Hausten 2020 tok barnevernet i ein kommune i Hordaland kontakt med politiet.
Dei hadde motteke bekymringsmeldingar om ein namngitt mann.
Andre bebuarar i kommunen hadde varsla dei om upassande kontakt mellom mannen i 30-åra og ei mindreårig nabojente.
Dette var starten på opprullinga av ei omfattande overgrepssak som startar i Hordaland tingrett 28. august.
På tiltalebenken sit fire personar frå to familiar frå same nabolag.
Saka har gått sterkt inn på fleire i kommunen. Barnevernet har sjølv bede om å bli granska etter alt som har kome fram.
Mogleg «overgrepsnettverk» i nabolaget
I ein familie på fem er far, mor og den eldste sonen tiltalte for grove valdtekter av dei to yngste barna i familien, ein son og ei dotter.
Den mannlege naboen deira er tiltalt for grove valdtekter av dottera i nabofamilien og sin eigen son.
Då overgrepa skal ha starta var barna under ti år gamle. To av dei skal ha blitt utsette for overgrep i fleire år.
For jenta skal overgrepa ha gått føre seg nesten heile livet hennar.
Alle dei fire tiltalte nektar straffskuld.
21 år i fengsel og mogleg forvaring
Naboen, ein mann i 30-åra, vart arrestert etter at barnevernet kontakta politiet.
I løpet av etterforskinga blei foreldreparet, ein mann i 50-åra og ei kvinne i 40-åra, involverte.
Dei to blei arresterte sommaren 2021. Påtalemakta tok ut tiltale mot alle tre i desember 2022.
Seinare blei det også fatta mistanke mot nok ein person. Eldstesonen til paret, ein mann i 20-åra, blei varetektsfengsla og sikta i saka i februar i år. No er også han tiltalt i same sak.
Felles for dei alle er at dei er tiltalte for grov valdtekt av barn under 14 år. Det inneber at dei kan bli dømde til 21 år i fengsel.
Det kjem også fram i tiltalen at statsadvokaten vil vurdera å be om forvaring når det gjeld far i familien.
Dette er dei fornærma i saka
- Gut – son i familien
Guten skal ha blitt utsett for seksuelle overgrep i fleire år av far, mor og storebror. Overgrepa skal ha starta då guten var under 10 år. - Jente – dotter i familien
Jenta skal ha blitt utsett for seksuelle overgrep i fleire år av mor, far, storebror og nabofaren. Overgrepa skal ha starta då ho var rundt eitt år gamal. - Gut – nabo til dei to andre fornærma og son av nabofaren
Guten skal ha blitt utsett for overgrep av sin eigen far. Overgrepa skal ha starta då han var under ti år gamal og ha gått føre seg i omtrent eitt år.
Dette er dei tiltalte
Mann i 50-åra
- Far til to av dei fornærma.
- Tiltalt for grov valdtekt av sonen og dottera. Overgrepa skal ha skjedd ved fleire anledningar og over fleire år.
- Begge barna var under ti år gamle då overgrepa starta. Fleire av overgrepa skal ha skjedd mot begge barna samtidig.
- Faren skal også ha tvinga den yngste sonen til å utføra overgrep mot den yngre søstera si.
- Er også tiltalt for seksuelle handlingar mot sin eigen hund.
- Skal tidlegare vera dømd til 1,5 års fengsel for å ha lasta ned overgrepsmateriale mellom 2013 og 2017.
Kvinne i 40-åra
- Mor til to av dei fornærma.
- Ho er tiltalt for grov valdtekt av sonen og av dottera. Overgrepa skal ha skjedd ved fleire anledningar og over fleire år.
- Ifølgje tiltalen var begge barna under ti år gamle då overgrepa starta.
- Ifølgje tiltalen var ho klar over at sonen blei utsett for overgrep av sin eigen far. Ho skal ha vore til stades under overgrepa utan å gjera noko for å stansa dei.
- Ho skal også ha vist dottera filmar som viser overgrep mot barn.
