Hopp til innhold

Fleire får slankemiddel på blå resept

Salet av slankemedisinar har skote i vêret. – Pasientane risikerer å gjere seg avhengige av eit medikament vi ikkje kjenner langtidsverknadene av i stor nok grad, seier leiaren i Landsforeningen for overvektige.

Slankemedisin som sprøyte

SNART I MÅL: Monica Stava frå Kopervik er blant dei som brukar slankemedisin i form av ei sprøyte. Målet er å gå ned 32 kilo, og ho har allereie kvitta seg med 27. Men slankemedisinar er ikkje for alle.

Foto: Håkon Mannsåker / NRK

Så langt i år har det blitt selt godt over 85.000 pakningar med slankemedisin i Noreg. I heile fjor var talet knappe 35.000 pakningar.

– Det er verkeleg ein kraftig auke, seier medisinsk fagdirektør Steinar Madsen i Statens legemiddelverk.

Madsen har ein teori om kva som kan vere årsaka.

– Har det noko med pandemien å gjere? Har folk sete stille og lagt på seg slik at det er eit auka behov for slankemiddel? Dette må vi sjå litt nærmare på, seier han.

Sal av slankemedisinar

År

Tal på pakningar

2019

23.436

2020

34.961

2021*

85.319

Tabellen viser sal av slankemedisinane Mysimba, Xenical og Saxenda på apoteka dei siste åra. *: Hittil i år. Kilde: Apotekforeningen.

Ein kan kjøpe tre ulike slankemedisinar på apoteka. Mysimba og Xenical er tablettar, Saxenda er ei sprøyte.

Viss ein ber fastlegen sin søkje om individuell refusjon, kan ein få medisinen på blå resept. Da må ein ha kroppsmasseindeks (BMI) på meir enn 35 pluss tilleggssjukdommar, eller BMI over 40. Det er Helfo som seier ja eller nei til søknaden.

Tal på søknader om slankemedisin på blå resept

År

Avslått

Innvilga

Totalt

2019

354

472

826

2020

1625

5756

7381

2021*

1565

17.062

18.627

Tabellen viser talet på søknader om å få slankemedisin på blå resept. *: Hittil i år. Kilde: Helfo.

Talet på innvilga søknader er nesten tre gonger så høgt hittil i år som i heile fjor.

– Tala tydar på at ordninga med å søkje om individuell refusjon har blitt betre kjent blant legane. Og at kriteria er tydelege, seier Madsen.

Steinar Madsen, medisinsk fagdirektør i Statens legemiddelverk.

Medisinsk fagdirektør Steinar Madsen i Statens legemiddelverk.

Foto: Statens legemiddelverk

Spørjande til den auka bruken

Leiar Mari-Mette Graff i Landsforeningen for overvektige meiner det er rett at pasientar kan få slankemedisin på blå resept og sleppe høge utgifter til helsehjelp.

Men ho er også spørjande til den auka bruken.

– Pasientane risikerer å gjere seg avhengige av eit medikament vi ikkje kjenner langtidsverknadene av i stor nok grad. Det er viktig å kartlegge alle biverknader, seier ho.

Mari-Mette Graff

Mari-Mette Graff er leiar av Landsforeningen for overvektige.

Foto: Maria Langaard

Landsforeningen for overvektige meiner kvar enkelt må få kartlagt årsaka til si fedme. Berre slik kan dei få god nok hjelp.

– Mange bruker mat for å regulera kjenslene dine. Ein medisin som gir mindre appetitt vil ikkje gjere det enklare å handtere kjensler, seier Graff.

27 kilo på sju månader

Monica Stava (48) frå Kopervik har brukt slankemedisin sidan 1. mars i år. På sju månader har ho gått ned 27 kilo.

– Det har vore heilt fantastisk. For meg har dette vore som ein tryllemedisin, seier ho.

Monica Stava

Monica Stava.

Foto: Håkon Mannsåker / NRK

Stava blei slankeoperert for ei tid tilbake, noko ho var svært nøgd med. Men for tre år sidan blei ho sjuk. Lite fysisk aktivitet og medisinbruk gjorde at kiloa kom krypande tilbake.

Stava hadde høyrt om slankemedisin via kjenningar, og legen hennar anbefalte Saxenda.

Ho har kjent lite til biverknader, men er tydeleg på at det er hardt arbeid å gå ned mykje i vekt.

– Ingenting kjem gratis. Eg har lagt om kosthaldet og beveger meg så mykje eg kan.

– Ikkje mirakelkurar

Stava får slankemedisinen på blå resept. Det betyr at ho betaler ein eigendel på 173 kroner i månaden. Medisinen kostar derimot 3000 kroner i månaden med full pris.

– Medisinane er veldig dyre, men billigare enn slankeoperasjon. Fleire må få vite om dei, inkludert fastlegane. Med slankemedisin kan du sleppa ein omfattande slankeoperasjon, seier ho.

Madsen i Legemiddelverket meiner det er positivt at fleire bruker slankemedisin fordi overvekt fører med seg fleire helseplager.

Men medisinar er ikkje for alle.

– For dei aller mest overvektige er nok slankeoperasjonar meir effektivt. Medisinane er ikkje mirakelkurar, seier Madsen.

Flere nyheter fra Rogaland