Hopp til innhold

Alarmen gjekk etter meldingar til barnevernet: «Når mamma er seint på jobb, må eg kle av pappa»

Tre varsel til barnevernet starta opprullinga av den grove overgrepssaka i Hordaland. Dei fire tiltalte nektar alle straffskuld.

tegning fra rettsalen

Måndag 28. august starta rettssaka mot dei fire tiltalte. Dei kjem frå to familiar i same nabolag i ein kommune i Hordaland.

Foto: Ane Hem / TV 2

Måndag starta rettssaka der fire vaksne frå same nabolag er tiltalte for grove valdtekter av barn.

Eit foreldrepar og deira eldste son er tiltalte for overgrep mot dei to yngste barna i familien, ein gut og ei jente.

Naboen deira, ein mann i 30-åra, er òg tiltalt for overgrep mot jenta. I tillegg er han tiltalt for overgrep mot sin eigen son.

Alle dei tre barna var under 10 år gamle då overgrepa starta.

Fleire varsla barnevernet

Det var naboen som først vart arrestert, hausten 2020.

Barnevernet hadde då fått tre bekymringsmeldingar. To av dei uttrykte uro om relasjonen mellom naboen og dottera i familien.

Dei var observert på ein leikeplass og i eit basseng, og meldaren meinte at det var ubehageleg å sjå på forholdet mannen hadde til jenta.

Overgrepssak i Hordaland tingrett: aktor Ellen Cathrine Greve og forsvarar Astrid Aksnes

Astrid Aksnes (til venstre) forsvarar kvinna i 40-åra. Til høgre er aktor Ellen Cathrine Greve.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal

Ei anna bekymringsmelding handla om utsegner barna hadde kome med til andre barn.

Mellom anna skal eit av barna ha sagt «Når mamma er seint på jobb, må eg kle av pappa».

Under etterforskinga av naboen fatta politiet interesse for foreldreparet i nabolaget hans.

Dei to blei arresterte sommaren 2021. Seinare blei det også deira eldste son involvert. I februar i år vart han sikta i same sak.

Dei fire tiltalte nekta straffskuld på alle punkt på rettens første dag.

Tre veker med avhøyr

50 timar med tilrettelagde barneavhøyr skal spelast av og over 100 personar skal vitna i overgrepssaka som førte til at barnevernet sjølve bad om å bli granska.

– Det er eit omfattande bevismateriale, mykje større enn det ein vanlegvis ser i overgrepssaker, sa aktor Ellen Cathrine Greve på rettens første dag.

Dei tre første vekene er sette av til gjennomgang av dei tilrettelagde avhøyra.

Det er først i den fjerde rettsveka at dei tiltalte skal forklara seg.

– Utanfor fatteevna

Då aktor starta si innleiing i retten, var den store bevismengda eit tema.

Ho er klar på kva som blir den største utfordringa i saka:

– Det er å plassera dei ulike bevisa me har inn mot dei fire tiltalte, og gi ein presentasjon som er forståeleg, seier ho til NRK.

overgrepssak i retten: aktor Ellen Cathrine Greve

Ellen Cathrine Greve er aktor i saka.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal

I innleiinga peika ho også på kva påtalemyndigheita ser på som sentrale problemstillingar.

– For dei fleste av oss er det barna forklarar om vanskeleg å forstå. Det er vanskeleg å forstå at det kan skje. Det er utanfor fatteevna til folk flest, sa ho.

Ho sa også til retten at dei må vurdera om dei omtalte overgrepa er «fysisk moglege».

Ei heilt sentral problemstilling er ifølgje ho om barna snakkar sant.

– Er det fantasi det dei fortel om, eller har det rot i verkelegheita?

Ho meiner det ikkje er jussen og lovene som er utfordringa i denne saka, men vurdering av bevisa.

– Vanskeleg å koma ut av tunnelsynet

Det er forsvararane til dei tiltalte har ønskt at avhøyra skal spelast av i sin heilskap.

– Eg har aldri sett ei sak der det er tatt så mange tilrettelagde avhøyr, sa forsvararen til naboen, Kai-Inge Gavle.

Ifølgje han er det sjeldan med fleire enn tre avhøyr av eit barn. Han lista opp at dei tre fornærma i denne saka er avhøyrt høvesvis ni, tolv og femten gonger.

Avhøyra er gjort over ein periode på rundt tre år.

Aktor Greve peikar på at ein ved å spela av alt får sett utviklinga i forklaringane til barna.

Forsvarar Gavle viste til at etterforskinga har føregått over svært lang tid, og at politiet har brukt store ressursar på saka.

– Det er veldig mykje prestisje som står på spel. Det er vanskeleg å koma ut av tunnelsynet, sa han.

Overgrepssak i Hordaland tingrett: forsvarar Jan Henrik Høines og forsvarar Kai Inge Gavle

Jan Henrik Høines (til venstre) forsvarar mannen i 50-åra og Kai-Inge Gavle forsvarar mannen i 30-åra.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal

Fleire av dei andre forsvararane peika også på at saka har blitt etterforska over lang tid og at det har prega barneavhøyra.

Dette er dei tiltalte: