– Lojalitet til den som har gjort overgrep er veldig sterk hjå dei aller fleste, sa Tone Davik då ho vitna i Hordaland tingrett.
Ho er fagspesialist innan tilrettelagde avhøyr i Kripos og vitna før dei første barneavhøyra i overgrepssaka skulle spelast av.
Ei mor, ein far og ein storebror er tiltalte for grove overgrep mot dei to yngste barna i familien, ein gut og ei jente. Naboen deira er tiltalt for grove overgrep mot jenta og mot sin eigen son. Alle fire held til i same nabolag i ein kommune i Hordaland.
Før retten skulle få sjå dei første timane med barneavhøyr, bad den tiltalte mora om å få forlata salen. Det fekk ho lov til.
Forsvararane har peika på at det er sentralt om barna har blitt påverka av barnevernet eller politiet som har gjennomført mange avhøyr med dei.
– Skuld, skam og traume
Avhøyrsekspert Tone Davik har ikkje etterforska overgrepssaka. Ho vitna generelt om avhøyr av barn.
Ifølgje Davik er hovudutfordringa å få barn til å fortelja.
– Det er mange barrierar for å tora å snakka om det. Frykt for å ikkje bli trudd, for eksempel.
I retten trekte ho fram skuld, skam og traume som sentrale årsaker til at barn vegrar seg for å snakka.
Tone Davik er fagspesialist innan tilrettelagde avhøyr i Kripos. Ho vitna i retten tysdag.
Foto: Kai Rune KvitsteinBarna avhøyrd mange gonger
Allereie første rettsdag var mengda barneavhøyr eit tema.
Forsvararen til naboen, Kai-Inge Gavle, sa at han aldri har sett ei sak med så mange tilrettelagde avhøyr.
Han lista opp at dei tre fornærma i denne saka er avhøyrde høvesvis ni, tolv og femten gonger.
Avhøyra er gjort mellom november 2020 og februar 2023. I tillegg har barna i familien på fem tidlegare blitt avhøyrde i samband med at faren blei dømd for å ha lasta ned og oppbevart overgrepsmateriale.
Noko av grunnen til at det er gjort mange avhøyr i denne saka, er at ikkje alle var tiltalte frå byrjinga.
Etter bekymringsmeldingar til barnevernet vart naboen arrestert hausten 2020. Under etterforskinga av han fatta politiet interesse for foreldreparet, som blei arresterte sommaren 2021.
I februar 2023 vart også storebroren arrestert og sikta.
Dette inneber mellom anna at avhøyra frå hausten 2020 i hovudsak handlar om relasjonen barna har til naboen, medan detaljar om storebroren først var eit sentralt tema i 2023.
Ifølgje Davik er det ikkje uvanleg at ein tek fleire avhøyr med barn.
– Barna held tilbake og held tilbake og held tilbake. Dei grovaste tinga sit lengst inne.
I retten sit dei tiltalte saman med forsvararane sine.
Foto: Ane Hem / TV 2– Lojaliteten er veldig sterk
Også relasjonen mellom barn og overgripar var sentral i vitnemålet til Davik.
Ho sa at ein nær relasjon vil gjera sjansen for at barnet klarar å fortelja mykje mindre.
Ho understreka også at noko av det som gjer slike saker vanskelege, er at folk ikkje er «anten gode eller vonde».
– Dei færraste som gjer overgrep er berre vonde. Og i det ligg det ein voldsom ambivalens hjå mange barn.
Eit nokså uvanleg trekk ved saka er at også ei kvinne er tiltalt.
I retten viste Davik til at ho har lese forsking som seier at dersom overgriparen er kvinne, er terskelen for å fortelja endå høgare.
Samtidig understreka ho at det er lite erfaring med slike saker.
– Me har ikkje så mykje erfaring med kvinnelege seksuelle overgriparar. Me har Alvdal-saka og nokre fleire litt større saker, men det er ikkje det som er det vanlegaste på norske barnehus.
Dette er dei fire tiltalte.
Illustrasjon: NRK– Unaturleg mange samtalar
Frå forsvararane kom det spørsmål rundt at barna har snakka saman mellom avhøyra og at andre utan fagleg bakgrunn har snakka med barna om temaet.
Det kan ikkje dei som gjennomfører tilrettelagde avhøyr kontrollera, sa Davik.
– Er det risiko for at dei kan bli påverka? spurte forsvararen til naboen, Kai-Inge Gavle.
– Ja, det er det, svarte Davik.
Ho understreka likevel at det vanlegaste er at barn ikkje fortel i det heile tatt.
Det er forsvararane som har bede om at avhøyra skal spelast av i sin heilskap.
Forsvararen til naboen, Kai-Inge Gavle (t.h.) i samtale med forsvararen til faren, Jan Henrik Høines.
Foto: Maria Gunnarsdotter SvedalDei meiner at det er risiko for at barna kan ha blitt påverka før og mellom avhøyra.
– Me meiner at offentlege instansar har hatt unaturleg mange samtalar med dei og at dei har tilrettelagt for samvær mellom desse barna. Det gjer at me meiner barna kan ha blitt påverka i forkant av avhøyra, seier Alexander Sele, forsvararen til storebroren.
Forsvararen til mora, Astrid Aksnes, peikar på det same.
– Det essensielle for oss er om det er eit alternativ til kvifor barna har fortalt sånn som dei har gjort i avhøyra. For min klient er det det store spørsmålet: Kvifor barna seier det dei gjer?
Dei tre første vekene i retten skal brukast på å spela av dei 50 timane med tilrettelagde barneavhøyr.