleire år. Dei skal ha starta då broren og søstera var under ti år gamle.
Mann i 30-åra
- Naboen til dei andre tiltalte i saka og far til ein av dei fornærma.
- Han er tiltalt for grov valdtekt av sin eigen son og nabojenta.
- Overgrepa skal ha skjedd fleire gonger over ein periode på rundt eitt år. Begge barna var under ti år då overgrepa starta.
- I tillegg til å utføra overgrep mot begge to, skal han ha fått dei to til å utføra seksuelle handlingar mot kvarandre.
- Han er mellom anna også tiltalt for å ha teke bilete av dei to barna under overgrepa og for å ha vist dei filmar av overgrep mot barn.