Mann i 20-åra
- Eldste sonen i familien og storebror til to av dei fornærma.
- Tiltalt for grov valdtekt av si eiga søster og sin eigen bror.
- Overgrepa skal ha gått føre seg over fleire år. Dei skal ha starta då broren og søstera var under ti år gamle.
Mann i 30-åra
- Naboen til dei andre tiltalte i saka og far til ein av dei fornærma.
- Han er tiltalt for grov valdtekt av sin eigen son og nabojenta.
- Overgrepa skal ha skjedd fleire gonger over ein periode på rundt eitt år. Begge barna var under ti år då overgrepa starta.
- I tillegg til å utføra overgrep mot begge to, skal han ha fått dei to til å utføra seksuelle handlingar mot kvarandre.
- Han er mellom anna også tiltalt for å ha teke bilete av dei to barna under overgrepa og for å ha vist dei filmar av overgrep mot barn.
– Særdeles lang og omfattande sak
Ellen Cathrine Greve er statsadvokat i saka. I retten er ho aktor og dermed påtalemyndigheita sin representant.
Ho omtalar alle fire tiltalane som «veldig alvorlege».
– Dette er ei særdeles lang og omfattande sak som gjeld fysiske overgrep.
Ho er kjend med at dei tiltalte meiner dei er uskuldige.
– Det å ta ut tiltale i saka bygger på det etterforskinga har vist. Så eg er då av ei anna oppfatning, seier ho.
– Meiner etterforskinga har vore einsidig
Kai Inge Gavle er forsvarar for mannen i 30-åra som også blir omtalt som «naboen». Han var den første som blei pågripen.
– Saka har teke lang tid for han. Han ser fram til å få forklart seg og at retten skal få moglegheit til å sjå alle bevisa i saka samla under eitt. Me håpar og trur han kan bli reinvaska, seier Gavle.
Ifølgje forsvararen er naboen «klinkande klar» på at han er uskuldig.
– Han meiner det er veldig få som har sett på dei tinga som talar til fordel for dei tiltalte i saka. Han meiner etterforskinga har vore einsidig og at politi og barnevernstenesta har hatt tunnelsyn i saka.
Avviser å ha gjort noko straffbart
Jan Henrik Høines forsvarar mannen i 50-åra som også blir kalla «faren». Faren er ifølgje forsvararen oppteken av at tiltalane dreier seg om to ulike saker: Han meiner han og familien ikkje har noko med saka til naboen å gjera.
– Min klient er jo far til eit av dei moglege offera i den andre saka, så han får ei veldig ulik rolle der, spesielt fordi han avviser ei kvar form for at det skal ha føregått noko straffbart frå hans side, seier Høines.
For faren har statsadvokaten varsla at det kan bli aktuelt å leggja ned påstand om forvaring.
– Det er noko han tek veldig alvorleg. Han tenkjer det gjer at det i saka blir enda viktigare for han å få fram kva som har skjedd, seier Høines.
– Enorm belastning
Astrid Aksnes forsvarar kvinna i 40-åra, altså mora til to av dei fornærma.
– Ho kjenner seg ikkje att i skildringane av det ho er tiltalt for, seier Aksnes.
Ho seier mora har det vanskeleg.
– Det utgjer ei enorm belastning å vera tiltalt for overgrep mot eigne barn og å måtta svara for det når ein ikkje erkjenner straffskuld.
Alexander Gonzalo Sele er forsvararen til storebroren som er i 20-åra. Han fortel at storebroren gruar seg til saka, men at han gler seg til å få imøtegå påstandane i tiltalen.
– Han er heilt klar på at han aldri har blitt utsett for noko og at han heller aldri har sett at søskena hans har blitt utsette for noko. Han meiner desse påstandane er feil, seier Sele.
Det er sett av ti veker i retten til saka.
Mellom anna har dei fornærma barna vore gjennom tilrettelagde avhøyr som skal visast for retten, fire sakkunnige er oppnemnde, og over hundre personar skal vitna.