Hopp til innhold

Vestleg kritikk skapte ein motreaksjon – slik samlar VM ein heil region

Medan fotball-VM i Qatar har vorte møtt med fordømming og kritikk i store delar av Vesten, bidreg meisterskapen til stoltheit og foreining i den arabiske verda.

MP45OX9c6bk

ARABISK STØTTE: «Alle» i den arabiske verda håpar no på Marokko i VM. Meisterskapen har skapt foreining og fellesskap blant arabarane. Her frå Doha då Marokko tok seg vidare frå gruppespelet. No er dei klare for VM-semifinale som første afrikanske land.

Foto: MARTIN DIVISEK / EPA

Det er jo ein enorm kontrast frå korleis ein ser på VM i Midtausten. Qatar-VM har bidrege til ei arabisk stoltheit, fortel førstelektor i Midtausten-studium ved Universitetet i Oslo, Dag Henrik Tuastad, til NRK.

Dette blir stadfesta av tunisiske Raed Lamtii, som NRK møter på gata i Doha. For første gong blir det arrangert fotball-VM i Midtausten, og det er stort for folket i regionen å kunne ynskje velkommen til deira del av verda.

Det er ei stor ære for oss som arabarar og muslimar. Du veit, media endrar alt om muslimar. Dei kjenner oss berre som terroristar og dårlege ting, men vi får vist at vi er gode menneske med stor gjestfridom for alle. Vi aksepterer alle nasjonalitetar. Alle er velkomne, seier Lamtii.

Bilel Mekni, Raed Lamtii

STOLT: Tunisiarane Bilel Mekni og Raed Lamtii er stolt over at VM blir arrangert i eit arabisk land.

Motreaksjon

Før VM uttalte Fifa-president Gianni Infantino at VM var ei moglegheit for Qatar og Midtausten til å «presentere seg sjølv for verda». Tuastad meiner at Qatar i mange sine auge har lykkast med nettopp det, gjennom å arrangere ein velorganisert og trygg meisterskap.

Det vestlege biletet av Midtausten som ein kaotisk stad har vorte justert. Trass i alle sidene ved Qatar-VM, har det vore eit ganske knirkefritt arrangement, meiner han.

Stoltheita til arabarane rundt Qatar-VM står i sterk kontrast til korleis mediedekninga og debatten rundt meisterskapen har vore i Noreg og andre vestlege land.

Kritikken mot brot på menneskerettar, lovar mot homofili, alkoholservering på stadion og andre aspekt ved VM har skapt ein motreaksjon.

Då NRK snakka med Tuastad for litt over ei veke sidan, trakk han fram at «Vi er alle Qatar» trenda fleire stader i Midtausten.

Der ser ein også at ein har fått ein reaksjon mot europeisk arroganse, for ikkje å seie orientalisme. Frå eit nordeuropeisk perspektiv leitar ein etter ting som er feil, heller enn å skildre ærleg det som går føre seg.

Menneskerettigheitsorganisasjonen Amnesty International har til liks med vestleg presse retta eit kritisk søkelys mot VM i Qatar.

Dei har mellom anna påpeika landet sine brot på menneskerettane og Fifa si neglisjering av deira forpliktingar.

– Kritikken er ikkje eit forsøk på å trakke ned Qatar, men eit forsøk på å løfte opp migrantarbeidarar som er utsette for systematiske menneskerettsbrot. Både Amnesty og FNs spesialrapportør for rasisme har påpeika at det er ein strukturell, innebygd diskriminering som rammar enkelte folkegrupper i Qatar. Amnesty har avdekt at enkelte selskap lønner tilsette basert på kva etnisitet dei har. Når vi løftar den problemstillinga er det ikkje fordi vi ikkje likar Qatar, men for å klargjere at migrantarbeidarar i Qatar blir utsette for diskriminering, mellom anna basert på etnisitet, seier politisk rådgjevar i Amnesty Noreg, Frank Conde Tangberg.

Marokko feirer seieren over Spania

NYE FAVORITTAR: Menneskje frå den arabiske verda håpar no på Marokko i fotball-VM.

Foto: GLYN KIRK / AFP

Forskjellig syn

I fleire vestlege land vart ein fanparade før VM skulda for å vere eit qatarsk PR-stunt med falske supporterar. I andre delar av verda vart paraden dekt i positive ordlag.

Overfor NRK beskriv Fifa skuldingane frå Vesten som «skuffande, men ikkje overraskande», og seier at lidenskapen til desse supporterane er like autentisk som hos folk i Europa.

Mari Norbakk er forskar og sosialantropolog ved Chr. Michelsens Institutt, med Qatar som eit av spesialfelta sine. Ho meiner mediedekninga av landet manglar nyansar, både når det gjeld migrantarbeidarane og menneska som kjem frå Qatar.

OWYJDG-zf5U

EKTE FANS? Desse supporterane vekte oppsikt før VM. Dei var migrantarbeidarar i Qatar, men heia på andre nasjonar.

Foto: HAMAD I MOHAMMED / Reuters

– Eg har venner i Qatar, som er migrantarbeidarar og «hardcore» fotballsupporterar. Viss dei er frå land som ikkje nødvendigvis spelar i VM sjølv eller har eit sterkt landslag, så heiar dei på andre land, seier Norbakk.

I ein timelang monolog før VM langa Infantino ut mot kritikken mot Qatar-VM.

Han kalla mellom anna delar av kritikken for «rasistisk». Liknande ordbruk har blitt brukt av andre som slår tilbake mot ulik form for kritikk frå europeiske land.

– Fifa og Qatars Supreme Committee har fora opp under narrativet om at kritikken som har komme er rasistisk, og sagt at Europa heller burde fokusere på seg sjølv. Når vi tek opp LHBT-rettar i Qatar, snakkar vi på vegner av ein diskriminert minoritet i landet. Qatars kultur blir ikkje berre definert av heteroseksuelle menn. LHBT-personar må også få vere med å definere qatarsk kultur, seier Tangberg i Amnesty.

– Når vi tek opp brot på desse rettane, så gjer vi ikkje det fordi vi ikkje respekterer den lokale kulturen, men vi gjer det fordi sårbare minoritetar blir forfølgde på grunn av identiteten sin. Vi gjer det på vegner av qatarske statsborgarar òg, seier Tangberg.

– Ideen om Europa som arrogant har vorte forsterka

Tuastad brukar protesten til det tyske landslaget etter regnbogebinds-nekten som døme på korleis arabarane no ser på Europa.

I tidlegare meisterskap har menneske i Midtausten halde med tyskarane og andre europeiske land. No gjer dei ikkje det lenger, ifølgje Tuastad.

Viss målet med markeringane var å påverke arabiske haldningar, har det motsette skjedd. Ideen om Europa som arrogant, og med ein skjult rasistisk dagsorden, har vorte forsterka, seier Tuastad.

NRKs Midtausten-korrespondent, Yama Wolasmal, seier mange arabarar opplever at det har vorte køyrt ein svertekampanje mot Qatar.

– Rasisme mot arabarar, dobbeltmoral og hykleri samanfattar kjensla mange i Midtausten sit med etter den vestlege kritikken mot Qatar-VM. Dei fleste arabarar og muslimar meiner at vestlege journalistar har innteke rolla som aktivistar og har køyrt ein svertekampanje mot Qatar, seier Wolasmal.

Qatar - Yama Wolasmal står blant skyskraperne i Doha, hovedstaden i landet.

VM-REPORTER: Yama Wolasmal har dekt fotball-VM i Qatar for NRK.

– Mange lurar på kvifor vestlege land ikkje kravde boikott av OL og VM i Kina og Russland. Qatararane eg har snakka med seier: Vestlege leiarar kjem springande til oss når dei treng gass og vil selje våpen, men under VM er vi plutseleg det verste landet på jorda, seier korrespondenten.

Han fortel at VM har vore eit «kjærkomme avbrekk for folk frå heile den arabiske verda».

– Arabarar har strøyma til Doha for å oppleve meisterskapen. Dei aller fleste eg snakkar med seier at dei er stolte av det Qatar har fått til. At meisterskapen har gitt arabarane eit sjølvtillits-løft som gjer at mange tenkjer: Sjå, vi kan også få til noko heile verda følgjer med på, seier Wolasmal.

Blir sameint om Marokko

Sabouha Rabih frå Irak har vore i Qatar i éin månad. Han sit godt plassert i skuggen når NRK spør om eit intervju og snakkar med glede om kva denne meisterskapen betyr for han.

Sabouha Rabih

STOLT: Irakaren Sabouha Rabih ynskjer å vise fram regionen til folk frå Vesten.

Det er veldig viktig for oss og det arabiske folket at den vestlege verda blir kjend med oss, kulturen vår og religionen vår. Korleis vi tenkjer, jobbar, morar oss – arabiske land handlar ikkje om krig og terrorisme, seier han.

Då VM starta var fire arabiske land med. No er det berre Marokko igjen. Etter at dei slo Spania og tok seg vidare til kvartfinalen, braut det ut jubel i store delar av den arabiske verda, eit område med fleire hundre millionar innbyggjarar.

Laurdag blei Marokko det fyrste afrikanske landet til å nå ein VM-semifinale.

Marokko

AVGJORDE: Youssef En-Nesyri scora det einaste målet mot Portugal i VM-kvartfinalen laurdag kveld.

Foto: Martin Meissner / AP

Det handlar nok om behovet for suksess og stoltheit, meiner Tuastad er bakgrunnen for den arabiske foreininga rundt Marokko.

Abdullah Al-Arian har skrive boka «Fotball i Midtausten: Stat, samfunn og det vakre spelet». I ein artikkel hos The New York Times skriv han at noko av kritikken mot Qatar-VM «har rot i falske skuldingar om at Midtausten manglar fotballhistorie».

Ifølgje Al-Arian har fotballen stått sterkt i regionen i eit hundreår. Det fortel også qatarske Khalid Alhajaji til NRK.

Khalid Alhajaji

FAN: Qatarske Khalid Alhajaji fortel at det er lange fotballtradisjonar i landet.

Eg er ikkje samd med alle som seier at vi ikkje er ein fotballnasjon. Kva definerer ein fotballnasjon? Den yngste eg har heime, er fem år. Han elskar fotball. For oss har det vore ein arv med fotball sidan 30-40-talet, seier han.

Heilt sidan Qatar vart tildelt VM i 2010, har det komme skuldingar om korrupsjon. For tunisiske Lamtii er ikkje det eit hinder for at ein kan kose seg med fotballen.

Nei, dette er Fifa. Det er fotball. Vi bryr oss ikkje om politikk eller noko anna. Her må du gå og heie på laget ditt, nyte det og vere glad. Vi bør integrere alle saman: Muslimar, kristne, jødiske – alle saman. Det er fotball. Det er noko alle kan samlast om, ingen politikk, seier han.

Meiner VM forsterkar panarabismen

Den avdøde palestinske poeten Mahmoud Darwish meinte at fotballen representerer eit svært velkomme pusterom i Midtausten, og Al-Arian meiner at den arabiske våren forsterka kjensla av fotball som ei sameinande kraft.

Tuastad meiner at den politiske utviklinga under den arabiske våren på starten av 2010-talet svekte panarabismen, ein slags felles arabisk nasjonalisme. Dette har endra seg igjen i samband med VM.

No følgjer arabarane dei arabiske landa så langt som mogleg i VM. No er det Marokko ein heiar på. Eit anna uttrykk for panarabismen er måten det palestinske flagget har dukka opp overalt under VM. Saka til palestinarane døydde med den arabiske våren, og Saudi-Arabia fjerna seg frå den palestinske saka. No blir Palestinas flagg brukt som eit motsvar til å vifte med Pride-flagget.

Palestina Qatar flagg

FREE PALESTINE: Palestina-flagget blir veiva høgt og ofte under VM i Qatar.

Foto: Ariel Schalit / AP

Rabih frå Irak kjenner også på eit arabisk fellesskap. Sjølv om han er frå Irak, kjenner han tilhøyrsel til meisterskapen lenger sør i den persiske gulfen.

Dette er ikkje berre for qatararar. Det er for alle arabarar og heile Midtausten. Arabiske land har den same kulturen og det same språket. Vi har mykje til felles. Dei blir kjende med alle oss, ikkje berre qatararar. Kvar dag har eg vorte spurd her om kva eg synest om Vesten, og korleis det er i Irak. Då har eg spurt tilbake korleis det er å vere i Qatar, og dei har det kjempebra, seier han.

Det er derimot godt dokumentert at det ikkje er tilfelle for mange migrantarbeidarar.

Tidlegare har Amnesty konkludert med at 15.000 utanlandske statsborgarar har døydd i Qatar i perioden frå 2010 til 2019. VM-sjefen hevda nyleg at 4–500 menneskje har døydd under bygginga av meisterskapen.

– Du vil oppleve migrantar som er stolte over å ha bygd fantastisk flotte stadion, sjølv om dei har slite og vorte diskriminert. Det er naturleg å kjenne på den stoltheita. Det er lov for Qatar å vere stolt over å ha fått VM, men dei burde ikkje vere stolte av dei systematiske menneskerettsbrota som har vorte gjort i over eit tiår for å kunne arrangere meisterskapen. Det er det absolutt ingen grunn til å vere stolt av, og ein burde ikkje trivialisere kva som har skjedd ved å peike på at det skjer forferdelege ting andre stader i verda, seier Tangberg i Amnesty.

Retting: I ein tidlegare versjon av denne saka stod det at ein jubla for Marokkos VM-bragd i heile den arabiske verda – inkludert Vest-Sahara. Men Marokko er av FN fordømt for okkupasjonen av Vest-Sahara. Endringa vart gjord søndag klokka 14.59.

WCup Morocco Spain Soccer

SKYSKRAPAR: Høghusa i Doha lyst opp i det marokkanske flagget.

Foto: AP

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal