– Å høyra dei grufulle forteljingane frå barna syns eg er vanskeleg, sa naboen.
Han er ein av dei tiltalte i rettssaka der fire vaksne frå same nabolag i ein kommune i Hordaland er tiltalte for grove valdtekter barn.
Saka har sjokkert kommunen der familiane budde. Barnevernet bad sjølve om å bli granska etter alt som har kome fram.
Eit foreldrepar og deira eldste son er tiltalte for overgrep mot dei to yngste barna i familien, ein gut og ei jente.
Naboen deira, ein mann i 30-åra, er òg tiltalt for overgrep mot jenta. I tillegg er han tiltalt for overgrep mot sin eigen son. Dei første tre vekene har retten brukt på å sjå gjennom alle dei tilrettelagde avhøyra i saka.
No har retten for første gong fått høyra forklaringa til naboen.
Dette er dei fire tiltalte i saka. Tysdag er det naboen, mannen i 30-åra som skal forklara seg.
Som ei slags ekstra dotter
– Eg syns det er veldig vanskeleg å måtta sitja her og forklara for så mange menneske. Situasjonen er for å seia det enkelt «heilt jævlig».
Det sa naboen då han starta si forklaring tysdag.
Kai Inge Gavle er forsvarar for naboen. Han seier klienten er «klinkande klar» på at han er uskuldig.
– Korleis blir det å forklara seg om ting han meiner ikkje har skjedd?
– Det er klart at når det er teke ut ein tiltale i ei så alvorleg sak så har påtalemakta nokon bevis som peikar mot han som støttar deira syn. Så skal han imøtegå dei bevisa og forklara korleis han enda i denne knipa, seier Gavle.
Alle barna var under 10 år gamle då overgrepa skal ha starta.
Dei fire tiltalte nektar straffskuld.
Forsvararen til naboen, Kai-Inge Gavle (t.h.) i samtale med forsvararen til faren, Jan Henrik Høines.
Foto: Maria Gunnarsdotter SvedalTiltalte snakka om at nabojenta var mykje heime hjå dei, og at ho blei som ei slags ekstra dotter. Han kommuniserte også med ho på appane Duo og Snapchat.
– I etterkant har eg sett at eg burde teke litt avstand frå det. Det burde ikkje vore så mykje. Det var ikkje nokon farleg kontakt, men det blei berre for mykje.
«Eg er forelska i deg»
Naboen er mellom anna tiltalt å ha teke bilete av dei to barna som viser seksuelle overgrep og som seksualiserer dei.
I forklaringa skildra han situasjonar der nokre av bileta blei tatt.
Han skildra at det var barna kledde av seg og leika fotgraf, medan han prøvde å stoppa dei.
Ifølgje tiltalen har han utført overgrep mot sonen sin frå hausten 2019 til november 2020 og nabojenta frå sommaren 2020 november 2020.
Vidare har han gjort seg kjend med noveller som skildrar seksuelle overgrep mot barn. Han skal òg ha vist pornofilm og video som skildrar seksuelle overgrep mot barn til jenta og sagt «eg er forelska i deg» til ho.
Over 50 timar barneavhøyr
Forsvararane har peika på at dei meiner det er ein risiko for at barna kan ha blitt påverka før og mellom avhøyra.
Til saman er dei tre fornærma avhøyrde i over 50 timar mellom november 2020 og februar 2023.
Det har òg blitt vist avhøyr frå 2017, då guten og jenta frå familien blei avhøyrde i samband med at faren blei dømd for å ha lasta ned overgrepsbilete.
Foto: Ane Hem / TV 2Dei neste rettsdagane er sette av til forklaring frå dei andre tiltalte. Etter at naboen er ferdig, er det faren sin tur. Så kjem mor og til slutt storebror.
Rekkjefølgja er den same som dei vart arresterte i.
Etter at alle fire har forklart seg skal barnevernet vitna.
Kan bli lovas strengaste straff
Felles for dei tiltalte er at dei er tiltalte for grov valdtekt av barn under 14 år. Det inneber at dei kan bli dømde til 21 år i fengsel.
Aktor Ellen Cathrine Greve har omtalt alle fire tiltalane som «veldig alvorlege».
– Dette er ei særdeles lang og omfattande sak som gjeld fysiske overgrep, sa ho då rettssaka starta.
Ellen Cathrine Greve er aktor i saka.
Foto: Maria Gunnarsdotter SvedalI avhøyr har dei tiltalte sagt at ingenting av det som blir skildra i avhøyra har skjedd.
– Som eg sa i mitt innleiingsforedrag så blir det interessant å høyra kva dei seier, om det blir nokon endringar eller om dei står fast på sitt standpunkt, seier Greve.
Det kjem også fram i tiltalen at statsadvokaten vil vurdera å be om forvaring for far i familien. Det er på grunn av at han er tidlegare domfelt for nedlasting av overgrepsbilete.
Mann i 50-åra
- Far til to av dei fornærma.
- Tiltalt for grov valdtekt av sonen og dottera. Overgrepa skal ha skjedd ved fleire anledningar og over fleire år.
- Begge barna var under ti år gamle då overgrepa starta. Fleire av overgrepa skal ha skjedd mot begge barna samtidig.
- Faren skal også ha tvinga den yngste sonen til å utføra overgrep mot den yngre søstera si.
- Er også tiltalt for seksuelle handlingar mot sin eigen hund.
- Skal tidlegare vera dømd til 1,5 års fengsel for å ha lasta ned overgrepsmateriale mellom 2013 og 2017.
Kvinne i 40-åra
- Mor til to av dei fornærma.
- Ho er tiltalt for grov valdtekt av sonen og av dottera. Overgrepa skal ha skjedd ved fleire anledningar og over fleire år.
- Ifølgje tiltalen var begge barna under ti år gamle då overgrepa starta.
- Ifølgje tiltalen var ho klar over at sonen blei utsett for overgrep av sin eigen far. Ho skal ha vore til stades under overgrepa utan å gjera noko for å stansa dei.
- Ho skal også ha vist dottera filmar som viser overgrep mot barn.
Mann i 20-åra
- Eldste sonen i familien og storebror til to av dei fornærma.
- Tiltalt for grov valdtekt av si eiga søster og sin eigen bror.
- Overgrepa skal ha gått føre seg over fleire år. Dei skal ha starta då broren og søstera var under ti år gamle.
Mann i 30-åra
- Naboen til dei andre tiltalte i saka og far til ein av dei fornærma.
- Han er tiltalt for grov valdtekt av sin eigen son og nabojenta.
- Overgrepa skal ha skjedd fleire gonger over ein periode på rundt eitt år. Begge barna var under ti år då overgrepa starta.
- I tillegg til å utføra overgrep mot begge to, skal han ha fått dei to til å utføra seksuelle handlingar mot kvarandre.
- Han er mellom anna også tiltalt for å ha teke bilete av dei to barna under overgrepa og for å ha vist dei filmar av overgrep mot barn.