Hopp til innhold

Tiltalt i overgrepssak hadde kontakt med nabojente (8) åtte gonger om dagen

Kontakten mellom tiltalt nabo og jenta er «heilt sentral» i alvorleg overgrepssak. Naboen nektar for å ha sagt han var «forelska» i 8-åringen.

tegning fra rettsalen

NEKTAR STRAFFSKULD: Naboen har brukt tysdag og onsdag på å forklara seg i Hordaland tingrett.

Illustrasjon: Ane Hem

I løpet av 46 dagar hadde mannen i 30-åra over 180 videosamtalar med nabojenta. I tillegg sende dei like mange videomeldingar.

I snitt hadde dei altså kontakt åtte gongar om dagen. I tillegg var jenta så ofte på besøk at han og sambuaren såg på ho som «ei slags ekstra dotter».

– Der og då tenkte eg ikkje over at det blei så mykje, det vart så kvardagsleg, sa mannen i retten.

– Det er svært omfattande kontakt og det er heilt sentralt i saka, seier aktor Ellen Cathrine Greve til NRK.

Naboen er ein av dei tiltalte i rettssaka der fire vaksne frå same nabolag i ein kommune i Hordaland er tiltalte for grove valdtekter mot barn.

Saka har sjokkert kommunen der familiane budde.

rettsteikning frå barneavhøyr i overgrepssak i hordaland itngrett. me ser ein skjerm med ei vaksen dame og eit lite barn. dei sit ved eit bord. barnet skriv eller teiknar.

Den fornærma jenta har vore i mange tilrettelagde avhøyr. Desse har retten sett.

Illustrasjon: Ane Hem / TV 2

Eit foreldrepar og deira eldste son er tiltalte for overgrep mot dei to yngste barna i familien, ein gut og ei jente.

Naboen deira, ein mann i 30-åra, er òg tiltalt for overgrep mot jenta. I tillegg er han tiltalt for overgrep mot sin eigen son.

Alle fire nektar straffskuld.

«Forelsket i noen som er 20 år yngre»

Då aktor stilte naboen spørsmål om den tette kontakten mannen hadde med jenta på sosiale medium, hevda han at foreldra til jenta var informerte.

– Eg hadde tett kontakt med mora hennar om det.

– Det var veldig mykje tid du brukte på jenta?

– Det blei veldig mykje.

I tiltalen kjem det fram at mannen skal ha sagt «eg er forelska i deg» til jenta.

I retten nekta han for å ha sagt dette.

Han vedgjekk å ha sagt «glad i deg» til jenta, og forklarte det med at ho vart som ei ekstra dotter i familien.

Overgrepssak i Hordaland tingrett: forsvarar Kai Inge Gavle

Forsvararen til naboen, Kai-Inge Gavle, seier det har vore krevjande for klienten å forklara seg.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal

Også netthistorikken hans vart eit tema. Mellom anna vart to googlesøk trekte fram: «forelsket i noen som er 20 år yngre» og «ikke seksuelt tiltrukket av samboer lengre».

Ifølgje naboen skjedde begge desse googlesøka etter samtalar med kameratar.

Ein kamerat kjende ei med stor aldersforskjell til kjærasten. Naboen hevda han googla for å finna ut om det var normalt.

Vidare fortalde han at ein anna kamerat hadde problem i forholdet og mistenkte at sambuaren hans ikkje likte han lengre.

Kan få 21 år i fengsel

Dei første tre vekene har retten brukt på å sjå alle avhøyra som er gjort med dei fornærma barna, over 50 timar.

Dei neste rettsdagane er sette av til forklaring frå dei andre tiltalte. Torsdag står far for tur. Etter han mor og til slutt storebror.

Det er opp til dei sjølve om dei vil forklara seg.

Etter at alle fire har forklart seg skal barnevernet vitna.

Felles for dei tiltalte er at dei er tiltalte for grov valdtekt av barn under 14 år. Det inneber at dei kan bli dømde til 21 år i fengsel.

Aktor Ellen Cathrine Greve har omtalt alle fire tiltalane som «veldig alvorlege».

Overgrepssak i Hordaland tingrett: aktor Ellen Cathrine Greve og forsvarar Astrid Aksnes

Aktor Ellen Cathrine Greve.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal

Ho seier ho ikkje er overraska over det som har kome fram i forklaringa til naboen.

Trur du på det han seier?

– Eg har ei anna oppfatning av saka, det er bakgrunnen for tiltalen.

Det kjem også fram i tiltalen at Greve vil vurdera å be om forvaring for far i familien. Det er på grunn av at han er tidlegare domfelt for nedlasting av overgrepsbilete.

Les også Nektar for grove overgrep mot jente (8): – Situasjonen er heilt enkelt for jævlig

tegning fra rettsalen

Dette er dei fire tiltalte

Les også Spelar av 50 timar barneavhøyr i retten: – Hovudutfordringa er å få barna til å fortelja

rettsteikning frå barneavhøyr i overgrepssak i hordaland itngrett. me ser ein skjerm med ei vaksen dame og eit lite barn. dei sit ved eit bord. barnet skriv eller teiknar.