Hopp til innhold

Mor, far, storebror og nabo i overgrepssak: Påstandar sprikar – ber om frifinning og forvaring

Aktor ber om lange fengselsstraffer, medan forsvararane ber om full frifinning. Bistandsadvokatane peikar på millionbeløp som sannsynleg erstatning.

Overgrepssak Hordaland tingrett

I tre månader har rettssaka føregått i dette rommet.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRK

Påstandane sprikar i Hordaland tingrett.

Tysdag skildra aktor eit grovt familieregime der kontroll, indrejustis og overgrep har prega kvardagen. Ho krev lange straffer for dei fire tiltalte.

No har forsvararane kome med sine påstandar: Dei ber om full frifinning på alle punkt.

Eit foreldrepar og deira eldste son er tiltalte for overgrep mot dei to yngste barna i familien, ein gut og ei jente.

Naboen deira er òg tiltalt for overgrep mot jenta. I tillegg er han tiltalt for overgrep mot sin eigen son.

I tre månader har saka blitt ført for Hordaland tingrett, no står det att å venta på dommen.

Ueinige om sentrale bevis

Dei fire tiltalte nektar straffskuld, og forsvararane deira meiner dei skal frifinnast.

– Politiet har ikkje gjort nok for å belysa denne saka, seier Astrid Aksnes, forsvararen til mora.

Astrid Aksnes overgrepssak i retten

Forsvarar Astrid Aksnes meiner mora bør frifinnast.

Foto: Maria Gunanrsdotter Svedal / NRK

Samtidig meiner aktor Ellen Cathrine Greve at alle bør dømmast til lange fengselsstraffer. Hennar påstand er følgjande:

  • Faren: 21 års forvaring
  • Mora: 18 år i fengsel
  • Storebroren: 10 år i fengsel
  • Naboen: 12 år i fengsel

Retten har lytta til over 50 timar med tilrettelagde avhøyr av dei tre fornærma barna.

Det barna fortel der er heilt sentrale bevis i saka.

overgrepssak i retten: aktor Ellen Cathrine Greve

Aktor Ellen Cathrine Greve meiner det er bevist at dei tiltalte har gjort det dei er tiltalte for.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal

Og medan påtalemyndigheita meiner at barna sine forklaringar er truverdige og pålitelege, meiner forsvararane det stikk motsette.

Dei viser mellom anna til punkt der barnas forklaringar skil seg frå kvarandre, og at eit av barna har trekt tilbake delar av det hen har forklart.

Meiner barna kan vera påverka

Forsvararane sitt mest sentrale argument har vore at dei meiner det er risiko for at barna har blitt påverka før og mellom avhøyra.

Dei fryktar samtalar med fosterforeldre, barnevernet og politiet har ført til at barna gir uriktige forklaringar om kva dei tiltalte skal ha gjort.

– Dette meiner eg sjølvsagt er heilt feil, sa Greve under prosedyren sin.

Over ein periode på fleire år har barna vore i tilrettelagde avhøyr. Her har dei gradvis forklart seg om grovare og grovare overgrep, med stadig fleire involverte overgriparar.

Advokat Jan Henrik Høines, forsvararen til faren, meiner arbeidet med barna er gjort i beste hensikt.

– Me har aldri sagt at barnevernet eller fosterforeldra har hatt ein agenda med å gjera dette, sa han.

rettsteikning frå barneavhøyr i overgrepssak i hordaland itngrett. me ser ein skjerm med ei vaksen dame og eit lite barn. dei sit ved eit bord. barnet skriv eller teiknar.

Dei tilrettelagde avhøyra med barna er heilt sentrale bevis i saka. Desse er aktørane ueinige om.

Foto: Ane Hem / TV 2

Han får støtte av mors forsvarar.

– Det er ingen som påstår at barnevernet eller andre har fortalt barna kva dei skal seia eller at dei medvite har prøvd å påverka barna. Men det er summen av uheldige omstende som gjer at barna har gitt uriktige forklaringar, sa Aksnes under sin prosedyre.

Forsvararen til naboen, Gavle, viste i si avslutning til at han meiner fleire enn barna er påverka.

– Barnevernet har ikkje berre påverka barna i denne saka, dei har påverka alt og alle. Dei har påverka behandlarar i Bup ved å ha eit heilt klart syn på kva som har skjedd frå tidleg i saka. Det synet har dei formidla vidare.

I prosedyren sin omtalte Aksnes framgangsmåten til politi og barnevern for «svært kritikkverdig».

– Det utgjer i seg sjølv eit overgrep mot denne jenta. Om ho ikkje har blitt utsett for overgrep av sine foreldre, så kan ein sjå at ho fortel om det no, og truleg trur på det sjølv, sa ho.

– Skil seg frå foreldra og naboen

Storebroren i familien vart først involvert i saka i februar i år.

– Bevissituasjonen for han skil seg frå hans foreldre og naboen, spesielt med tanke på når han blir trekt inn i saka og omstenda i forkant av at han blir snakka inn, sa forsvararen hans, Alexander Gonzalo Sele.

overgrepssak i retten: Alexander Sele

Alexander Gonzalo Sele forsvarar storebroren. Han meiner klienten bør frifinnast.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRK

Før storebroren blir nemnd hadde veslebroren vore gjennom 11 tilrettelagde avhøyr og veslesøstera 16 over fleire år.

Sele viser også til at søskena fekk møtast til søskensamvær mange gonger i 2022, og til at storebroren same året uttalte seg positivt om foreldra sine i ei barnevernssak.

Etter møtet i barnevernssaka skal veslebroren ha snakka annleis om storebroren sin, ifølgje forsvararen.

– Det finst ikkje eit einaste objektivt bevis mot han, sa Sele.

Peikar på kvarandre

I rettssalen er dei fleste einige om at barna må ha opplevd noko for å kunna fortelja om overgrep i ein slik detalj som dei har gjort.

Men kva som har skjedd er dei ikkje einige om.

– Barna har, uansett skuld eller uskuld, opplevd ting som barn ikkje skal oppleva, sa Kai-Inge Gavle som forsvarar naboen.

Medan mor, far og storebror er nemnde i kvarandre sine tiltalar, er ikkje naboen tiltalt for å ha gjort noko saman med nokon av dei.

Det er heller ingen som har meiner at naboane har visst om at noko har skjedd heime hjå dei andre.

Frå både forsvararen til naboen og forsvararen til faren har det blitt peika på at det er mogleg at jenta har opplevd noko i den andre heimen.

Overgrepssak i Hordaland tingrett: forsvarar Jan Henrik Høines og forsvarar Kai Inge Gavle

Forsvararen til faren, Jan Henrik Høines (til venstre) og forsvararen til naboen, Kai-Inge Gavle.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal

Kai-Inge Gavle har argumentert for at jenta kan spegla opplevingar ho har hatt heime hjå foreldra over på naboen.

– Kva er sannsynet for at det skal ha skjedd bisarre overgrep i dei to nabohusa i same periode? Heilt usannsynleg, sa han.

Farens forsvarar fokuserte i si avslutning på moglegheita for at barna set minne opp mot feil kjelder, såkalla feilattribusjon:

Til dømes kan dei ha sett på pornografi eller kome over overgrepsmaterialet faren hadde lasta ned. Eller jenta kan ha opplevd ting hjå naboen som ho fortalde at ho hadde opplevd heime.

Mogleg millionerstatning

Alle fire er sikta for grov valdtekt av barn under 14 år. Det har ei strafferamme på 21 år i fengsel.

Forsvararane peikar på at dersom retten meiner det finst rimeleg tvil, så må dei frifinna dei tiltalte.

– Politiet meiner dei har hatt alternative teoriar til kva som har skjedd i saka. Det er ikkje noko me som forsvararar klarar å sjå att i denne saka, seier Astrid Aksnes, forsvararen til mora.

Bistandsadvokatane har bede om oppreisingserstatning etter rettens skjønn, men i argumentasjonen sin har dei vist til konkrete summar.

Dei viste til at kvar av foreldra skal betala 600.000 kroner i erstatning, medan storebroren bør betala 400.000 kroner. I saka til naboen blir det peika på ein sum mellom 400.000 og 500.000 kroner til kvart av barna.

Beate Hamre

Beate Hamre er bistandsadvokat for dei to yngste barna i familien.

Foto: Synne Lykkebø Hafsaas

Det utgjer ein totalsum på mellom 2,4 og 2,6 millionar til dei tre barna.

– Det er snakk om overgrep som er så grove at det er vanskeleg å ta inn over seg at det kan skje, seier Beate Hamre.