Hopp til innhold

Barnevernstilsett vitnar i overgreps­sak: – Me som samfunn har svikta

Den barnevernstilsette vitna i den grove overgrepssaka i ein vestlandskommune. Ho håpar samfunnet tek lærdom av det som kjem fram i denne saka.

Overgrepssak Hordaland tingrett

I VITNEBOKSEN: Ei kvinne tilsett i barnevernet i kommunen vitna i overgrepssaka der fire vaksne er tiltalte for overgrep mot til saman tre barn.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRK

– Eg tenkjer at me som samfunn har svikta både veslebror, storebror og veslesøster. Sjølv om barna ikkje har fortalt så mykje verbalt så har dei fortalt på andre måtar.

Det sa ein representant frå barnevernet då ho vitna i Hordaland tingrett måndag.

– Eg håpa at legar, helsestasjonar, familievernstasjonar, BUP og ikkje minst barnevernet kan læra av dette.

Fire vaksne frå same nabolag er tiltalte for grove valdtekter av barn.

Eit foreldrepar og deira eldste son er tiltalte for overgrep mot dei to yngste barna i familien, ein gut og ei jente.

Naboen deira, ein mann i 30-åra, er òg tiltalt for overgrep mot jenta. I tillegg er han tiltalt for overgrep mot sin eigen son.

Alle dei tre barna var under 10 år gamle då overgrepa starta.

Over hundre vitne

Rettssaka har vart i fem veker. Dei tre første vekene brukte retten på å sjå gjennom alle dei tilrettelagde avhøyra som er gjort med dei tre fornærma barna.

Så starta dei tiltalte på sine forklaringar.

Medan barna forklarar at dei vaksne har utført grove overgrep, seier dei vaksne at ingenting av dette har skjedd.

No skal retten få høyra over hundre vitne, og først ut er barnevernet.

Overgrepssak Hordaland tingrett

Over hundre personar skal vitna i overgrepssaka.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRK

Representanten som vitna har vore involvert i sakene til alle dei tre fornærma barna.

– Når overgrep skjer som ein daglegdags ting så blir det for barna normalt, sa ho. Ho peika på at det tok lang tid for barna å forstå at ikkje alle barn opplevde slike ting heime.

– Eg har blitt glad i desse barna, og eg skulle gjort kva som helst for at dei skulle hatt ein anna oppvekst enn dei har hatt, sa ho.

Tre bekymringsmeldingar

I denne saka har det kome totalt tre bekymringsmeldingar til barnevernet. Det første varselet kom i 2018.

Det året vart faren i familien dømd til fengsel for å ha lasta ned og oppbevart overgrepsmateriale.

Bekymringsmeldinga til barnevernet handla om utsegner barna hadde kome med til andre barn. Mellom anna skal eit av barna ha sagt «Når mamma er seint på jobb, må eg kle av pappa».

Ei stund etter soning flytta faren heim att til kona og dei to yngste barna.

Hausten 2020 fekk barnevernet to nye bekymringsmeldingar. Desse uttrykte uro om relasjonen mellom naboen og dottera i familien. Meldaren meinte det var ubehageleg å sjå på det nære forholdet.

Det førte til at ballen byrja å rulla: Barnevernet varsla politiet og naboen vart arrestert hausten 2020.

I 2021 vart foreldreparet arresterte og i 2023 deira eldste son.

Då naboen vart arrestert, vart jenta teken ut av heimen. Barnevernsrepresentanten var då med på familiesamvær fleire gonger i veka.

Ho fortel at ho mellom anna reagerte på korleis faren løfta jenta og bar henne rundt.

– Han veit jo at ho fortel om overgrep gjort av naboen. Eg tenkjer at ein kanskje vil vera forsiktig med kor ein held på kroppen hennar, sa ho, og trekte mellom anna fram at faren heldt armen sin mellom beina til jenta.

Den tilsette skildrar at ho blei teken godt imot i heimen, men likevel opplever at noko ikkje stemmer.

– Eg ser ikkje vald, eg ser ikkje overgrep og eg ser ikkje rus, men likevel blir eg bekymra.

Ho skildra foreldre som ikkje set grenser for barna, som ikkje trøystar dei og som ikkje møter dei emosjonelt.

– Foreldra seier ofte at dei er så gode foreldre – at dei faktisk er betre enn 70 % av dei som bur i kommunen. Eg får aldri tak i kor dei har dette talet frå.

Ho fortalde i retten at summen av alt ho observerer gjer henne meir og meir uroleg.

tegning fra rettsalen

På tiltalebenken sit mor, far, storebror og nabo saman med forsvararane sine.

Foto: Ane Hem

Meiner barna kan ha blitt påverka

Forsvararane til dei tiltalte meiner politi og barnevern har hatt unaturleg mange samtalar med barna, og at dei har tilrettelagt for samvær mellom barna.

– Det gjer at me meiner barna kan ha blitt påverka i forkant av avhøyra, seier Alexander Sele som forsvarar storebroren.

Representanten frå barnevernet var tydeleg på at ho ikkje har gjort noko for å påverka barna.

– Eg har ingenting å tena på dette. Eg har ingen interesse av å påverka barna til å fortelja usanningar om familien sin. Og ikkje ville eg klart det heller – desse barna er lojale.

Dei tre fornærma er avhøyrde høvesvis ni, tolv og femten gonger. Det utgjer 50 timar med avhøyr som retten har sett gjennom. I tillegg skal det spelast av opptak som barnevernet har gjort av samtalar med barna.

Barnevernet bad om å bli granska

Barnevernet bad sjølv om å bli granska då både naboen og foreldreparet var tiltalte.

I vinter opna Statsforvaltaren tilsynssak rundt handteringa deira av saka, slik dei bad om.

– Det er umogleg å tenkja seg i ei sånn kompleks sak at barnevernet vil gjera alt rett til kvar tid, sa ordføraren då.

Statsforvaltaren kan i dag ikkje anslå kva tid tilsynet blir ferdig.

Les også: Tiltalt i overgrepssak hadde kontakt med nabojente (8) åtte gonger om dagen

tegning fra rettsalen