Hopp til innhold

Foreldrepar tiltalt for valdtekt av barna sine

Mannen og kvinna skal begge ha valdteke sine to barn over fleire år. I tillegg er ein tredje mann valdtektstiltalt i same sak. Alle tre nektar straffskuld.

Aktor Ellen Cathrine Greve

STATSADVOKAT: Ellen Cathrine Greve har tatt ut tre alvorlege tiltalar, der tre barn skal vera utsett for gjentekne valdtekter over fleire år.

Foto: Valentina Baisotti / NRK

Dei tre alvorlege og omfattande tiltalane er tekne ut av statsadvokat Ellen Cathrine Greve.

Tre personar, eitt foreldrepar og ein mann i 30-åra, er tiltalte for grove valdtekter mot tre barn.

– Saka starta då barnevernet politimelde mannen i 30-åra. I løpet av etterforskinga vart også foreldreparet involvert, seier statsadvokat Greve til NRK.

Påtalemakta har bedt om at dei tre sakene skal behandlast i same rettssak. Det betyr at dei tiltale må møte saman i Hordaland tingrett i løpet av 2023.

Grove valdtekter av tre barn

Foreldreparet, ein mann i 50-åra og ei kvinne i 40-åra, er tiltalt for valdtekt av deira eigne barn.

Guten og jenta var under ti år då overgrepa skal ha starta. Ifølge tiltalen har valdtektene skjedd over fleire år, i ein kommune i Vestland fylke.

«Hun var videre klar over at datteren ble utsatt for overgrep fra sin far (...) og uten å forsøke å hindre at overgrepene fant sted», står det i tiltalen som er tatt ut mot mora til barna.

– Det er ei svært alvorleg sak, der to barn er utsett for overgrep frå sine foreldre, seier bistandsadvokat Beate Hamre til NRK.

I tillegg er ein mann i 30-åra tiltalt for valdtekt av foreldreparets dotter. Han er også tiltalt for valdtekt av sin egen son, også han under ti år då overgrepa starta.

Strafferamma for grov valdtekt av barn under 14 år er på 21 års fengsel.

Nektar straffskuld

– Han nektar straffskuld på alle punkt, seier advokat Kai Inge Gavle til NRK. Han forsvarar mannen i 30-åra, som på eit tidspunkt budde i same nabolag som foreldreparet.

Advokat Jan Henrik Høines er forsvarar for mannen i 50-åra. Mannen vart i 2018 dømd til 1,5 års fengsel for å lasta ned overgrepsbilete frå 2013 til 2017, skriv BT.

– Min klient avviser at han har utført handlingane som er skildra i tiltalen. Han erkjenner ikkje straffskuld. Han opplever det som ein svært alvorleg tiltale og vil bruka tida framover på å gå gjennom dokumenta i saka, fortel Høines til NRK.

Advokat Astrid Aksnes forsvarar kvinna i 40-åra. Ho seier at klienten hennar ikkje erkjenner straffskuld og heller ikkje dei faktiske forholda som tiltalen byggjer på.

Varetektsfengsla

Ifølge statsadvokaten er det berre éin av dei tre tiltalte som er varetektsfengsla. Det er mannen i 50-åra, som har vore i varetekt sidan andre halvdel av 2021.

Her varslar Greve at ho vurderer å legge ned påstand om forvaring som straff for den tiltalte.

Dei tre fornærma barna har vore i lange tilrettelagde avhøyr på Barnehuset. Dei blir i dag følgt opp av barnevernet, opplyser Greve.

Rettssaka i Hordaland tingrett har ikkje fått beramming enno.

Tiltalt for fleire forhold

Mot alle dei tre personane er det tatt ut tiltale for fleire forhold.

  • Mannen i 50-åra er også tiltalt for brot på dyrevelferdslova paragraf 37, som omhandlar seksuell omgang med ein hund. Han er også tiltalt for seksuell omgang med «slektning i nedstigande linje», som er straffelovas paragraf 312.
  • Kvinna i 40-åra er også tiltalt etter paragraf 312.
  • Mannen i 30-åra er tiltalt for å ha produsert overgrepsmateriale i form av bilete. I tillegg er han tiltalt for straffelova paragraf 312.