Mannen i 50-åra var tidvis på gråten då han skildra dei tre barna sine.
Han er tiltalt for grove valdtekter av dei to yngste, ein gut og ei jente.
Også mora til barna og den eldste sonen er tiltalte for overgrep mot dei. Naboen deira er òg tiltalt for overgrep mot jenta. I tillegg er han tiltalt for overgrep mot sin eigen son.
Alle fire nektar straffskuld.
– Det er heilt utruleg å sitja her i denne situasjonen, det må eg seia, sa faren då han forklarte seg i retten.
Kritisk til politiarbeidet
Faren trekte fram at han er «ufatteleg kritisk» til politiarbeidet som er gjort.
Han meiner barna sine forklaringar er påverka av fosterforeldre, barnevern og politi. Det har òg forsvararane peika på.
I dei første avhøyra nekta barna for at nokon hadde utsett dei for overgrep. Etter kvart forklarar dei seg om grove overgrep gjort av fleire og fleire deltakarar.
Faren skildra fleire av vitnemåla til borna som «heilt utrulege».
– Han (namn på son) har skildra ufattelege orgiar på soverommet vårt, sa han.
Faren peika òg på at han og mora jobba for å få sonen inn til samtalar med barne- og ungdomspsykiatrien (BUP). Det skjedde då veslesøstera vart teken ut av huset, etter at naboen var pågripen.
– Hadde me drive med desse sadistiske overgrepa som han skildrar, så hadde me vel ikkje prøvd å få han inn på BUP.
Dei fornærma barna har forklart seg i mange tilrettelagde avhøyr. Forsvararane og tiltalte har kome med kritikk både mot avhøyra og det som har skjedd mellom avhøyra.
Illustrasjon: Ane Hem / TV 2Erkjenner søk etter overgrepsmateriale
I 2018 vart mannen dømd for nedlasting av overgrepsmateriale. Det erkjente han, og sona i fengsel for.
– Eg sat i fleire år og lasta ned grusomme bilete og videoar. Det var eit ufatteleg svik ovanfor familien min, sa han under den frie forklaringa si.
Eit av tiltalepunkta mot han i denne saka handlar om at han har søkt etter overgrepsmateriale, mellom anna med ord som «incest», «kid» og «animal».
Dette skal ha skjedd frå like etter han vart lauslaten og fram til han vart arrestert igjen.
I retten erkjente han å ha søkt på dei aktuelle søkeorda, men påpeika at han ikkje hadde vore inne på ulovlege nettsider. Altså nektar han framleis straffskuld også på dette punktet.
– Er du pedofil?, spurte aktor.
– Nei, det er eg ikkje. Eg er ikkje ein som ser på småungar når eg er ute og går. Eg reknar ikkje meg sjølv som pedofil, men hetero, svarte faren.
Han skildrar at etter han blei sleppt ut av fengselet då han hadde sona dommen sin, var det fleire ungar som ikkje fekk besøka barna hans.
– Skjønte du det? spurte aktor.
– Ja, det skjønte eg etter det eg hadde gjort.
Det var spesielt sårt for sonen, ifølgje faren.
Jan Henrik Høines forsvarar faren.
Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal– Såg på dei som verdas finaste menneske
Jan Henrik Høines forsvarar mannen i 50-åra. Ifølgje han er faren oppteken av at tiltalane dreier seg om to ulike saker: Han meiner han og familien ikkje har noko med saka til naboen å gjera.
– Min klient er jo far til eit av dei moglege offera i den andre saka, så han får ei veldig ulik rolle der, spesielt fordi han avviser ei kvar form for at det skal ha føregått noko straffbart frå hans side, sa Høines før rettssaka starta.
Det vart også tydeleg då mannen forklarte seg i retten. Tidleg trekte han fram opplevinga familien hadde då naboen vart pågripen.
– Han og familien hadde fungert som støttepersonar. Me såg på dei som verdas finaste menneske. Det var eit utruleg sjokk.
– Som tortur
Statsadvokaten har varsla at det kan bli aktuelt å leggja ned påstand om forvaring for faren.
– Det er noko han tek veldig alvorleg. Han tenkjer det gjer at det i saka blir enda viktigare for han å få fram kva som har skjedd, sa Høines før rettssaka skulle starta.
Bakgrunnen for at forvaring kan bli aktuelt er dommen frå 2018.
– Det er oppnemnt to psykiatrisk sakkunnige, ein psykiater og ein psykolog. I denne saka er det eit tema om forvaring er ein aktuell reaksjon, og det er derfor desse er oppnemnde, seier aktor Greve.
Aktor Ellen Cathrine Greve seier det kan bli aktuelt å be om forvaringsdom for faren.
Foto: Maria Gunnarsdotter SvedalSjølv er faren tydeleg på at han ikkje har gjort det han er tiltalt for.
– Når du sit i Bergen fengsel for noko du ikkje har gjort er det som tortur. Du har ikkje mareritt, men du vaknar til eit mareritt kvar dag, sa han.
Dette er dei fire tiltalte
Mann i 50-åra
- Far til to av dei fornærma.
- Tiltalt for grov valdtekt av sonen og dottera. Overgrepa skal ha skjedd ved fleire anledningar og over fleire år.
- Begge barna var under ti år gamle då overgrepa starta. Fleire av overgrepa skal ha skjedd mot begge barna samtidig.
- Faren skal også ha tvinga den yngste sonen til å utføra overgrep mot den yngre søstera si.
- Er også tiltalt for seksuelle handlingar mot sin eigen hund.
- Skal tidlegare vera dømd til 1,5 års fengsel for å ha lasta ned overgrepsmateriale mellom 2013 og 2017.
Kvinne i 40-åra
- Mor til to av dei fornærma.
- Ho er tiltalt for grov valdtekt av sonen og av dottera. Overgrepa skal ha skjedd ved fleire anledningar og over fleire år.
- Ifølgje tiltalen var begge barna under ti år gamle då overgrepa starta.
- Ifølgje tiltalen var ho klar over at sonen blei utsett for overgrep av sin eigen far. Ho skal ha vore til stades under overgrepa utan å gjera noko for å stansa dei.
- Ho skal også ha vist dottera filmar som viser overgrep mot barn.
Mann i 20-åra
- Eldste sonen i familien og storebror til to av dei fornærma.
- Tiltalt for grov valdtekt av si eiga søster og sin eigen bror.
- Overgrepa skal ha gått føre seg over fleire år. Dei skal ha starta då broren og søstera var under ti år gamle.
Mann i 30-åra
- Naboen til dei andre tiltalte i saka og far til ein av dei fornærma.
- Han er tiltalt for grov valdtekt av sin eigen son og nabojenta.
- Overgrepa skal ha skjedd fleire gonger over ein periode på rundt eitt år. Begge barna var under ti år då overgrepa starta.
- I tillegg til å utføra overgrep mot begge to, skal han ha fått dei to til å utføra seksuelle handlingar mot kvarandre.
- Han er mellom anna også tiltalt for å ha teke bilete av dei to barna under overgrepa og for å ha vist dei filmar av overgrep mot barn.