Hopp til innhold

Krev lovas strengaste straff for familiefar i incestsak: – Ekstremt grovt og altomfattande regime

Aktor skildra eit grovt familieregime der kontroll, indrejustis og overgrep har prega kvardagen. No krev ho lange straffer for far, mor, son og nabo.

tegning fra rettsalen

På tiltalebenken sit mor (bak frå venstre), storebror, far (framme frå venstre) og nabo.

Foto: Ane Hem

Saka har sjokkert kommunen i Hordaland der familiane budde. Barnevernet bad om å bli granska etter alt som har kome fram.

Det er eit ekstremt grovt og altomfattande regime me har fått beskrive her, sa aktor Ellen Cathrine Greve då ho starta sin prosedyre i Hordaland tingrett.

Eit foreldrepar og deira eldste son er tiltalte for overgrep mot dei to yngste barna i familien, ein gut og ei jente.

Naboen deira, ein mann i 30-åra, er òg tiltalt for overgrep mot jenta. I tillegg er han tiltalt for overgrep mot sin eigen son.

Alle dei tiltalte nektar straffskuld.

Aktor Ellen Cathrine Greve ber om følgjande straffer for dei tiltalte:

  • Faren: 21 års forvaring
  • Mora: 18 år i fengsel
  • Storebroren: 10 år i fengsel
  • Naboen: 12 år i fengsel

– Alle sakene har ei strafferamme på 21 år, med andre ord lovas strengaste straff, som for drap, sa aktor.

Overgrepssak i Hordaland tingrett: aktor Ellen Cathrine Greve og bistandsadvokat Beate Hamre

Aktor Ellen Cathrine Greve (til venstre) og bistandsadvokat Beate Hamre.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRK

Familiehierarki med truslar

Aktor skildra eit hierarki i familien. Ho peika på at barna har forklart at det har blitt brukt truslar, at dei har måtte innordna seg og vera lydige, og at det også er utført noko vald i heimen, i tillegg til overgrepa.

Mellom anna har veslesøstera forklart at viss ho sa nei til noko, fekk det konsekvensar, veslebroren har fortalt om bruk av militære gradar som kommandant, general, kaptein og soldat i heimen og om hemmelege «teikn» som familien skal ha brukt.

Aktor viste til at det har kome fram at barna har hatt ein «betydeleg angst» for å bli lukka ute frå familiefellesskapet.

Barna sjølve har kalla det å bli ignorerte.

rettsteikning frå barneavhøyr i overgrepssak i hordaland itngrett. me ser ein skjerm med ei vaksen dame og eit lite barn. dei sit ved eit bord. barnet skriv eller teiknar.

Retten har sett dei tilrettelagde avhøyra som er gjort med barna. Der har dei forklart korleis det har vore i heimen deira.

Foto: Ane Hem / TV 2

Storebroren var òg ein del av hierarkiet foreldra laga, ifølgje påtalemyndigheita. I forklaringane til veslebroren og veslesøstera går det fram at storebroren berre utførte overgrep når ein av eller begge foreldra var til stades.

– Begge barna skildrar broren som eit barn. Det tenkjer eg at peikar tilbake på det hierarkiet og regimet som er laga i familien, sa Greve.

Dei tiltalte har nekta for at det har vore bruk av indrejustis og makt i familien.

Starta med bekymringsmeldingar

I 2020 kom det fleire bekymringsmeldingar om naboen til barnevernet.

Ein varslar fortalde at sonen til naboen hadde sagt til hennar barn at «når mamma er seint på jobb, må eg kle av pappa».

I tillegg hadde varslaren fleire gonger observert naboen saman nabojenta i eit basseng og reagert på korleis mannen forheldt seg til jenta.

Ein anna varslar hadde observert mannen kyssa og klemma jenta på ein leikeplass. Varslaren viste til at dersom det ikkje var ein mann og eit lite barn ho såg, så ville ho sagt at dei var forelska.

– Det er kjempeviktig det dei har gjort, og det skal dei anerkjennast for, sa Greve om varslarane.

Dei har også vitna i retten.

– Det me har høyrt på deira forklaringar er at det ikkje har vore enkelt å gi beskjed. Kanskje er det ekstra vanskeleg i eit lite lokalsamfunn.

Det var desse varsla politiet stod med då saka starta.

Under etterforskinga av naboen fatta politiet interesse for foreldreparet i nabolaget hans. Mannen i 50-åra blei pågripen sommaren 2021, kvinna i 40-åra i september same år.

Naboen, mora og faren blei tiltalte i desember 2022.

I februar 2023 vart deira eldste son involvert. Han vart sett i varetekt og sikta i same sak.

I tre månader har han sete saman med foreldra sine og naboen på tiltalebenken i Hordaland tingrett.

dette er dei fire tiltalte i overgrepssaka i ein vestlandskommune

Dette er dei fire tiltalte.

Svært omfattande sak

Alle fire er sikta for grov valdtekt av barn under 14 år. Det har ei strafferamme på 21 år i fengsel.

I tiltalen kjem det fram at statsadvokaten ville vurdera å be om forvaring når det gjeld faren i familien.

28. august 2023 starta saka i Hordaland tingrett. Etter planen skulle ho vara i ti veker, men det viste seg å ikkje vera nok.

Retten har mellom anna lytta til over 50 timar med tilrettelagde barneavhøyr og eit tjuetals timar med opptak frå samvær mellom barna.

I tillegg har over hundre personar vitna i rettssaka.

I retten har forsvararane peika på at dei meiner det er risiko for at barna har blitt påverka før og mellom avhøyra, slik at dei har gitt uriktige forklaringar.

– Dette meiner eg sjølvsagt er heilt feil, sa Greve under prosedyren sin.

Ho viste også til Alvdal-saka då ho la fram kva påtalemyndigheita meiner er rett straffeutmåling i saka.

overgrepssak i hordaland tingrett

Over hundre personar har vitna i rettssaka.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal