– Heile livet mitt blei øydelagt og forandra på to sekund.
Det sa den tiltalte mora i byrjinga av forklaringa si i Hordaland tingrett måndag. Ho var tydeleg prega av situasjonen og tok til tårene fleire gonger under forklaringa.
– Det er ingen som kan setja seg inn i dette om dei ikkje har opplevd å få falske skuldingar av verste sort på jord mot seg.
Ho er tiltalt for grove valdtekter mot sine to yngste barn.
Kvinna i 40-åra er òg tiltalt for å ha vore til stades medan far i familien forgreip seg på både sonen og dottera. I tiltalen står det at ho ikkje gjorde noko for å hindra overgrepa.
Overgrepa gjekk føre seg over fleire år.
I tillegg til mora og faren er også den eldste sonen deira og ein mann frå same nabolag tiltalte i saka som har sjokkert vestlandskommunen dei budde i.
– Me har ikkje så mykje erfaring med kvinnelege overgriparar. Me har Alvdal-saka og nokre andre litt større saker.
Det sa Tone Davik frå Kripos då ho vitna tidlegare i saka. Ho er fagspesialist innan tilrettelagde avhøyr av barn.
– Lite erfaring med denne typen saker
Davik viste til forsking som viser at det er svært vanskeleg for barn å fortelja om seksuelle overgrep.
– Dei held tilbake og held tilbake og held tilbake. Dei grovaste tinga sit lengst inne, sa ho.
Ho forklarte at ein nær relasjon gjer sjansen for at barna klarar å fortelja mykje mindre, fordi lojaliteten er sterk.
Vidare viste ho til forsking som seier at terskelen for å fortelja blir enda høgare om overgriparen er ei kvinne.
– Men studien er tydeleg på at me har for lite erfaring med denne typen saker.
I ein forskingsartikkel, mellom anna omtalt i Psykologitidsskriftet, heiter det at det kan vera mørketal omkring potensielle overgrep gjort av kvinner.
Knut Hermstad frå RVTS Midt.
Foto: Ole Marius TrøenSexolog og rådgjevar ved RVTS Midt, St. Olavs hospital, Knut Hermstad, seier til NRK at det finst lite data på dette.
– Det er eit faktum at delen kvinnelege gjerningspersonar innan seksuelle overgrep er lågare enn menn. Men skilnaden er nok lågare enn det ein får inntrykk av gjennom rettsvesenet, seier han.
Men det er lite forsking på kvifor.
– Då er ein over på meir «common sense-forklaringar», der ein ser på tradisjonelle kjønnsrollemønster, at ein ikkje trur kvinner kan gjere slike overgrep og andre liknande forklaringar, seier Hermstad.
Forlet salen fleire gonger
Advokat Astrid Aksnes forsvarar mora.
– Ho kjenner seg ikkje att i skildringane av det ho er tiltalt for, sa Aksnes før rettssaka starta.
Astrid Aksnes forsvarer mora i rettssaka.
Foto: Maria Gunanrsdotter Svedal / NRKMora har tidlegare i rettssaka fått forlata salen ved fleire høve.
Forsvararen forklarer at det er fordi ho har meir enn nok med saka ho sjølv er tiltalt i.
– Det blir for mykje å samtidig ta innover seg all informasjonen som dottera kjem med i saka som gjeld naboen. Det er ei alvorleg sak og detaljar som ho seier ho ikkje klarar å ta innover seg akkurat no.
Då retten skulle i gang med avspeling av over 50 timar med tilrettelagde avhøyr, fekk mora lov til å forlata salen under dei avhøyra som gjeld naboen si sak.
Han er tiltalt for grove overgrep mot dottera hennar og mot sin eigen son.
I tillegg forlét ho salen då naboen skulle forklara seg i førre veke.
Trudde først mannen var skuldig
Då faren til barna vart pågripen, trudde mora han var skuldig.
– Eg trudde på det barna og politiet fortalde, sa ho i retten. Faren til barna er tidlegare dømd for oppbevaring av overgrepsmateriale.
Men så vart også ho sikta.
– Eg fekk sjokk. Her er det sjokk på sjokk heile tida, sa ho.
I dag meiner ho at også faren til barna er uskuldig.
Alle dei fire tiltalte nektar straffskuld og seier det aldri har skjedd overgrep. Dei er kritiske til barnevernet og politiet sitt arbeid og meiner barna kan ha blitt påverka til å gi falske forklaringar.
Det er sett av ti veker i retten til saka, dette er den femte veka.
Dei første tre vekene blei brukte på å sjå over 50 timar med tilrettelagde avhøyr med dei fornærma barna. I førre veke starta dei tiltalte på sine forklaringar.
Etter at mora har forklart seg ferdig står den tiltalte storebroren for tur.
Så skal over 100 personar vitna.
Dette er dei fire tiltalte
Mann i 50-åra
- Far til to av dei fornærma.
- Tiltalt for grov valdtekt av sonen og dottera. Overgrepa skal ha skjedd ved fleire anledningar og over fleire år.
- Begge barna var under ti år gamle då overgrepa starta. Fleire av overgrepa skal ha skjedd mot begge barna samtidig.
- Faren skal også ha tvinga den yngste sonen til å utføra overgrep mot den yngre søstera si.
- Er også tiltalt for seksuelle handlingar mot sin eigen hund.
- Skal tidlegare vera dømd til 1,5 års fengsel for å ha lasta ned overgrepsmateriale mellom 2013 og 2017.
Kvinne i 40-åra
- Mor til to av dei fornærma.
- Ho er tiltalt for grov valdtekt av sonen og av dottera. Overgrepa skal ha skjedd ved fleire anledningar og over fleire år.
- Ifølgje tiltalen var begge barna under ti år gamle då overgrepa starta.
- Ifølgje tiltalen var ho klar over at sonen blei utsett for overgrep av sin eigen far. Ho skal ha vore til stades under overgrepa utan å gjera noko for å stansa dei.
- Ho skal også ha vist dottera filmar som viser overgrep mot barn.
Mann i 20-åra
- Eldste sonen i familien og storebror til to av dei fornærma.
- Tiltalt for grov valdtekt av si eiga søster og sin eigen bror.
- Overgrepa skal ha gått føre seg over fleire år. Dei skal ha starta då broren og søstera var under ti år gamle.
Mann i 30-åra
- Naboen til dei andre tiltalte i saka og far til ein av dei fornærma.
- Han er tiltalt for grov valdtekt av sin eigen son og nabojenta.
- Overgrepa skal ha skjedd fleire gonger over ein periode på rundt eitt år. Begge barna var under ti år då overgrepa starta.
- I tillegg til å utføra overgrep mot begge to, skal han ha fått dei to til å utføra seksuelle handlingar mot kvarandre.
- Han er mellom anna også tiltalt for å ha teke bilete av dei to barna under overgrepa og for å ha vist dei filmar av overgrep mot barn.