Overgrepstiltalt storebror vil ha veslebroren sin inn i rettssalen
Advokat Alexander Sele (biletet) har sendt eit krav til Hordaland tingrett der han ber om at eit av dei fornærma barna skal møta i retten. Sele forsvarar mannen i 20-åra som er tiltalt for grove overgrep mot sine to yngre søsken. Også mora og faren hans er tiltalte for overgrep mot guten og jenta. I tillegg er ein nabo tiltalt.
Retten har tidlegare sett timevis av tilrettelagde barneavhøyr med den fornærma guten, fordi barn i utgangspunktet skal sleppa å forklara seg i retten. Fordi guten no er over 16 år gamal, meiner Sele at han har møteplikt. BT skriv at grunnen er at Sele meiner storebroren ikkje har fått stilla spørsmål til veslebroren sin i saka, fordi ti av dei elleve avhøyra som blei gjort med han skjedde før storebroren vart arrestert.
Både aktor Ellen Cathrine Greve og bistandsadvokat Beate Hamre har ytra at det vil vera ei belastning for guten å møta i retten. Dei meiner det heller kan gjennomførast eit nytt tilrettelagt avhøyr.
Retten skal ta stilling til om veslebroren skal vitna i retten på fredag denne veka.